Når språket stemplar

No image

– Vi fekk unison tilbakemelding om at vi ikkje skulle stemple psykisk sjukdom med ordet alvorleg, fortel psykiater Kristin Lie Romm ved Oslo universitetssjukehus. Ho meiner helsevesenet har noko å lære av beskjeden det fekk under brukartestinga av nye nettsider.

AV ASTRID MARIE GROV

Kristin Lie Romm er psykiater og seksjonsleiar ved regional kompetanseteneste for tidleg intervensjon ved psykose ved Oslo universitetssjukehus (OUS). Saman med kollegaer har ho laga nye nettsider til hjelp for pasientar som er råka av alvorlege psykiske lidingar, ei medisinsk fellesnemning som særleg omfattar bipolar liding og psykose. Undervegs i arbeidet med nettstaden vart menneske som sjølve var eller hadde vore råka av desse sjukdomane, inviterte til å seie meininga si. Romm fortel at det gav henne ei språkleg aha-oppleving.

– Vi hadde tenkt å bruke opningsteksten «For deg med alvorlig psykisk lidelse» på nettstaden, for å skilje sjukdomane frå lettare psykiske lidingar. Men under brukartestinga fekk vi unison tilbakemelding om at ordet alvorlig måtte ut, og at ingen av brukarane hadde lyst til å lese vidare med den inngangen. Det dei ønskte å finne på nettsidene, var noko som gav håp om betring.

Kontraproduktivt

Kristin Lie Romm seier ho har nokre tankar om kvifor brukarane reagerte som dei gjorde. – Ordet alvorleg bidreg til å gjere sjukdomen til ein større del av eit menneske enn det treng å vere. Pasientane som lever med slike diagnosar, ser jo som regel at dei er så mykje meir enn diagnosen sin. Eg trur ordet gjer at ein tenkjer på diagnosen og sjukdomen som noko meir permanent. Pasientane vil oppleve at livet går opp og ned, og då er det ikkje heldig med eit konstant «alvorleg»-stempel frå helsevesenet. Det blir kontraproduktivt, for det siste vi vil, er at pasientane skal misse håpet om å bli friske.

Det var ikkje berre reaksjonane på bruken av ordet alvorleg som overraska Romm og kollegaene hennar. På førehand hadde dei tenkt å unngå namna bipolar liding og psykose av frykt for at dei verka stigmatiserande. Tilbakemeldingane frå brukartestinga viste at det slett ikkje var nødvendig. Slik fekk nettstaden namnet psykose-bipolar.no.

– Brukarane syntest det var bra at vi gjekk rett på sak og bruka dei medisinske fagomgrepa, så lenge gjennomgangstonen på nettstaden var positiv og signaliserte håp. Om sjukdomen var alvorleg eller ikkje, vart noko anna.

Heile helsevesenet kan lære av tilbakemeldingane om kva ord pasientar vil bli møtte og ikkje møtte med, meiner Kristin Lie Romm.

– I helsevesenet er vi raske med å definere pasientar ut frå sjukdomen deira, og det skal vi nok vere litt forsiktige med. Eg har ikkje tidlegare tenkt over at eg har definert nokon ved å seie at «du har ei alvorleg psykisk liding», men det er jo det eg gjer. Forsking viser at kreftpasientar som har håp, lever lenger enn dei som ikkje har det. Eg synest kommunikasjonssjefen i Mental Helse Ungdom, Adrian Lorentsson, har samanfatta dette godt: «Helsevesenet er redd for å gje falskt håp, men det bør òg vere redd for falsk håpløyse».

Lærdom for alle

Åse Wetås, direktør i Språkrådet, meiner funna frå brukartestinga ved OUS seier noko viktig om grensene mellom god og dårleg kommunikasjon.

– Dette er eit godt eksempel på at det som ser ut som språklege detaljar, kan vere avgjerande for kommunikasjonen mellom borgarane og det offentlege, seier Wetås.

Ho framhevar at det ikkje berre er helsevesenet som kan lære av erfaringane til Kristin Lie Romm og kollegaene hennar.

– Godt tilpassa kommunikasjon er avgjerande for helsevesenet ettersom det steller med noko så viktig som helsa vår. Men overalt i staten må vi passe på ordvala våre. Det er viktig at folk har tillit til det vi driv med, og til den informasjonen vi sender ut. Dersom vi vel ord som folk ikkje kjenner seg heime i, sluttar dei fort å lese det vi skriv. Då når vi ikkje ut med informasjonen vår, og vi oppfyller samfunnsoppdraget vårt på ein dårlegare måte.

– Eg trur ordet alvorleg gjer at ein tenkjer på diagnosen og sjukdomen som noko meir permanent.

Reaksjonane på ordet alvorleg hjå brukarane ved OUS illustrerer kor viktig det er å kjenne målgruppa si, seier Wetås.

Språklege merkelappar kan heilt klart påverke korleis vi oppfattar verda. Difor er det viktig å brukarteste tekstar for å finne ut kva ordval brukarane reagerer negativt på.

Wetås meiner det er særleg interessant at brukarane fekk negative assosiasjonar til ordet alvorleg, men ikkje til bipolar liding og psykose.

Brukarane godkjende dei medisinske faguttrykka, men ikkje det dei oppfatta som ein normativ merkelapp frå helsevesenet. Av det kan vi lære at det ikkje nødvendigvis er dei prototypiske fagomgrepa som skremmer. Det kan like gjerne vere «vanlege» ord som har negativ verknad, utan at vi som fagfolk tenkjer over det.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:22.03.2018 | Oppdatert:22.03.2022