Ein av fire strevar med helsespråket

No image

Kryptisk informasjon frå helsevesenet fører til uvisse, mistydingar og frustrasjon hos pasientane. Men det finst dei som arbeider for eit klarare helsespråk.

AV LARS IVAR NORDAL

Thore Beck frå Oslo er ein av dei som har opplevd korleis det medisinske språket kan skape vanskar i møte med helsevesenet. Då kona hans vart sjuk, ville han skaffe seg oversyn over plagene hennar. Han bad om innsyn i polikliniske notat og epikrisar – dokument som gjer greie for diagnosane og tilstanden til pasienten.

– Eit av notata eg fekk, var på sytten liner. På desse sytten linene var det atten medisinske ord og uttrykk. Eg meiner at pasienten sjølv må ta ansvar for helsa si, det nyttar ikkje å skuve alt over på legar og sjukehus. Men då må det vere råd å skjøne kva som blir skrive. Kvifor skriv ein til dømes thorax i staden for brystkasse og pneumonia i staden for lungebetennelse? Eg har hatt svært positive erfaringar med det norske helsevesenet, men ikkje når det gjeld kommunikasjon, seier Beck.

Kan bli betre

Forbrukarrådet publiserte i fjor resultata frå ei undersøking om kvalitet i helsevesenet. Undersøkinga viser at det er mange fleire enn Thore Beck som har vanskar med å forstå informasjon frå fastlegen eller sjukehuset. Faktisk seier 22 % av dei spurde at dei har opplevd å få uforståeleg informasjon om helsa si.

– Av dei som har hatt ei negativ oppleving med helsevesenet dei siste tre åra, oppgir nesten halvparten at årsaka er dårleg kommunikasjon. Dette ville vi gjere noko med, seier avdelingsdirektør Anne Kristin Vie i Forbrukarrådet.

Forbrukarrådet starta kampanjen #syktvelkommen i sosiale medium. Der kan folk dele positive og negative historier om møtet med helsestellet.

– Responsen var enorm. Mange tusen menneske har skrive om opplevingane sine. Nokre skil seg ut: Vi fekk eit bilete frå eit legekontor der pasientane vart bedne om å snu seg bort og ikkje puste på legen når dei vart undersøkte. Når eg høyrer om slikt, spør eg meg om legen er til for pasienten eller omvendt, seier Vie.

Ho meiner kommunikasjonen i helsevesenet kan bli mykje betre.

– Med kampanjen ønskjer vi å få helsevesenet til å sjå kommunikasjonen frå ståstaden til pasientane. Den informasjonen vi gir, kan vere avgjerande for helsa til folk. Då er det viktig å gjere seg forstått.

– Mange av klagene som kjem inn til pasientorganisasjonane eller til klageorganet for helsetenesta, gjeld kommunikasjon. Difor må temaet løftast i Helse-Noreg. Det krev at dei ulike aktørane er med på å dra lasset. Både Legeforeningen, helseministeren, helseføretaka og fleire andre må få dette under huda, seier Vie.

Språkarbeid med ringverknader

Ein av dei som arbeider for klarare språk i helsevesenet, er Tore Bratt. Han er kommunikasjonssjef ved Helgelandssjukehuset og har tidlegare leidd eit omfattande arbeid med klarspråk i Statens innkrevjingssentral.

– Vi har fått midlar frå Direktoratet for forvaltning og IKT til å gå igjennom alle brev vi sender ut til pasientane. I tillegg skal vi gå gjennom delar av innhaldet på nettsidene våre. Det kan godt hende at mykje av det er både klart og tydeleg, poenget no er å få eit oversyn, seier Bratt.

Han er viss på at klarare språk fører til færre mistydingar og fleire nøgde pasientar.

– Innkallingsbreva er eit døme: Om ein ikkje skjøner kva som står der, kan ein ikkje førebu seg til behandlinga. Det er også ein føremon å forstå kvar og når ein skal møte.

Ifølgje Bratt kan resultata av språkarbeidet målast på fleire vis:

– I ettertid kan vi sjå om det er færre som spør oss om noko dei ikkje har forstått, vi kan sjå om tala på dei som ikkje møter til timen, går ned, og vi kan spørje folk om dei er nøgde med den informasjonen dei får frå oss.

Arbeidet som er sett i gang ved Helgelandssjukehuset, er eit pilotprosjekt. Erfaringane skal brukast til å gjennomføre eit klarspråksløft i heile Helse nord.

– Mange av systema vi bruker, er felles, så det ville vere dumt å avgrense eit slikt prosjekt til eitt sjukehus. Dessutan blir noko av innhaldet på heimesidene våre nytta på nettsidene til andre helseføretak. Når vi oppdaterer og språkvaskar dette, får det ringverknader langt utover vår eiga verksemd.

Arbeidet med klarare språk og tydelegare kommunikasjon er ikkje gjort over natta. Men Bratt veit kvar han skal byrje.

– Når vi har gått gjennom brev og nettekstar retta mot pasientane, kan vi gå eit steg vidare. Kva med dokument som har helsepersonell som hovudmålgruppe, slik som epikrisar og journalar? Og kva med legelatinen? Det er mange omsyn å ta. Vi må heller ikkje gløyme at når vi pirkar i språket til nokon, så pirkar vi samstundes i identiteten deira. Men det viktigaste er likevel omsynet til pasienten. Det er trass alt dei vi jobbar for.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:15.11.2016 | Oppdatert:22.03.2022