Har tilsett eigen språkrådgjevar

No image

– Godt språk og god formidling skal vere ein integrert del av arbeidet vårt, og difor valde me å tilsetje ein eigen språkrådgjevar. Sporadiske skrivekurs blir rett og slett ikkje nok, seier kommunikasjonssjef ved Forsvarets forskingsinstitutt, Anne-Lise Hammer.

Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) på Kjeller har kring 520 forskarar på fagfelt som spenner frå samfunnsvitskap til teknologi. For vel eitt år sidan tilsette dei ein eigen språkrådgjevar som skal løfte den språklege kvaliteten i organisasjonen. Hovudføremålet er at forskarane skal bli betre formidlarar.

Må få autoritet

– Tidlegare var eg som kommunikasjonssjef nokså aleine om å røkte språket i organisasjonen. For oss var det å tilsetje ein eigen språkrådgjevar resultatet av å gjere forskingsformidling til eit kontinuerleg satsingsområde. Heile leiinga var samde om at me trong ein språkrådgjevar, seier Hammer.

For Hammer er det viktig at stillingstittelen er språkrådgjevar, ikkje språkkonsulent.

– Rådgjevar er ei høgare stilling i staten enn konsulent. Sjølve nemninga verkar kanskje symbolsk, men det er viktig for meg at stillinga får den autoriteten ho fortener. Språk er eit eige fagfelt, og me har medvite tilsett ein språkvitar i stillinga, ikkje ein kommunikasjonsarbeidar.

Ein stor del av tekstmengda hjå FFI er forskingsrapportar, og dei kjem anten på engelsk eller norsk. Organisasjonen har særleg prioritert å betre den språklege kvaliteten i samandraga av rapportane.

– Samandraga våre har blitt tydeleg betre i det siste, og det er me glade for. Me har fyrsteklasses forskarar i denne organisasjonen, men evna til å formidle er jo ein eigen kunst. Og det hjelper dessverre ikkje å forske om du ikkje kan formidle. Det skal språkrådgjevaren gjere dei betre til. Hennar rolle er ikkje å språkvaske det dei skriv, men å lære dei å skrive betre og meir forståeleg, seier Hammer.

Avgrense arbeidet

Ålov Runde er språkrådgjevaren i FFI. Ho har hovudfag i nordisk språk og lang erfaring med språkarbeid. Dei ytre rammene for språkrådgjevarstillinga var fastlagde, men mange av stiane har Runde måtte gå opp sjølv. Ho har fått vel så mykje bruk for pedagogen som språkvitaren i seg.

– Eg har brukt god tid på å bli kjend med organisasjonen og finne ut kvar eg skal setje inn kreftene. Det nyttar ikkje å vere nokon streng norsklektor her. Eg må bruke tid på å få vist fram kven eg er, og kva eg kan bidra med. Finne meg eit rom, rett og slett.

Kva har vore den største utfordringa så langt?

– Det har eigentleg vore å avgrense arbeidsfeltet mitt. Som språkrådgjevar blir det fort til at eg får spørsmål om stort og smått som gjeld språk. Men med 520 forskarar seier det seg sjølv at eg ikkje kan ta meg av kommafeila til kvar enkelt, for å seie det slik. Eg går sjølvsagt òg gjennom ein del sentrale tekstar. Men mi rolle er primært å gjere folk til betre skribentar ved hjelp av ulike tiltak, det er altså snakk om hjelp til sjølvhjelp. Eg kjem til å ta utgangspunkt i mykje som er gjort i klarspråkarbeidet.

– Noko av det som står for tur no, er å ha ei fast spalte på intranettet, der eg tek opp ulike språklege tema som eg ser det er behov for.

Finne nynorskbrukarane

Ei anna viktig oppgåve for Runde er å utarbeide ein eigen språkprofil for FFI, som blir ein viktig reiskap for dei tilsette.

– Blant anna skal eg etablere ein eigen standard for kva former me brukar. Skal det til dømes heite fram eller frem? Slikt skal språkprofilen ta stilling til.

Som einsleg språkrådgjevar i ein stor organisasjon har du ikkje mange å diskutere ting med?

– Nei, her på huset er eg aleine. Det kan eg merke når spørsmåla blir vanskelege. Men eg har skaffa meg eit nettverk av likesinna rundt omkring i staten. Elles er det fint å ha nokon å ringje til om vanskelege spørsmål som dukkar opp, blant anna i Språkrådet.

Runde har òg jobben med å få FFI til å skrive meir på nynorsk.

– Der er me langt unna 25 prosentgrensa, det kan eg berre seie med ein gong. Men FFI har faktisk ein del nynorskbrukarar, og det ligg alltid fleire «skjulte» i ein stor organisasjon. Utfordringa er å finne dei og få dei til å skrive nynorsk. Når ein nynorskbrukar til dømes skal samarbeide med ein bokmålsbrukar om ein tekst, går det nesten automatikk i at fyrstnemnde «bøyer av» og skriv bokmål. Men slik bør det ikkje vere, iallfall ikkje i ein organisasjon som treng meir nynorsk.

No har du eitt års tid på baken som språkrådgjevar i FFI. Kva er det viktigaste rådet ditt til andre i same situasjon rundt omkring i staten?

– At dei må skunde seg langsamt. Det kjem til å løne seg.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter