Leserspørsmål


Spørsmål: Kva er blaffen i uttrykket «å gi blaffen»? Er det blafring, jamfør «å blåse i noko»?

Svar: Det er truleg ei forkorting av «å gi blanke fa(nd)en», men det kan ikkje utelukkast heilt at det kjem av substantivet blaff.

I Bokmålsordboka står det: «I blaff -en (trolig samme opphav som II blaff) bare i uttrykket gi blaffen i ‘ikke bry seg om, ta hensyn til’». II blaff, som det er vist til ovanfor, tyder mellom anna ‘kort, svakt vindpust’. Eit blaff (i segl o.l.) peikar mot noko kortvarig og fåfengt, men det kan godt hende at du er nærare svaret når du peikar på blåsinga.

Vi finn ikkje noko skriftleg belegg på gi blaffen frå før 1936. Men vi finn hundrevis av «gi blanke blaffen» (frå 1940). Det tyder på at gi blaffen er ein evfemistisk (forskjønnande) kortvariant av gi blanke fa(nd)en. At belegget frå 1936 er frå ei bok med undertittelen «fortelling for unge piker», svekkjer i alle fall ikkje hypotesen om at dette er såkalla nestenbanning, som òg har vore kalla kvinnfolkbannskap.

Uttrykket er særnorsk og har truleg rot i Oslo.

***

Spørsmål: Er tolking ‘det å tolke’, altså selve tolkeprosessen, mens tolkning er produktet eller resultatet av tolkingen?

Svar: Ifølge Bokmålsordboka er det ikke noe klart betydningsskille mellom tolkning og tolking. Det er altså ikke som med paret bygging/bygning, som er et skoleeksempel på det skillet du nevner.

Det er fullt mulig å bruke tolking om handlingen (det rene verbalsubstantivet) og tolkning om resultatet, hvis man ønsker det. Det er et mønster som gjelder for mange liknende ordpar. Men det er nok ikke lett å skille konsekvent mellom formene i praksis, og grunnlaget for det er diskutabelt.

Mange vil gjerne skille på grunnlag av fagområde også, for eksempel mellom dikttolkning med -n- og døvetolking uten. Det logiske grunnlaget for dette er tynt, men det speiler et språkhistorisk mønster: Det ordet som viser til det mest praktiske og direkte, har oftere den særnorske formen (-ing), mens det som viser til «finere» og mer abstrakte ting og sysler, har en form fra skriftfellesskapet med dansk (her: -ning brukt i vanlig verbalsubstantivisk betydning).

En annen måte å gjøre tolking «finere» på, er å legge for- til tolkning, for eksempel bibelfortolkning (= bibeltolking).

Det er ikke obligatorisk å rette seg etter tendensene til mønstre som er omtalt ovenfor. Man kan godt velge den formen som faller mest naturlig, og holde seg til den.

***

Spørsmål: Kan ein seie ein forelder, eller er dette berre eit fleirtalsord?

Svar: Ein kan seie og skrive ein forelder dersom til dømes «ein av foreldra» eller «ei mor eller ein far» fell tungt. Forma forelder er nokså ny. Språkrådet vedtok henne i 1974, noko inspirert av at svenskane hadde teke i bruk en förälder. Det tok tid før denne eintalsforma vart innarbeidd i norsk.

***

Spørsmål: Er dobbeltmoralisme et norsk ord? Jeg vet hva dobbeltmoral og moralisme er, men dobbeltmoralisme gir ikke god mening.

Svar: Dobbeltmoralisme er nok helst en sammenblanding av dobbeltmoral og moralisme. Slik står ordene i Bokmålsordboka:

dobbeltmoral vaklende moral; det å praktisere én moral og dosere en annen, strengere
moralisere ofte nedsettende: preke moral, gi formaninger
moralisme det å legge stor vekt på moral
moralist person som legger stor vekt på moral; person som moraliserer
moralistisk som er preget av moralisme

I betydningen dobbeltmoral er det unødig kompliserende å bruke ordet dobbeltmoralisme. Dersom man måtte sikte til en spesiell form for moralisering på flere nivåer, er det mulig at ordet likevel kan gi mening. Men dét er ikke den vanlige bruken av ordet.

***

Spørsmål: Eg arbeider i Forsvaret, der ordet rasjonale i den seinare tid er vorte litt av eit moteord. Trengst det i norsk, eller er det berre jåleri?

Svar: Den kraftige oppblomstringa av uttrykket frå og med nittiåra kan tyde på at det ofte blir brukt utan at det er heilt naudsynt, for sjølve omgrepet bak er ikkje det minste nytt. Når «rasjonalet bak» berre tyder «grunnen til», «grunnlaget for» «grunngjevinga for» eller «tanken bak», ser vi ingen grunn til å bruke noko anna enn dei tradisjonelle uttrykka.

Men i den mon ordet rasjonale måtte vere naudsynt i fagspråket for å få fram finare filosofiske nyansar, bør det òg brukast der. Vi trur likevel ein kjem langt med fornuftsgrunnlag attåt dei ovannemnde synonyma.

I Norsk ordbok med 1000 illustrasjoner står ordet oppført slik: «rasjonale (et rasjonale – flere rasjonaler) ‘tilgrunnliggende begrepsapparat; samlede prinsipper; fornuftsgrunnlag’ [eng.; substantivering av lat. adv. rationale, sm. ord som rasjonal]».

I skandinaviske ordbøker frå engelsk står ordet forklart om lag slik: «logisk begrunnelse, fornuftsgrunnlag; resonnerende forklaring, resonnerende framstilling, gjennomtenkt framlegging».

***

Spørsmål: Kan ein skriva 10000, eller må det vera 10 000 med mellomrom? Er det ulike reglar for tekst og formlar?

Svar: Det normale er 10 000, anten det er i løpande tekst eller i matematiske oppstillingar. Det finst eitt unntak, og det er i visse rekneark og liknande der maskina ikkje kan rekna rett dersom talet står med mellomrom.

Ved firesifra tal er det valfritt med mellomrom: 1000 eller 1 000. Merk at ein ikkje skal bruka punktum, og at ein bør bruka det som på menyen gjerne heiter «hardt mellomrom», så ikkje nullane dett åleine ned på neste line.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter