To blikk på nynorsk i skulen

No image

Over 70 000 elevar har nynorsk som hovudmål i grunnskulen. Korleis er eigentleg undervisninga for desse elevane? To ferske masteroppgåver gjev oss ny kunnskap.

AV SIGRID SØRUMGÅRD BOTHEIM | FOTO: JOHN ERIK BØE LINDGREN

Kunnskap og haldningar i lærarutdanningane

Ida Marie Jegteberg har skrive masteroppgåve om nynorskkompetanse i grunnskulelærarutdanningane (2021). Ho såg at det fanst ei gruppe lærarstudentar som datt mellom to stolar. Dei som tek grunnskulelærarutdanninga for femte til tiande trinn og ikkje har norsk som fag, har ikkje obligatorisk norskundervisning. Hypotesen hennar var at desse studentane ikkje lærer nynorsk godt nok til å sjølve kunne undervise nynorskelevar, som har krav på undervisning på nynorsk også i andre fag enn norsk.

– Eg fann ut at nynorskkompetansen til studentane ikkje blir sikra i tilfredsstillande grad ved mange utdanningsinstitusjonar i Noreg. Nokre institusjonar prøver å få det til. Dei skriv om det i programplanane sine, og dei har både undervisning i nynorsk og vurderingar av kompetansen.

Andre institusjonar har eit arbeidskrav eller ei oppgåve på nynorsk. Fire av tolv institusjonar tar i programplanane sine opp korleis nynorskkompetansen til studentane skal bli utvikla gjennom undervisning, og fem av tolv inkluderer ei form for vurdering av kompetansen. Det er stor variasjon mellom institusjonane, og det er ofte einskildpersonar som avgjer om det blir gjort noko. Dessutan finst det dårlege haldningar i systemet. Generelt er det lite merksemd om temaet.

Kva konsekvensar har dette for elevar med nynorsk som hovudmål?

– Om elevane ikkje får god undervisning på nynorsk i andre fag enn norsk, blir dei ikkje trygge på sitt eige skriftspråk. Mange føler at dei meistrar bokmål betre enn nynorsk, og da byter dei gjerne hovudmål når dei kjem til ungdomsskulen eller vidaregåande. Dessutan vil haldningane frå lærarane smitte over på dei, noko som går ut over sjølvkjensla, sidan språk og identitet heng tett saman.

Norsk er ikkje eit obligatorisk fag på lærarutdanninga for dei som vel å gå retninga 5–10. Utdanninga har eit ansvar for å sikre at studentane har profesjonsfagleg kompetanse i nynorsk og bokmål, men for dei studentane som ikkje vel norsk, er det ikkje tydeleg kven som skal ha ansvaret for å undervise i nettopp dette.

– Det er ei utfordring at ansvaret ofte blir lagt på kvar enkelt undervisar. Ein undervisar med interesse for temaet lagar gjerne gode opplegg kvart år. Men når denne undervisaren sluttar, forsvinn heile opplegget. Ei anna utfordring er dårlege haldningar, både blant leiingane og lærarutdannarane: Nynorsk blir ikkje sett på som noko viktig eller noko ein får bruk for, seier Jegteberg.

Om elevane ikkje får god undervisning på nynorsk i andre fag enn norsk, blir dei ikkje trygge på sitt eige skriftspråk.

 

Korleis kan dårlege haldningar endrast?

– Det handlar mykje om kunnskap. Både studentar og undervisarar må bli medvitne om at det er eit gode å ha to skriftspråk. Eg trur at kulturarv, historie og didaktikk må inn i utdanninga. I dag er det for lite undervisning i ny- norsk, og den undervisninga som finst, har ulik kvalitet. Eg trur det vil hjelpe om studentane lærer meir om nynorsk i eit større perspektiv, og om undervisninga ikkje berre handlar om korleis ord skal stavast og bøyast.

Jegteberg trur at leiingane ved utdanningsinstitusjonane må ta eit større ansvar for nynorsken.

– Leiingane må innsjå at studentane ikkje lærer nynorsk godt nok. Dei må sjå at det er viktig, og dei må gjera noko med det. Det trengst pengar, ressursar og merksemd. Det trengst ein felles praksis på institusjonane i landet. Det skal ikkje vera opp til eldsjeler ved kvar og ein institusjon å få til det. Eg meiner at Kunnskapsdepartementet kunne gjeve klarare retningsliner for kva som bør gjerast.

Denne hausten går Jegteberg på eit årsstudium i engelsk på Universitetet i Oslo, men ho kunne tenkje seg å forske vidare på nynorsk i lærarutdanningane.

– Eg har sjølv gått lærarutdanninga. Eg hadde fordjuping i norsk, men eg såg at det ikkje var så god sikring av nynorskkompetansen til studentane i norskfaget heller. Så det hadde vore interessant å sjå om dei som har norsk som fag, får tilstrekkeleg støtte og undervisning i nynorsk. Eg har vore interessert i dette temaet lenge, men eg er ikkje særleg politisk engasjert på feltet. Utgangspunktet mitt er at så lenge bokmål og nynorsk er jamstilte på papiret, må vi arbeide for å oppnå reell jamstilling.

Det ein lærer når ein les, tek ein i bruk når ein skal skrive. Gjennom lesing utvidar ein ordforrådet, og ein lærer grammatikk og ortografiske strukturar.

 

Masteroppgåve

Ida Marie Jegteberg | Foto: John Erik Bøe LindgrenVon om betre tider? Ei gransking av grunnskulelærarutdanningane si sikring av nynorskkompetansen til studentane på retninga 5–10 utan norsk i fagkrinsen

Av Ida Marie Jegteberg (f. 1997)

Emnet er undervisningsvitskap med fordjuping i norsk. Oppgåva er skriven ved Høgskulen på Vestlandet våren 2021. Jegteberg studerer engelsk ved Universitetet i Oslo. Tidlegare har ho gått på grunnskulelærarutdanninga.

Språkleg fordeling i lesebøker

Korleis er den språklege fordelinga mellom tekstar på nynorsk og bokmål i lesebøker for elevar i ungdomsskulen med nynorsk som hovudmål? Det har Liv Astrid Skåre Langnes undersøkt i ei masteroppgåve som vart levert våren 2021. Tidlegare granskingar viser at nynorskelevar les meir bokmål enn nynorsk. Langnes ynskte difor å finne ut meir om bakgrunnen for og konsekvensane av tekstfordelinga i nynorske lesebøker på ungdomsskulen.

– Eg jobba som lærar i ungdomsskulen for nokre år sidan. Da ynskte eg at elevane skulle få lesa mest mogleg nynorsk. Men i tekstsamlingane fann eg få tekstar som eigna seg til føremålet. Eg brukte rett og slett mykje tid på å finne nynorsktekstar. Hovuddelen av tekstane var på bokmål. Da vart eg overraska, for lesebøkene og tekstsamlingane var jo for nynorskelevar.

Langnes ville finne ut kva som var grunnen til denne skeivfordelinga, og ho ville sjå om dette fekk konsekvensar for målforma på tekstane elevane las i norskfaget.

– Eg gjekk gjennom to læreverk for nynorskelevar. Om lag to tredelar av tekstane var på bokmål. Eg fann òg ut at lærarane i stor grad brukte lesebøkene i undervisninga, og at dei hadde høg tillit til at tekstutvalet i lesebøkene var tilpassa nynorskelevane. Sjølv om lærarane også brukte ein del andre læremiddel, var lesebøkene styrande for tekstutvalet i undervisninga.

Men er det ikkje bra at nynorskelevane les mykje bokmål og blir gode i sidemålet sitt?

– Elevane føler seg ikkje språkleg trygge om dei ikkje møter språket sitt i tilstrekkeleg grad. Dei opplever ikkje meistring, og da trivst dei ikkje i språket sitt. Mange elevar møternynorsk nesten berre i skulen, og difor er det viktig at dei møter mest mogleg nynorsk der. Eg har nytta teoriar om lese- og skriveutvikling for å undersøke dette. Det ein lærer når ein les, tek ein i bruk når ein skal skrive. Gjennom lesing utvidar ein ordforrådet, og ein lærer grammatikk og ortografiske strukturar. Alt tyder på at jo meir ein les, jo fortare går språklæringa. Samtidig veit vi at nynorskelevar har mykje bokmålssamanfall i tekstane sine; dei brukar ord og grammatikk frå bokmål.

Langnes har også intervjua forlaga for å høyre kvifor tekstane i lærebøkene er fordelte slik dei er. Forlaga svarar at dei ser på tekstsamlingane som ei stor samling der lærarane har eit arsenal av tekstar å plukke frå. Forlaga meiner det er lærarane sitt ansvar å sjølve velja kva tekstar dei vil bruke. Samtidig har lærarane høg tiltru til at lærebøkene er i tråd med læreplanen.

Lærarar som ynskjer å bruke mykje nynorske tekstar, må gjera ein kjempestor jobb sjølv. Dersom det hadde vore fleire sentrale føringar, hadde ikkje kvar enkelt lærar trunge å gjera den same jobben kvar for seg.

 

Kva bør bli gjort, meiner du?

– Det trengst føringar som sikrar nok nynorske tekstar i læreverka i norsk. Fram til 2000 var det ei nasjonal godkjenningsordning  for lærebøker, med krav om at minst to tredelar av tekstane i tekstsamlingane i norskfaget skulle vera på hovudmålet. I dag er kravet at det skal vera nok tilfang på begge målformer i lesebøkene i norskfaget. Regelverket har dimed vorte meir ullent. Lærarar som ynskjer å bruke mykje nynorske tekstar, må gjera ein kjempestor jobb sjølve. Dersom det hadde vore fleire sentrale føringar, hadde ikkje kvar enkelt lærar trunge å gjera den same jobben kvar for seg. Når ein skule brukar mykje pengar på dyre læremiddel, bør det gå an å bruke læremidla utan å gå store omvegar.

Langnes meiner at «alle» har eit ansvar for å gjera noko på dette feltet, men at føringane må koma frå toppen. Dersom Kunnskapsdepartementet sørgjer for eit tydelegare regelverk, vil ansvaret for å sikre nok tilfang på begge målformer også fordele seg nedover i systemet.

– Med sentrale føringar vil forlaga måtte gjera enda meir for at læreverka skal vera i tråd med læreplanen, skuleeigarane må ta omsyn til desse krava når dei kjøper inn læreverk, og lærarane vil få betre ressursar til å gje elevane det dei treng. I dagens opplæringslov står det at lesebøkene i norskfaget skal innehalde tilstrekkeleg med tekstar på begge målformer til at elevane lærer å lesa nynorsk og bokmål. I utkastet til ny opplæringslov er det føreslått å ta ut denne formuleringa. Eg synest tvert imot at denne formuleringa bør styrkast. Læremidla har stor påverknad på skulen, og det bør opplæringslova spegle.

Kjelde: Statistikk over elevar i grunnskulen etter målform (Statistisk sentralbyrå).

Masteroppgåve

Liv Astrid Skåre Langnes | Foto: Høgskulen i Volda

Nok tilfang på begge målformer? Om språkleg fordeling i lesebøker og tekstar i norsk for nynorskelevar i ungdomsskulen

Av Liv Astrid Skåre Langnes (f. 1976)

Emnet er læring og undervisning. Oppgåva er skriven ved Høgskulen på Vestlandet våren 2021. Langnes arbeider til dagleg ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. Tidlegare har ho vore kontaktlærar, rektor, skulebibliotekar og museumspedagog.

(Foto: Høgskulen i Volda)

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:19.10.2021 | Oppdatert:22.03.2022