Skråsikker

Eg har aldri vore av den skråsikre typen. Det er mykje eg er sikker på, men det å vere urokkeleg og brennsikker har ikkje vore heilt «mi greie». Er det éin ting eg derimot er sikker på, så er det at «sosiale medium» er komne for å bli.

KAROLINE RIISE KRISTIANSEN, språksjef i NRK

Karoline Riise Kristiansen | Foto: Ole Kaland, NRKGrunnen til at eg ikkje kjenner meg heime i det å vere skråsikker, er at det «bastante» ofte følgjer med: meininga om at det ikkje finst eit anna svar, ei anna sanning eller ei kontinuerleg utvikling. Det skal vi vere litt varsame med å meine, meiner eg.

Eg har mykje å lære. Difor går eg ofte til fasiten: ordbøkene. Å slå opp i ordbøkene og bruke dei som rettesnor i det daglege arbeidet både som skriftleg og munnleg journalist, er eitt av mine beste tips, og eg deler det så ofte eg kan, saman med tipset om alltid å tore å spørje om hjelp. For slik er det jo med både språk og menneske, vi er i kontinuerleg utvikling.

Det er her dette med «sosiale medium» kjem inn. Er det éin ting eg har erfart som ny språksjef i NRK, så er det at NRK-språket engasjerer. Til publikumsservice kjem det om lag 5000 spørsmål, tilbakemeldingar, meiningar og rettingar i månaden, og om lag 200 av desse er tilbakemeldingar om språk. Alle desse går eg, språkstyret i NRK og redaksjonsleiarane gjennom, for å lære kva vi kan bli betre på.

Første gongen eg fekk ei av dei lange, sinte tilbakemeldingane om «sosiale medium», vart eg overraska. Den andre gongen vart eg forundra, og gong nummer tre, fire og fem (ja, du skjønar teikninga) vart eg rett og slett litt fasinert. Saka er at det kvar månad er fleire som brukar ein del tid (og ein del energi, vil eg tru) på å skrive lange tilbakemeldingar til språksjefen i NRK, der dei gjer narr av, er sinte for, ja rett og slett er svært opprørte over at nynorskbrukarar i NRK skriv og seier «sosiale medium», som dei bastant meiner er riv ruskande gale. «KAN NOEN LÆRE NYNORSKBRUKERNE I NRK AT DET HETER SOSIALE MEDIER PÅ DET NYNORSKE SPROG OG IKKE SOSIALE MEDIUM!!!!», skreiv ein av dei. Han skreiv det slik, med store bokstavar og akkurat så mange utropsteikn.

For tilbake til det med fasiten: Når du skriv med både store bokstavar og ein haug med utropsteikn, så er du skråsikker. Du er så viss om at du har rett at du skrik det ut gjennom tastaturet og slett ikkje bryr deg med å sjekke fasiten, Nynorskordboka, som er tilgjengeleg for alle og berre eit tastetrykk unna. Det er rett og slett fasinerande. Når eg med små bokstavar svarar og lenkjer til fasiten, får eg sjeldan svar.

Dei treng hjelp – til å slå opp i ordbøkene.

 

skrå|sikker adj. heilt viss; brennsikker
vere skråsikker på noko / ha ei skråsikker og sjølvgod mine

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:19.10.2021 | Oppdatert:22.10.2021