Opplæringslova ute til høyring

No image

Kunnskapsdepartementet har sendt eit forslag til ny opplæringslov til høyring. Forslaget skal erstatte dagens opplæringslov.

– Opplæringslova regulerer ei rekkje språkpolitiske spørsmål, og ho er difor ei sentral språklov. Lova har store konsekvensar for dei språklege rettane til skuleelevar, seier Åse Wetås, direktør i Språkrådet.

Forslaget til ny opplæringslov byggjer på ei utgreiing (NOU) frå opplæringslovutvalet, som vart levert til kunnskaps- og integreringsministeren i desember 2019. Det kom inn over 700 fråsegner da dette forslaget var ute til høyring våren 2020.

– Språkrådet sende inn eit grundig høyringssvar i den runden. Vi kjem til å setja oss nøye inn i det nye forslaget frå departementet, og vi kjem til å sende eit like grundig høyringssvar i den nye runden, seier Wetås.

Fristen for å levere høyringssvar er 20. desember 2021. Regjeringa tek sikte på å leggje fram eit nytt lovforslag for Stortinget våren 2023. Den nye lova tek til å gjelde tidlegast i skuleåret 2023/24.

Nokre gjennomslag – men ein del står att

Retten til å gå i ei eiga elevgruppe med elevar som har same skriftspråk, er utvida til ungdomstrinnet. Det vil seia at bokmåls- og nynorskelevar ikkje treng å gå i språkblanda klassar på ungdomsskulen. Elevar som ynskjer undervisning i og på norsk teiknspråk, skal ikkje lenger trenge ei sakkyndig vurdering. Og retten til opplæring i kvensk eller finsk som andrespråk vil gjelde same kor mange som krev det. Desse endringane ser Språkrådet positivt på.

Men fleire av innspela frå den førre høyringsrunden er det ikkje teke omsyn til i forslaget. Det blir ikkje sikra at elevane får digitale læremiddel og digital infrastruktur på eige hovudmål, noko Språkrådet meiner gjev nynorskelevane dårlegare læringsvilkår enn bokmålselevane. Dei nasjonale minoritetsspråka romani og romanes får lite omtale i lovforslaget, og dei har ikkje fått status som opplæringsspråk. Forslaget sikrar heller ikkje retten til gode språkmiljø for elevar som har undervisning i og på norsk teiknspråk.

– Hovudbodskapen til Språkrådet er at språkpolitikken må takast omsyn til i andre lover og reglar enn språklova. Slik forslaget til ny opplæringslov ligg føre i dag, samsvarar det ikkje godt nok med språklova. Vi er særleg urolege for konsekvensane det har for dei elevane som tilhøyrer eit språkleg mindretal i den norske skulen, seier Wetås.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:19.10.2021 | Oppdatert:22.03.2022