Språkleg sjølvtillit som smittar

Det blir sagt at IKEA-katalogen er den mest lesne trykksaka i verda etter Bibelen. Medan Bibelen er skriven på hebraisk, arameisk og gresk, er svensk og nordisk dei heilage språka for IKEA. Takk vere ein svensk gründer med dysleksi kan du i dag eta köttbullar i Sydney, leggja deg godt til rette i ei Trysil-seng i Tokyo eller nippa til raudvin i stettglaset Svalka ein sval sommarkveld i Bordeaux.

Direktør i Språkrådet Åse Wetås

Ingvar Kamprad, grunnleggjaren av IKEA, hadde problem med å hugsa tal og artikkelnummer på produkta. Difor laga han og systera eit system med skandinaviske stadnamn og personnamn som skulle gjera det lettare for han. Systemet har fungert for fleire enn Kamprad. Det er utvilsamt lettare å hugsa at bokhylla di heiter Billy, enn at ho har artikkelnummer 002.638.50.

Sjølv om IKEA etter nokre år vaks seg ut av Norden, vart dei skandinaviske produktnamna vidareførte. Dette vitnar om sterk språkleg sjølvtillit. Mange vil kanskje trekkja fram det skandinaviske designet, flatpakkene og unbrakonøkkelen som nøkkelen til suksess for IKEA. Men det kan ikkje vera tvil om at den medvitne haldninga til språk òg har vore ein viktig del av merkevara. Stundom er det betre å skilja seg ut enn å gli inn i mengda.

Norsk, svensk og dansk er små språk samanlikna med dei største verdsspråka. Det kan vera lett å mista motet i møte med den dominerande engelsken og ha overdriven tiltru til kva det engelske språket kan gjera for eit produkt. Men ein blir ikkje nødvendigvis gatesmart av å putta inn nokre engelske ord her og der. Dei nordiske språka fungerer best når ein skal nå nordiske kundar. Og IKEA har bevist at dei nordiske språka fungerer ute i den store verda også. Den språklege sjølvtillita til IKEA smittar, og den bidreg vonleg til språkleg stoltheit hos alle brukarar av norsk og dei andre nordiske språka.


Signatur
Åse Wetås
direktør i Språkrådet

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:27.05.2019 | Oppdatert:26.01.2021