Norwegian Wood

No image

Han er den høgste representanten for Storbritannia i eit land der «alle» snakkar engelsk. Likevel begynte han på norskkurs med ein gong han fekk jobben. Møt ambassadør Richard Wood. 

TEKST: LARS IVAR NORDAL | FOTO: HERMAN EKENDAHL-DREYER

– DEFINITIVT PREPOSISJONANE. Dei er eit mareritt. Det er heilt umogleg å forstå korleis de brukar preposisjonar på norsk. Slik som «i sommar» og «om sommaren». Kva er logikken i det?

Dronning Elizabeths sendemann i Noreg sit i ein djup, kvit sofa blant tunge teppe, orkidear og kineseri og ristar på hovudet.

– Og så er det dette med grammatisk kjønn. Kvifor heiter det stolen, men bordet. Det er vanskeleg for oss engelskspråklege.

Etter knapt eitt år i Oslo er norsken til Richard Wood imponerande, men somme ting er enno vanskelege. Han er diplomat med lang fartstid i britisk DU, ein jobb som har ført han både til Sør-Afrika, USA og Irak. Men ambassadørposten i Noreg er hans første. Og med ein slik jobb følgjer det enkelte gode, slik som ein herskapeleg residens på beste vestkant i Oslo. Her heng bilete av både dronninga og prins Philip på veggen, ja endåtil dronningmora har fått ramme i gull. Med servering av te og biscuits er inntrykket av eit lite stykke Storbritannia i Noreg nesten komplett. Men intervjuet går på norsk.

– Sjølv om nordmenn snakkar nesten perfekt engelsk, så snakkar dei ikkje engelsk med kvarandre. Foto: Herman Ekendahl-Dreyer

– Min jobb er å tolke det som skjer i Noreg for London. Det klarer du ikkje om du ikkje kan språket og forstår landet. Så då eg fekk vite at eg skulle bli ambassadør i Noreg, begynte eg på språkkurs med ein gong. Eg sat i kjellaren i utanriksdepartementet i London i eit halvt år og lærte norsk. Det var veldig hardt arbeid.

Jobbar alle britiske ambassadørar så hardt med språket?

– Eg var faktisk med på å lage regelen som seier at alle britiske ambassadørar i Europa skal lære språket i det landet dei kjem til. Det har vore ein del debatt om dette, sidan nokre språk er vanskelegare å lære enn andre, slik som finsk. Men særleg no i desse brexit-tider er dette eit viktig signal å sende. Det viser at Storbritannia ikkje forsvinn ut av Europa – me er her framleis.

Brexit

Akkurat dét er det store temaet i britisk og europeisk politikk for tida: Kva skjer med Storbritannia og EU? Nokre dagar før me møter Wood, har statsminister Theresa Mays framlegg til brexit-avtale vorte nedstemt av det britiske underhuset for tredje gong. Polemikken har vore skarp på begge sider.

For å forstå kva som er viktig for nordmenn, må me meistre språket.

– Det er nok litt rart for nordmenn å sjå på det som skjer i parlamentet. Men for meg er det viktig å understreke at det skjer mykje meir mellom Noreg og Storbritannia enn berre brexit. Eg vil gå ut i Noreg og snakke om energi, forsvar og forsking, og det vil eg gjere på norsk.

Kvifor er det viktig for deg?

– For det første handlar det om å vise respekt for landet eg bur i. Det er mange nordmenn som synest det er vanskeleg å uttrykke seg like nyansert på engelsk som på norsk, og eg vil at dei skal kunne snakke norsk til meg. For det andre er det viktig for meg sjølv; eg vil kunne lese avisene, følgje debattane på radio og tv og dra på møte i tenketankar her i Oslo. Sjølv om nordmenn snakkar nesten perfekt engelsk, så snakkar dei ikkje engelsk med kvarandre. Debatten går føre seg på norsk, så for å kunne delta i han og forstå kva som er viktig for nordmenn, må me meistre språket.

Samtidig speler det engelske språket ei stadig viktigare rolle i det norske samfunnet.

– Eg har jo lagt merke til at mange tek inn engelske ord når dei snakkar norsk, det har eg høyrt også i andre land. Det er jo ikkje så rart, når ein tenkjer på kor mykje input folk får på engelsk. Men eg håper nordmenn skal sjå verdien av både å ha eit eige språk og å vere gode i engelsk som andrespråk. Nordmenn er svært privilegerte som meistrar eit framandspråk både profesjonelt og privat, i tillegg til å ha eit eige språk. Det er ei gåve.

– Me må hugse på at språk gjer oss til dei me er. Norsk språk er uløyseleg knytt saman med norsk historie og kultur. Mistar me språket, så mistar me alt dette.

Norsk i eteren

Intervjuet blir avbrote av romstering i overetasjen, og kjapt dukkar ein firbeining opp i representasjonssalongen. Det er ambassadørhunden Hudson, som, til liks med ambassadøren sjølv, faktisk har sin eigen Instagram-konto (hudson_wheaten). Her kan alle som vil, få eit innblikk i livet til Hudson, ambassadøren og ektemannen Xavier i villaen på Frogner.

– Sidan mannen min er fransk, går det for det meste i fransk og engelsk her i huset. Blant dei tilsette på ambassaden er om lag halvparten norske og halvparten engelske, men arbeidsspråket er engelsk. Så her på ambassaden blir det lite høve til å øve på norsken min.

Likevel vegrar ikkje Wood seg for å bruke norsk offentleg. Det gjorde han til dømes då han stilte opp på direkten i Dagsnytt 18 i januar i år og snakka om brexit – på norsk.

– Det var skremmande. Eigentleg er eg ikkje god nok i norsk til å gjere det. Men programleiar Espen Aas snakka tydeleg, så det var ikkje vanskeleg å forstå han. Det var annleis då eg var med i sendinga til NRK Trøndelag. Der smelte dei til med skikkeleg trøndersk. Eg forstod ikkje eit kvekk, ler Wood.

– Det med dialektar kan jo vere vanskeleg for utlendingar. Dei fleste lærer seg austlandsk/bokmål, men så oppdagar dei kor store skilnadene er rundt om i landet. Eg elskar å reise rundt i Noreg og høyre kor mangfaldig norsk er, men det kan vere vanskeleg å forstå. Det er det same med nynorsk. Plutseleg ser ein teksting på nynorsk på fjernsyn, og då må ein jo lære seg det også. Ein annan ting er alle stilnivåa: Eg hadde ein norsklærar frå Bergen som korrigerte meg dersom eg sa «tida» og ikkje «tiden». På same måte må eg velje om eg skal seie «Majorstua» eller «Majorstuen» og «femogtyve» eller «tjuefem». Det er ikkje alltid like lett!

Det er påvist at det blir vanskelegare å lære språk jo eldre ein er. Korleis er det då å måtte lære opptil fleire nye språk i godt vaksen alder?

– Eg er overtydd om at dess fleire språk ein kan frå før, dess enklare er det å lære seg eit nytt språk. Når du har gått gjennom prosessen med å lære språk nokre gonger, så veit du korleis du skal gjere det. Då er halve jobben gjort. Og så veit du at preposisjonane blir eit mareritt, he-he. Men eg trur at om eg hadde prøvd å lære norsk som første framandspråk i min alder, så hadde det vore nesten umogleg.

Ut i verda på ny

Om fire år dreg Richard Wood vidare for å representere det britiske folket i eit nytt land. Då må han truleg finne fram skriveboka på ny.

– Det å lære språk er ein viktig del av jobben vår. Då eg skulle til Sør-Afrika, lærte eg både afrikaans og zulu. Eg håper eg får høve til å gjere det same når eg skal bytte tenestestad neste gong.

Men kva skjer då med norsken?

– Eg håper jo at eg kan få bruke norsken min litt av og til likevel! Når ein jobbar så intensivt med eit land, med folket og næringslivet der, så mistar ein ikkje så lett dei banda ein har knytt. Eg snakkar framleis afrikaans når eg er i Sør-Afrika, og det er tjuefem år sidan eg lærte det. Så den emosjonelle og språklege tilknytinga er der alltid. Anten eg hamnar i Bangladesh eller Malawi, så kjem eg alltid til å kome tilbake hit.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter