Ansvar for eiga læring?

No image

Elevar i den norske skulen har rett til å få læremiddel på si eiga målform. Men i praksis opplever mange elevar at dei sjølve må ta ansvar for å få oppfylt dei språklege rettane sine.

AV SIGRID SØRUMGÅRD BOTHEIM

Dordi Boksasp Lerum (16) er oppvaksen i Luster i Sogn og Fjordane, eit område der majoriteten skriv nynorsk. Da ho flytta til Tingvoll på Nordmøre, tilhøyrde ho ikkje lenger det språklege fleirtalet. Lerum fortel at skulen har vore fleksibel og tilrettelagt mykje for at ho skal få læremiddel på målforma si. Likevel trur ho at dette er unntaket, ikkje regelen.

– Vi får eit dårlegare fagleg utbytte når vi ikkje får bøker på vårt eige språk, seier skuleelev Dordi Boksasp Lerum. Foto: Anna Sofie Ekeland Valvatne

– Eg kjenner mange som har hatt problem med å få tak i læremiddel på hovudmålet sitt. Ofte tek det lang tid før ein får det ein har krav på.

Opplæringslova, som sikrar elevar retten til læremiddel på båe målformer, vart vedteken i 1998. Utover 2000-talet har det vore ei rivande teknologisk utvikling i skulen, men digitale læremiddel og andre ressursar er sjeldan tilgjengelege på nynorsk. Det fører til at den retten nynorskelevane har til læremiddel på eiga målform, i praksis blir svekt.

– Det er utfordrande med digitale læremiddel. Så lenge dei ikkje finst på nynorsk i det heile, er det lite skulane eller skuleeigarane kan gjera, seier Lerum.

Ho meiner konsekvensane er store for elevar som ikkje møter målforma si i skulen.

– Det er svært uheldig. Vi får eit dårlegare fagleg utbytte når vi ikkje får bøker på vårt eige språk, og det er neppe nokon som synest det er bra. For meg er det tyngre å lesa ein tekst på bokmål. Det er likeins den motsette vegen, det er tyngre for ein bokmålselev å lesa på nynorsk.

Lova må gjelde digitale læremiddel

I dagens lovverk finst det eit parallellitetskrav som skal sikre læremiddel på båe målformer: «I andre fag enn norsk kan det berre brukast lærebøker og andre læremiddel som ligg føre på bokmål og nynorsk til same tid og same pris.» Lova skil ikkje mellom trykte og digitale læremiddel, men ein rapport frå 2018 viser at dei digitale læremidla ikkje ser ut til å bli handsama på same måte som dei tradisjonelle.

Når opplæringslova nå er under revisjon, er det viktig å syte for at parallellitetskravet blir tydelegare og meir tilpassa dagens realitetar, meiner direktør i Språkrådet, Åse Wetås.

– Opplæringslova treng ei teknologisk oppdatering. Dei språklege rettane til elevane gjeld uavhengig av format. Det må koma tydeleg fram i lovteksten kva som skal reknast som læremiddel, og som dermed blir omfatta av parallellitetskravet.

I 2017 sette regjeringa ned eit utval som fekk i oppdrag å sjå på regelverket for grunnopplæringa og føreslå ei ny opplæringslov. Daverande kunnskapsminister Henrik Asheim sa at eitt føremål med revisjonen er å redusere behovet for hyppige endringar av regelverket. Utvalet skal levere utgreiinga si innan 1. desember 2019.

Programvare må reknast som læremiddel

Teknologien får ein stadig større plass i norske klasserom. Ifølgje ei undersøking frå 2018 har halvparten av kommunane gjort politiske vedtak om at elevane skal ha datamaskin eller nettbrett. For barnetrinnet gjeld dette kvar fjerde kommune. Med ei datamaskin får ein elev langt fleire verktøy og moglegheiter enn ei tradisjonell lærebok kan tilby, men desse verktøya har nokre språklege konsekvensar.

Utdanningsdirektoratet reknar ikkje programvare som læremiddel, og programvare blir difor ikkje omfatta av parallellitetskravet. Men dersom elevane skal ta del i den digitale opplæringa, må den digitale infrastrukturen vera tilgjengeleg på elevane sitt språk.

– Opplæringslova bør innlemme programvare i definisjonen av læremiddel, seier språkdirektør Åse Wetås. Foto: Moment Studio

–  Programvara som blir brukt i skulen, bør ikkje vera til hinder for språkopplæringa til elevane. Vi meiner det bør bli stilt språklege krav til programvare, og at opplæringslova bør innlemme programvare i definisjonen av læremiddel. Skjermspråk, redigeringsspråk og korrekturverktøy bør vera tilgjengelege på båe målformer, seier Wetås.

Behov for sentrale ordningar

I dag er det skuleeigarane som har ansvaret for at elevane får dei læremidla dei har krav på. Det vil seia at kommunane har ansvaret for grunnskulane, medan fylkeskommunane eig dei vidaregåande skulane. Ansvaret gjeld uavhengig av kor mange elevar som brukar bokmål og nynorsk i kommunen eller fylkeskommunen. Likevel ser ein at elevar blir tekne omsyn til i varierande grad ulike stader i landet, meiner Dordi Boksasp Lerum.

– Det bør ikkje ha noko å seia kvar du bur. Du skal uansett ha tilgang til læremiddel på ditt eige språk, anten du er i fleirtal eller mindretal. Det kan ikkje vera opp til økonomien til enkeltkommunane, og det kan heller ikkje stå og falle med ein tilfeldig lærar.

Slik det er i dag, blir elevane ofte sittande med ansvaret sjølve, fortel Lerum.

– Ein må gjerne stå på sjølv for å få det ein har krav på, men det er ikkje alle som orkar å gå inn i ein konflikt.

Åse Wetås trur til liks med Lerum at ein bør drøfte ansvarsfordelinga. Det er ein omfattande jobb for ein liten kommune å vurdere og godkjenne ei stor mengde læremiddel.

– Vi ser eit behov for sentrale ordningar som kan hjelpe skuleeigarane med å etterleva krava i opplæringslova. For eksempel kan eit læremiddelregister eller ei innkjøpsordning gjera jobben lettare for skuleeigarane. Det kan òg vera ein idé å utvikle sentrale ressursar som tospråklege ordbøker.

Ny læreplan i 2020

Utdanningsdirektoratet er i gang med å fornye læreplanane i skulen. Når læreplanane blir tekne i bruk hausten 2020, kjem det mykje nytt undervisningsmateriell. Dordi Boksasp Lerum håpar at ho kan få dei nye læremidla til same tid som klassevennene sine.

– Kvar gong det er lagt fram ein ny læreplan, har læremidla vorte bytte ut, og kvar gong har nynorskelevane venta mykje lenger enn bokmålselevane. Eg håpar at det ikkje skjer denne gongen.

Sjølv om forlag og andre leverandørar av læremiddel ikkje har eit lovpålagt ansvar for å levere læremiddel på båe målformer, trur Åse Wetås at dei ynskjer å levere eit best mogleg tilbod til skuleeigarane.

– Våren 2018 løyvde Kunnskapsdepartementet 55 millionar kroner til utvikling av nye digitale læremiddel, og i 2019 er det løyvd 48 millionar til innkjøp av slike læremiddel. Med løyvingane følgjer det eit krav om at læremidla må finnast på både nynorsk og bokmål. Vi håpar at dette bidreg til at produsentane ikkje mistar det språklege medvitet.

Samtidig ber ho kommunane om å bruke forbruksmakta si.

– Dersom kommunane lèt vera med å kjøpe inn læremiddel som berre finst på éi målform, blir produsentane pressa til å levere læremiddel på båe målformene. Det finst nokre kommunestyre som har vedteke å ikkje kjøpe inn læremiddel som ikkje oppfyller parallellitetskravet, men vi ser gjerne at fleire følgjer etter.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter