Veldig for mykje av det gode

No image

Orsak, alle saman, men eg klarer ikkje å halde meg lenger, så her kjem det: Slutt å seie at alt er så veldig ditt og veldig datt! Det er skikkeleg irriterande. Eller snarare: Det er veldig, veldig irriterande.

AV ERLEND LØNNUM, redaktør

Alt treng ikkje å vere veldig fint, veldig klart og veldig viktig. Det kan like godt vere heilt fint, klinkande klart og særleg viktig. Og det kan til og med berre vere fint, klart og viktig.

Det forsterkande adverbet veldig er eigentleg eit uskuldig og brukeleg ord. Stutte og enkle forsterkarar som svært, særs og veldig er dessutan betre og meir slitesterke enn mange av dei lange og «kreative». Difor er det kanskje dårleg gjort å hengje nett veldig ut her. Men dét får eg trong til når eg ser at vi går i fantasilaus flokk og lèt veldig bli eineveldig. For vi seier veldig meir i utide enn tide – slik vi har late det gå inflasjon i å seie fantastisk.

For du har vel lagt merke til at ordet fantastisk lenge har florert i språkbedet? Nær sagt alle som blir intervjua i sportssendingar i fjernsyn, meiner at kjensla er fantastisk, at opplevinga er fantastisk, at arrangøren er fantastisk, at publikum er fantastisk. Alle er så fantastisk flinke og absolutt heilt fantastiske. Eller så er dei veldig, veldig flinke. Men kva er gale med å vere berre flink?

Vi er flinkare når vi varierer ordbruken og lèt vere å bruke dei same forsterkande orda om att og om att. Vi treng ikkje å vatne ut orda med å seie at noko kjendest veldig fint, at opplevinga var veldig god, at arrangøren var veldig førebudd, at publikum var veldig til stades.

Når vi så ukritisk omfamnar ord som fantastisk og veldig, har vi kanskje ikkje nok tiltru til språket. Eit nakent adjektiv har tydelegvis ikkje kraft nok i seg sjølv når vi skal setje ord på kjenslene våre. Kan hende er vi redde for å verke tamme og keisame, for ikkje å ta nok i?

Denne smittsame og uheldige ordbruken hadde du ikkje tenkt vidare over, seier du? Ver så god, nå er du smitta av tanken, du også.

Puh, det var veldig godt å få sagt det. Eller kanskje eg heller skulle seie: Det var sjukt godt å få sagt det, for sjukt er visst det nye veldig.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:04.06.2018 | Oppdatert:27.01.2021