Eit norskfag utan identitet

Direktør i Språkrådet Åse Wetås

Elevane lærer for lite språk i norskfaget. Det kan høyrast rart, men dit har me altså komme. Språkprofessorar ved universiteta fortel at mange av studentane deira ikkje kjenner skilnaden mellom subjekt og substantiv. Dei meiner at nivået er blitt lågare og lågare dei siste åra.

Ludvigsen-utvalet, som leverte ein NOU om framtidas skule, slo fast at skulefaga er så fulle av innhald at noko må ut, slik at elevane skal få meir tid til djupnelæring. Dét er utgangspunktet for dagens arbeid med nye læreplanar i skulefaga. Utgangspunktet er godt, for det kan føra til at skulen satsar meir på grunnleggjande språklæring.

Men etter å ha sett det siste utkastet til kjerneelementa for norskfaget fryktar eg at me held fram i det gamle sporet, med «utforsking» og «eksperimentering» i staden for konkret læring.

Nyleg høyrde eg nokre 15–16-åringar seia at norsk er det faget det er vanskelegast å få god karakter i. Dei meinte at det gjeld å finna ut kva læraren er interessert i og dermed legg vekt på. Sjølv om oppfatninga deira nok kan utfordrast, er dei inne på noko av problemet. Læreplanane er så vage og omfattande at det er vanskeleg å få tak på identiteten til norskfaget.

Sjølvsagt skal norskfaget utvikla seg. Men når språkstudentar på universitetet manglar grunnleggjande kunnskap i grammatikk, er det grunn til å spørja seg om botnen i faget har ramla ut.

Korleis hadde det tatt seg ut om matematikkstudentar kom til universiteta utan å kjenna skilnaden mellom addisjon og divisjon?


Signatur
Åse Wetås
direktør i Språkrådet

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:04.06.2018 | Oppdatert:27.01.2021