Klipp

No image

– NOREG HAR I DAG ikkje så mykje språkteknologi i det heile, og med tale- og tekstbiten står det ganske dårleg til, sa teknologidirektør Shahzad Rana i Microsoft Norge [på Språkdagen]. […] Han peikte på at talestyrte hjelpemiddel blir meir og meir utbreidd, og at vi snart kan styra mykje av elektronikken i heimen berre ved å snakka til digitale duppedittar. For å sikra at folk i framtida kan kommunisera med slike hjelpemiddel på norsk, meinte han det er viktig å setja språkteknologi inn ein større samanheng og få til eit breitt samarbeid mellom ulike departement, forskingsmiljø og andre aktørar.

Shahzad Rana, til Nynorsk Pressekontor

***

– DET ER UTROLIG mange tabuord som ennå ikke har sett ordbøkenes lys. Big Brother-korpuset er en søkbar database med alle ordene som ble sagt under den første sesongen av realityshowet Big Brother i 2001. På samme tid begynner banneordet fuck å etablere seg i norsk språk. Dagens fuck har vi lånt fra engelsk, men det var faktisk vikingene som brakte ordet over Nordsjøen i sin tid.

professor Ruth Vatvedt Fjeld, intervjua i Morgenbladet

***

NORSK ARBEIDSLIV tener ikkje på at studentane har språklege handikap når dei kjem ut i jobb. Difor må utdanningsinstitusjonane ta samfunnsoppdraget sitt på alvor og sikre vidareutvikling og formidling av norsk fagspråk. […] Globalt samarbeid er viktig, men vi veit at ni av ti studentar skal ut i ein norsk arbeidsmarknad. Då må dei kunne snakke om faget sitt på norsk. Vi veit dessutan at arbeidslivet spør etter kompetanse i norsk språk.

språkdirektør Åse Wetås, til Nynorsk Pressekontor

***

DET ER LURT AT ein ikkje importerer utanlandske ord unødvendig og ikkje f.eks. brukar engelsk berre for å bruke engelsk. Eg har større sans for namnet som er brukt på arrangementet når Kristiansunds seilforening arrangerer «Nordenfjeldske seileruke» enn når Molde seilforening arrangerer «Molde Race Week». Eg har større sans for påskrifta «rett i koppen» på ei pakke med instant soup enn påskrifta «boil-in-bag» på ei pakke med ris i kokeposar.

pensjonert lektor Arnfinn Hovde, i Romsdals Budstikke

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter