Den rette vegen for akademia?

No image

Språkrådet vil få fart på språkarbeidet i akademia. Med ei ny verktøykasse for å balansere bruken av engelsk og norsk får sektoren ei oppskrift på å lukkast.

AV LARS IVAR NORDAL

I april lanserte Språkrådet ein ny «Vegvisar for gode språkval» for fulle hus i Bergen og Oslo, med innlegg frå rektorata ved dei største utdanningsinstitusjonane i landet.

Vegvisaren inneheld ti praktiske råd om språket i administrasjonen ved institusjonane, behovet for tospråkleg kompetanse blant vitskapleg tilsette og tips om språk i undervisninga. Språkrådet oppmodar til at tilsette frå andre land må få tilbod om norskkurs i arbeidstida, og at institusjonane følgjer opp dette med eit krav om eit visst nivå i norsk etter nokre år i Noreg.

Kloke språkval

– Vi ønskjer at vegvisaren skal bidra til å gjere det lettare for universitets- og høgskulesektoren å gjere kloke og informerte språkval i alle brukssituasjonar, seier direktør i Språkrådet, Åse Wetås.

Vegvisaren er utforma i nært samarbeid med fagfolk frå universitet og høgskular, og målet er at institusjonane skal implementere råda i språkpolitikken sin. På grunn av engelskdominansen har norsk fagspråk fått ei svakare stilling på nokre fagområde dei siste åra. Det gjeld særleg naturvitskap og tekniske fag, men engelsk blir brukt også på fagfelt med tunge norskspråklege tradisjonar, som i humaniora og samfunnsfaga. Språkrådet ser med uro på denne utviklinga.

– Språkrådet er fullt klar over at engelsk speler og skal spele ei viktig rolle i akademia. Men det er viktig å gjere medvitne val som sikrar at ein også tek vare på det norske fagspråket. Det er avgjerande å kunne formidle faginformasjon på norsk for at me skal kunne ha eit kunnskapsbasert, offentleg ordskifte. Og det er slått fast i universitets- og høgskulelova at utdanningsinstitusjonane har eit særskilt ansvar for det norske fagspråket, seier Wetås.

Fagspråk på sotteseng?

Under arrangementet på Litteraturhuset i Oslo innleia rektor ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet, Mari Sundli Tveit, og prorektor ved Universitetet i Oslo, Gro Bjørnerud Mo, om språkpolitikk og språklege utfordringar ved institusjonane sine. Bjørnerud Mo meiner ein ikkje må svartmåle situasjonen for det norske fagspråket.

– Språk og samfunn går igjennom store endringar over tid. Eg meiner at tilhøvet mellom norsk og engelsk fagspråk på universiteta ikkje er ei forfallshistorie, seier Bjørnerud Mo.

Som eit døme på det viste ho til at universiteta tek formidlingsansvaret på alvor.

– I snitt er nesten femti av våre vitskaplege tilsette ute i media og formidlar kvar dag. Ved det matematisk-naturvitskaplege fakultetet kan ein snakke om ei formidlingsbølgje blant dei unge forskarane, seier Bjørnerud Mo.

Ho uttrykte skepsis til å leggje for mykje vekt på strategiske dokument og talte for heller å sjå på kva som skjer i praksis ved institusjonane.

– Korleis rettleiar vi studentane, og på kva måte blir utanlandske tilsette følgde opp? Eg er meir interessert i handling enn i handlingsplanar. Røyndomen vert til i den akademiske kvardagen. Dessutan trur eg ikkje at ein kan leie eit universitet ved å tale innstendig og moraliserande til folk. Eg trur på å jobbe med kulturen og ikkje mot kulturen. Difor vil eg ta med meg desse praktiske tipsa frå Språkrådet tilbake til Universitetet i Oslo og syte for at dei blir gjorde kjende i heile organisasjonen.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter