Språkdilemma i høgare utdanning

No image

Det går på engelsk og norsk, som det heiter i den gamle slageren. Slik er det også i høgare utdanning i Noreg i dag, der stadig meir av undervisninga og forskinga går føre seg på engelsk. Mykje tyder på at også den administrative delen av verksemda står under press.

AV BJØRG NESJE NYBØ

I Tilstandsrapport for høyere utdanning 2016 frå Kunnskapsdepartementet kan vi lese at prosentdelen emne som blir undervist på engelsk, har gått opp frå 8,9 i 2007 til 18,3 i 2015, når ein ser heile sektoren under eitt. Størst auke har det vore på universiteta, der det no blir undervist på engelsk i kvart fjerde emne. Den viktigaste årsaka er kravet om internasjonalisering, noko som også blir framheva i stortingsmeldinga Kultur for kvalitet i høyere utdanning (2017).

Parallellspråkbruk

Språkrådet skal arbeide for at norsk kan brukast på alle samfunnsområde. I dette arbeidet er det ikkje minst viktig å sikre at norsk er i bruk innanfor høgare utdanning, sidan mykje av fagspråket som blir brukt elles i samfunnet, blir fastsett og innlært her. Korleis kan så Språkrådet bidra til dette? Våren 2016 sette vi i gang eit prosjekt for å skape større medvit om korleis ein kan bruke engelsk og norsk, skriftleg og munnleg, ved sida av kvarandre, utan at det eine språket fortrenger det andre. Dette blir kalla parallellspråkbruk. Målet med prosjektet var å utarbeide ei praktisk oppskrift, ein mønsterpraksis, for kva ein skal gjere når spørsmålet om å velje norsk eller engelsk oppstår i universitets- og høgskulesektoren.

Kulturdepartementet var pådrivar for prosjektet. Dei fekk også med seg Kunnskapsdepartementet, sidan høgare utdanning ligg under dette departementet. Noregs Handelshøgskule (NHH) blei invitert til å delta, sidan dette er ein institusjon som er passeleg stor, og som ligg langt framme når det gjeld internasjonalisering. Dei veit altså kor skoen trykker, og dei ville gjerne vere med.

Kartlegging

Første del av prosjektet var ei omfattande kartlegging av språkbruken på NHH i vårsemesteret 2016. Spørjeskjema gjekk ut til alle delar av institusjonen: teknisk-administrativt tilsette, vitskapleg tilsette og studentar. Skjemaa var tilpassa dei einskilde gruppene. Tidlegare studentar og eit utval arbeidsgjevarar som NHH hadde hatt kontakt med i ulike samanhengar, blei også spurde. Målet med det siste var å få eit oversyn over kva språkkrav som møter studentane når dei kjem ut i arbeidslivet.

Mønsterpraksis

Med denne kartlegginga fekk dei som skulle arbeide med mønsterpraksisen, eit omfattande oversyn over språksituasjonen på NHH som dei kunne diskutere ut ifrå. Diskusjonane internt på NHH gjekk føre seg i tre arbeidsgrupper: éi for undervisning (som òg inkluderte studentrepresentantar), éi for forsking og forskingsformidling og éi for arbeids- og kommunikasjonsspråk. Felles for dei tre gruppene var eit ønske om at ikkje-norskspråkleg tilsette lærer seg så godt norsk at dei kan følgje ei samtale og lese norsk tekst. Det høvde godt med ønsket til mange av dei utanlandske tilsette om betre norskspråkleg kompetanse. Med betre kompetanse i norsk vil dei mellom anna kunne forstå spørsmål på norsk frå studentane, medan dei vil kunne svare på engelsk. Dei vil òg kunne følgje norsk samtale i eit møte, men delta i samtalen på engelsk. Studentar og norskspråklege tilsette på si side melde at dei hadde behov for å betre engelskkunnskapane sine. Og arbeidsgjevarar og tidlegare studentar melde om behov for å beherske både norsk og engelsk i arbeidslivet.

Rapporten frå dei tre arbeidsgruppene på NHH låg føre i mai i år. Om dei ønsker det, vil NHH kunne bruke han i det vidare, interne språkarbeidet sitt, eventuelt saman med resultata frå kartlegginga. Språkrådet skal bruke materialet frå prosjektet til å utarbeide ein meir generell mønsterpraksis for heile universitets- og høgskulesektoren. Slik får dei einskilde institusjonane eit verktøy som kan hjelpe dei ut av dei språklege dilemmaa som kravet om internasjonalisering skapar.

 

-- Bjørg Nesje Nybø er seniorrådgjevar i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:29.05.2017 | Oppdatert:27.01.2021