Om nordmenn og andre ordmenn

No image

«Nordmann til topps!» Det lyder bra for oss nordmenn. Eller burde vi seie «Norske til topps»? Det kan jo vere nordmannen Marit Bjørgen som har vunne. Eller burde vi seie «nordkvinna Bjørgen»? Det spørst om språkbrukarane er med på det, trass i at vi nordmenn eigentleg er opptekne av likestilling – også i språket.

AV ERLEND LØNNUM, redaktør

Det norrøne ordet norðmaðr (nordmann) tydde menneske frå nord i ei tid då maðr var såpass kjønnsnøytralt at ein skilde mellom karlmaðr og kvennmaðr. Tydingsinnsnevringa frå det gamle maðr til moderne mann er noko av grunnen til at språket verkar mannsdominert i dag. Nokre nemningar kan reformerast, men kanskje ikkje alle. Menneske er trass alt avleidd av mann i si tid.

Nemninga nordmann er òg så gammal og utbreidd at ho neppe kjem til å bli erstatta av noko anna i overskodeleg framtid. Men er det mange nok som brukar eit anna ord, kan det til slutt finne vegen til ordbøkene og bli offisiell norsk. I så måte ligg nok norske best an. Det er eit etablert dialektord i Midt-Noreg, og det er kjent elles òg frå uformelle samanhengar, til dømes vitsar om norsken, svensken og dansken.

Om nordmannen skulle falle ut av språket, vil han eller «hen» kanskje rive med seg engelskmann og franskmann. På norsk brukar vi engelskmann og franskmann på engelsk vis, jamfør Englishman og Frenchman. Men vi kunne på tysk vis ha valt englendar, som òg finst på norsk, og franske, jamfør Engländer og Franzose. Uansett vil nok svenskar og danskar halde fram med å kalle oss norrmän og nordmænd.

Vi har allereie gjort formenn til leiarar, tillitsmenn til tillitsvalde, ombodsmenn til ombod og allmannamøte til allmøte. Yrkestitlar som lærerinne, sjukepleierske, servitrise og kontordame har vi for lengst skift ut med lærar, sjukepleiar, servitør og sekretær. Og ein dag får vi kanskje kjønnsnøytrale ord for jordmødrer og helsesøstrer, sysselmenn og fylkesmenn. Berre tenk på riksmeklar Kari Gjesteby, som før ville ha vore riksmeklingsmann.

Ei rekkje tradisjonelle ordmenn har likevel overlevd og attpåtil fått ein kvinneleg make: ankermann ankerkvinne, føregangsmann føregangskvinne, talsmann talskvinne. Og mange av dei har blitt «personifiserte»: fagmannfagperson, kontaktmann kontaktperson, gjerningsmanngjerningsperson.

Men framleis finst det nokre manneord med ganske tydeleg kjønnsmarkering om vi legg det tronge, moderne mannsomgrepet til grunn: nestemann, sidemann, sjømann – og altså nordmann.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter