Norsk i Ørsta = nynorsk?

No image

På få år har talet på kommunar som gir opplæring på nynorsk til vaksne innvandrarar, mangedobla seg. Kurdaren Raman Nesri i Ørsta på Sunnmøre er glad for å lære språket dei andre i bygda bruker. 

AV LARS IVAR NORDAL

– Eg har vore i Ørsta i fem månader og ti dagar, seier Raman på klingande, normert nynorsk. Han er ein av 42 vaksne innvandrarar som får norskopplæring – på nynorsk – i kommunen. Slik har det vore sidan hausten 2011, då ein byrja med norskopplæring i Ørsta. Også i åra før hadde innvandrarar på Ivar Aasens fødestad fått norskopplæring på nynorsk gjennom eit interkommunalt samarbeid.

– Fyrst trudde eg nynorsk var vanskeleg, men no er det lett. Eg har ikkje lært bokmål, men eg skjøner ein del. Endrar du nokre bokstavar, så blir det bokmål, slik som i laurdag og lørdag og heter og heiter. Det er i grunnen veldig likt, så eg trur ikkje det blir noko problem å lære bokmål, seier Raman.

Han er no på nivå A2 i norsk, som vil seie at han kan lage enkle setningar og forstå samtalar om daglegdagse emne. Heime i Kurdistan var han journalist, men no ynskjer han ein dag å bli lærar.

– Raman er akademikar og politisk interessert. Men på vaksenopplæringa har me elevar med svært ulikt utgangspunkt. Nokre kan ikkje lese og skrive på morsmålet sitt, medan andre har ein mastergrad frå heimlandet, fortel Oddny Flugekvam, inspektør ved opplæringssenteret i Ørsta.

Flugekvam meiner det å bruke nynorsk som opplæringsmålform har mange føremoner:

– Oppgåva vår er å kvalifisere dei for det lokalsamfunnet dei blir busette i. For å oppnå det, må dei faktisk lære det språket som blir brukt i bygda. Dei skal kjenne at dei er ein del av samfunnet her. Mange har også born i skulen som lærer nynorsk, og då blir det mødesamt om foreldra skal lære éi målform, og borna ei anna.

– Samstundes ser me at somme kjem hit frå andre stader i Noreg, der dei har lært litt bokmål. Det er ikkje til å stikke under stol at nokre av desse kan bli frustrerte når dei får vite at dei skal lære nynorsk. Andre reagerer motsett: Dei kjem sjølve frå ein minoritetssituasjon i heimlandet og blir nærast kamplystne på nynorsken sine vegner.

Val av opplæringsmål

Sjølv om nynorsken er sjølvsagt i Ørsta, er det framleis berre om lag halvparten av nynorskkommunane i landet som har valt nynorsk som opplæringsmål for vaksne innvandrarar. Sams for dei fleste av kommunane, er at dei ligg i område der nynorsk er eit levande bruksspråk i skulen og elles i samfunnet. Hilde Osdal er fyrstelektor i norsk ved Høgskulen i Volda, og ho har undersøkt kva som ligg til grunn for valet av målform i vaksenopplæringa i nynorskkommunane.

– Det viser seg at der nynorsken har fått gjennomslag, kjem det ofte av at det er gjort eit politisk eller eit administrativt vedtak i kommunen. I dei nynorskkommunane som har bokmål som opplæringsmål for innvandrarar, ligg det mest aldri eit slikt vedtak til grunn. Der er det ofte personalet i samråd med leiar for opplæringa som har avgjort at undervisninga skal vere på bokmål. Som på mange andre område er det altså politisk vilje som fører til gjennomslag for nynorsken, fortel Osdal.

Ho har sjølv lang erfaring med norskopplæring for utlendingar på høgskulenivå og forstår godt dei som vegrar seg for å byte undervisningsmålform.

– Det er klart at det ligg betre til rette for undervisning på bokmål. Utvalet av læremiddel er til dømes mykje mindre på nynorsk. Men det finst materiell på nynorsk, så det er mogleg å gjennomføre norskopplæringa på nynorsk. Det kjem også jamt nye lærebøker på nynorsk, seier Osdal.

– Sjølvsagt finst det argument både for og mot. Men eg trur at det å lære målforma som blir brukt lokalt, er med på å bryte ned distansen mellom lokalbefolkninga og innvandrarane. Mange av dei skal ut i jobbar der dei har direkte kontakt med folk i kommunen, slik som i barnehagar og sjukeheimar. Då gjeld det å ha eit språk som knyt deg nærare til dei du kommuniserer med – ikkje eitt som skaper avstand.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:29.05.2017 | Oppdatert:27.01.2021