Mett og god – og utørst

No image

Det motsette av svolten er mett, men kva er det motsette av tørst? Svaret er utørst, eit fullgodt ord frå gammalnorsk.

Mange skriv til Språkrådet og hevdar at vi har eit hol i ordtilfanget, men utørst er faktisk eit ord. Det er til og med ganske praktisk. Berre tenk på tyskarane og dei engelsktalande, som må ty til omstendelege uttrykk som (ich habe) keinen Durst mehr og no longer thirsty!

Mistydd

Påstanden om hol i ordtilfanget byggjer på to mistydingar: 1) at eit antonym må ha ei heilt anna form enn det ordet som er utgangspunktet, og 2) at ord på u- ikkje duger som antonym. Ord som ugift, upraktisk og usunn viser at det ikkje stemmer.

At det ikkje finst ei særskild ordrot for det motsette av tørst, er sant nok, så det finst ein liten ubalanse i ordtilfanget som er interessant nok. Tilstanden kan henge saman med at det òg er ein liten ubalanse mellom fast og flytande føde. Dei fysiske og kulturelle rammene kring mat og drikke er jo ikkje heilt like; til dømes er vatn lett tilgjengeleg og blir difor ikkje tematisert på same vis som mat.

Sjølv om vi har ordet i språket, er det rett nok ikkje vanleg å bruke utørst heilt på line med mett. Det vanlegaste er å seie noko slikt: «Eg e ’kje tørst (lenger).» Og dei fleste seier sikkert heller berre «då eg hadde drukke» enn «då eg var utørst», eller «då eg hadde drukke meg utørst».

Dansk myte?

Både engelskmenn og tyskarar har betre grunn til å diskutere mangelen på eit ord for «ikkje tørst», og det gjer dei, ser vi på nettet. Danskane gjer det òg, for dei har mist ordet for lenge sidan. I Ordsamling fra den norske æsthetiske Literatur siden Aaret 1842 frå 1866 måtte «drikke seg utørst» forklarast for eit dansk publikum: «læsket, ikke meer tørstig». Ordlaget stod i eit norsk folkeeventyr. Om det ikkje var for Asbjørnsen og Moe, kunne utørst såleis ha vore heilt uhøyrt i norsk òg i dag.

Det ville vore ugreitt.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:29.05.2017 | Oppdatert:27.01.2021