Menneska bak orda

No image

Gallup, krøsus, derby, boysenbær, mauser, dresin og boikott er alle ord som er laga av personnamn. Det er herr Gallup og kaptein Boycott prov på.

AV ERLEND LØNNUM

Når ekte og oppdikta eigennamn går over til å bli fellesnamn, kallar vi det eponymi, frå gresk epi ‘ved’ og onyma ‘namn’. Utgangspunktet for eponyma er oppfinnarar, naturvitarar, ideologar, mytologiske vesen, bibelske personar og andre som har sett spor i historia – og i ordbøkene.

Eponymi

Verdskjente oppfinningar er gode døme på eponymi: Røntgen, geigerteljar og diesel kjem frå namna til dei tyske fysikarane Wilhelm Röntgen, Hans Geiger og Rudolf Diesel, og meiningsmålingstypen gallup kjem frå den amerikanske forskaren George Gallup.

Dei fleste eponyma spring ut av naturvitskapen. Forskarar har gitt oss namn på temperaturskalaar som celsius og fahrenheit, måleiningar som ampere og volt, einingar som tesla og ångstrøm, sjukdomar som bekhterev og parkinson og planter som fresia, fuksia og linnea.

Andre eponym kjenner vi frå mytologien (akilleshæl og janusansikt), Bibelen (judas og laban), musikken (saksofon og spinett) og historiske hendingar (giljotin og quisling) – og frå mange andre område, jamfør lista nedanfor, der menneska bak er avslørte.

Eponym i utval                  

frå Bokmålsordboka og Nynorskordboka
boikott Charles C. Boycott 1832–1897 britisk offiser
boysenbær Charles Rudolph Boysen 1895–1950 amerikansk gartnar
celsius Anders Celsius 1701–1744 svensk astronom
derby Edward Smith-Stanley 1752–1834 12. jarl av Derby
diesel Rudolf Diesel 1858–1913 tysk fysikar
dresin Karl Drais von Sauerbronn 1785–1851 tysk oppfinnar
gallup George H. Gallup 1901–1984 amerikansk forskar
geigerteljar Hans Geiger 1882–1945 tysk fysikar
giljotin Joseph-Ignace Guillotin 1738–1814 fransk lækjar
krøsus Kroisos 500-tallet f.Kr. konge i Lydia
marxisme Karl Marx 1818–1883 tysk filosof
mausergevær brørne Mauser rundt 1866 tyske våpenkonstruktørar
morse Samuel Morse 1791–1872 amerikansk oppfinnar
newton Sir Isaac Newton 1642–1727 engelsk fysikar
pirquetprøve Clemens von Pirquet 1874–1929 austerriksk lækjar
quisling Vidkun Quisling 1887–1945 NS-politikar
røntgen Wilhelm C. Röntgen 1845–1923 tysk fysikar
sadisme marki de Sade 1740–1814 fransk forfattar
saksofon Adolphe Sax 1814–1894 belgisk oppfinnar
volt Alessandro Volta 1745–1827 italiensk vitskapsmann
watt James Watt 1736–1819 skotsk oppfinnar
ångstrøm Anders Jonas Ångström 1814–1874 svensk fysikar

Stadnamnord i utval

Ord som er danna av bynamn, er ein liknande kategori.
baldakin silketøy frå Bagdad (før Baldak)
cheddar ost frå engelske Cheddar
denim dongeristoff frå franske Nîmes
korint tørka drue frå greske Korint
limerick skjemtevers frå irske Limerick
mekka uttrykk frå saudiarabiske Mekka
olympiade uttrykk frå greske Olympia
paranøtt nøtt frå brasilianske Para
parmesan ost frå italienske Parma
pergament skinntype frå Pergamon i Lilleasia
pils øltype frå tsjekkiske Plzeň
rottweiler hunderase frå tyske Rottweil
sjanghaie sjøuttrykk frå kinesiske Shanghai
spa kurbad i belgiske Spa
tivoli hageanlegg i italienske Tivoli
ytterbium

grunnstoff frå svenske Ytterby (samt erbium, terbium og yttrium)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter