Språkleg sjonglør

No image

I «Eides språksjov» får ho folk til å le med språklege krumspring og populærvitskapleg formidlingsevne. Men Linda Eide forstår seg ikkje på dei som kallar henne komikar. 

TEKST: LARS IVAR NORDAL | FOTO: KARI NYGARD TVILDE

– Eg hugsar fyrste gongen eg såg «Linda Eide, humorist» på trykk. Då tenkte eg: Kven er det? Men no har eg forsona meg med å verta kalla humorist. Komikar, derimot …

Linda Eide sit blant hundrevis av post-it-lappar på eit romsleg NRK-kontor på Minde i Bergen. For nokre veker sidan gjekk siste utgåve av «Eides språksjov» på NRK1, og dei fargerike lappane vitnar om den grannsame planlegginga som ligg bak eit «snakkesjov» i beste sendetid. Gjennom ni program har ho saman med Gunnstein Akselberg (medvossing og språkprofessor) og Sjur Hjeltnes (medvossing og musikar) kasta lys over språklege fenomen. I dag er ho tilbake på jobb etter ein velfortent ferie.

– Det kjennest bra. Og det kjennest bra at me skal gjera meir av dette, seier Eide. For sjovet har slått an; det vert ein ny sesong neste år. Nordmenn si interesse for språk ser ut til å vera utømmeleg.

– Me har fått enormt mykje respons. Eg har aldri opplevd maken. I byrjinga hadde me inga eiga e-postadresse der folk kunne koma med tilbakemeldingar. Det førte til at min eigen innboks uoppfordra vart full av ris og ros. Då begynte me å syna e-postadressa til programmet, det tok heilt av, og me laga ei eiga spalte av tilbakemeldingane i programmet, fortel Eide.

Kva er det folk seier?

– Eg fekk høyra det då eg sa at noko hadde lagt lenge nok. Du tullar ikkje med sterke verb. Og då Helge Jordal forklarte at pantry var eit slags toalett, skulle ein tru at tredje verdskrigen hadde brote ut. Då var folk i harnisk, som det heiter. Det førte til at me tok eit bilete av Helge Jordal medan han låg på golvet inne på eit toalett. Han måtte leggja seg flat! Elles er det mange ute i verda som kjem bort og seier at dei liker programmet, alt frå passkontrolløren på Flesland til Halvdan Sivertsen på tilfeldig NRK-besøk. Og det er utruleg kjekt.

Frå feilsnakk til språksjov

Linda Eide har eit eige hjørne i rekvisittrommet på NRK i Bergen med minne frå tidlegare program.Ideen vart fødd for fleire år sidan. I 2013 begynte Eide og Gunnstein Akselberg med det månadlege arrangementet «Ut med språket» på Litteraturhuset i Bergen, der dei snakka om laust og fast i språket, med publikum i salen. Etter kvart fekk arrangementet tilnamnet «språksjov».

– Eg ropte ut frå scenen: «Velkomen til Litteraturhusets månadlege språk…», og så svarte publikum «SJOV!». Og sidan publikum ville ha show, måtte me erklæra oss for «språksjov», forklarar Eide.

At det handlar om språk, er ikkje tilfeldig. Sjølv elskar ho «feilsnakk», som ho kallar det.

– Me hadde eit ektepar i programmet, Laila og Karen Anne, der den eine heile tida snubla i faste uttrykk. Ho sa blant anna «gull og grøne erter» og «me heng saman som bjørkeris.» Ei spansk dame sa også ein gong til meg: «Eg føler meg som ein gammal røyk». Det var i grunnen ganske treffande, synest eg! Slike feil kan jo enda opp med å utvikla språket. Men skriftspråket er eg nøyen med, det er viktig at det er eintydig og følgjer faste reglar. Og det er det som er så kjekt med språk, det finst både rett og gale, samstundes som det er heilt anarki. Der desse ytterpunkta møtest, der kan du laga mykje skøy, seier Eide.

Sjølv om ho ikkje liker å bli kalla komikar, er ho altså glad i skøy. Det skuldar ho på eit «halvtalent for å få auge på kvardagskomikk».

Det eg vil unngå for kvar pris, det er likesæla i midten, mellom humoren og alvoret.

– Det eg driv med, er eigentleg faktajournalistikk. Skal ein engasjera med slikt, er det to måtar å gjera det på: anten å få folk til å le og mora seg, eller å gjera folk sinte eller lei seg. Eg er ikkje så flink til å gjera folk lei seg, sjølv om målet mitt i grunnen er å bli flinkare til det. Det eg vil unngå for kvar pris, det er likesæla i midten, mellom humoren og alvoret. Om du til dømes skal snakka om eit semikolon, kan det vera lettare å få folk til å le litt. Det er i alle fall veldig vanskeleg å få folk til å grina av eit semikolon. Men å få folk til å vera likesæle overfor eit semikolon, det er veldig lett.

Maskin eller individ

Sidan 1990 har NRK vore navet i journalistlivet til Linda Eide. Frå 1993 var ho med på oppstarten av NRK Petre, og akkurat det året skulle verta skilsetjande på fleire vis.

– Det var då NRK gjorde det mogleg å nytta dialekt på lufta. Åra før måtte eg prata normert nynorsk.

Korleis var det?

– Det var ikkje bra. For meg vart resultatet dårleg stemmebruk, svakt språk og klager frå lyttarar. Det å kunna nytta vossadialekten på lufta, det var ei gåve. Alternativa for NRK var at eg anten skulle høyrast ut som ein representant for eit maskineri eller som eit individ. Om ein snakkar eit skriftspråk, vert det nødvendigvis ikkje så munnleg.

Sjølv meiner ho at det å bruka dialekt i offentlegheita ikkje byr på vanskar lenger. 

– Nokre spør meg: Kvifor har du behalde dialekten din? For meg blir det som å spørja: Kvifor har du behalde armen din? Men eg trur at dei som ikkje liker at folk bruker dialekten sin, er i ferd med å døy ut. Me har blitt vane med å høyra ulike dialektar, og variasjonen trener språkøyret vårt. Det er annleis med nynorsken. Han er det framleis greitt å diskriminera. Det ser me jo i dei største avisene våre kvar dag. Journalistar får ikkje bruka nynorsken, ein arbeidsreiskap vert rett og slett teken frå dei. Difor er det spanande det som no skjer under sjefredaktør Gard Steiro i VG, der nynorskforbodet vert mjuka opp. Nyleg skreiv den avisa om ein fedmeoperasjon i India – på nynorsk. Det er ikkje ofte eg les om fedmeoperasjonar, men står det på nynorsk, då les eg det frå a til å!

Eide føretrekkjer også å bli intervjua på nynorsk. Men det er ikkje alltid like lett å få til.

– Eg møter mange journalistar som seier at dei ikkje meistrar det. Då tenkjer eg: Ja vel, kan du vera journalist og ikkje kunna skriva nynorsk? Men eg vil bli intervjua på nynorsk. Det er betre for lesaren, for stemma mi kling med i teksten. Somme tider har eg hatt høgtlesing frå intervju med meg sjølv på bokmål i vekeblad, og då held folk på å knekka saman, for det er jo berre ikkje meg.

Det har vore draumen min i tjue år: meir svineri på nynorsk. Nynorsk passar til alt, poesi og politi.

Meiner du då at ingen med bokmålsnært talemål bør intervjuast på nynorsk?

– Nei, det gjer eg ikkje. Men det er liten tvil om at eit portrettintervju med Kåre Willoch på bokmål kling «nærare» han. Samstundes kan eit intervju med han på nynorsk gje folk ein vekkar om at det som oftast er motsett; det er bokmålet som dominerer. Journalistar og redaktørar burde begynna å sjå på dei to skriftspråka våre som ei gåve. For eg trur mange hadde synst det var skøy å sjå meir nynorsk på trykk, i alle samanhengar. Det har vore draumen min i tjue år: meir svineri på nynorsk. Nynorsk passar til alt, poesi og politi.

Kva er det med Voss?

Heimstaden Voss har fått ei sentral rolle i «Eides språksjov». På ein stor skjerm bak scenen ser me Voss sentrum, kalla Vangen, med den mektige Vangskyrkja. Og på scenen sit tre innfødde vossingar. Heilt tilfeldig, forsikrar Eide.

– Me tenkte fyrst å syna omrisset av bygga på Vangen, men så ville scenografen at me skulle ta han heilt ut. Når me syner fram Voss på den måten, vert bygda både konkret og universell, ei klassisk norsk gjennomsnittsbygd. Alle har ein stad dei kjem frå, og då kan dei kjenna seg att i biletet frå Vangen.

Det er mange profilerte folk frå Voss, ein kommune med 14 000 innbyggjarar. Kva er grunnen?

– Det må vera noko i vatnet. Nei, eg snakka med Kari Traa om dette ein gong. Og det er nok slik at om du ser nokon du kjenner, ja, når du ser naboen din vinna OL-medalje, så er det lettare å tenkja «det kan eg også!». For min eigen del vart eg nok inspirert av vossing Ingvild Bryn. Som litt forsiktig bygdis på journalisthøgskulen i Oslo var det bra å vita at det gjekk an å få jobb og merittliste i sjølvaste NRK. Alle er me frå ein plass – om han er liten eller stor, det betyr ikkje så mykje. Dess tryggare du blir på identiteten din, dess opnare blir du. Van Morrison kom til Vossajazz i 1987. Då kan det vel ikkje vera så gale?

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter