Dag for dag

No image

Vekedagane fortel ei himmelsk språkhistorie.

AV ERLEND LØNNUM

Veka vår er prega av fleire norrøne gudenamn: Krigsgudane Ty og Odin, toreguden Tor og kjærleiksgudinnene Frigg og Frøya har gitt namn til tysdag, onsdag, torsdag og fredag. Laugardagen laurdag skil seg ut med sitt jordiske opphav (norrønt laug ‘vaskevatn’), medan månedagen måndag og soldagen sundag sirklar det heile inn.

På latin er det dei romerske gudane som har gitt namn til vekedagane – og planetane: Krigsguden Mars har gitt tysdag, handelsguden Merkur onsdag, himmelguden Jupiter torsdag, kjærleiksgudinna Venus fredag og jordbruksguden Saturn laurdag (Saturday på engelsk).

MÅNDAG månedagen latin dies lunae
TYSDAG Ty-dagen latin dies Martis, Mars-dagen
ONSDAG Odin-dagen latin dies Mercurii, Merkur-dagen
TORSDAG Tor-dagen latin dies Jovis, Jupiter-dagen
FREDAG Frigg-/Frøya-dagen latin dies Veneris, Venus-dagen
LAURDAG laugardagen latin dies Saturni, Saturn-dagen
SUNDAG soldagen latin dies solis

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter