Joker-Arne

No image

Arne Torp likar betre å fortelje om norsk språk enn å forske på det. Han elskar at nordmenn er språkinteresserte, men undrar seg rett som det er over korleis det folkelege engasjementet artar seg.

AV ASTRID MARIE GROV

Arne Torp er språkmannen «alle» har høyrt om. Professoren med den karakteristiske sørlandsrøysta har lenge imponert allmenta med solid kunnskap og formidlingsevne, og har vore å høyre på radio og TV uteljelege gonger. I den kjende Joker-reklamen på radio heimfester han tilsette i daglegvarekjeda frå heile landet på dialekten – rett inn i studio, på strak arm. Ingen kan skulde Arne Torp for å ha mikrofonskrekk.

Arne Torp er pensjonert professor i nordisk språkvitskap frå Universitetet i Oslo.

Medievant

– Eg synest formidling er ein viktig og svært kjekk del av det å vere fagmann. Mange akademikarar er ikkje så glade i det. Dei kan vere kjempegode fagfolk og forskarar, men mangle evna til å overføre kunnskap til andre. Personleg er eg nok ikkje noko stort forskartalent. Det kan du sitere meg på, ler han høgt. – Men det eg kan, greier eg truleg å formidle på ein nokolunde forståeleg måte.

Men, trass påstått manglande forskartalent, professortittel i nordisk språk vart det likevel. Etter å ha flakka rundt litt, mellom anna innom distriktshøgskulen i Bø i Telemark, enda han som vitskapleg tilsett ved Universitetet i Oslo. Med språkhistorie som spesialfelt har Arne Torp vekt språkinteressa i mange. Særleg etter at Joker-reklamen byrja å gå på radioen, får han spørsmål både herfrå og derfrå.

– Mange fagfolk opplever at det dei held på med, er for smalt til å vere engasjerande for publikum. Det problemet har ikkje eg. Publikumsinteressa for norsk språk og norske dialektar er svært stor, og eg får stadig spørsmål om stort og smått frå både media og mannen i gata. Folk seier dei må høyre med Joker-mannen, humrar han.

Det er ikkje uvanleg at fagfolk som opptrer mykje i media, møter skepsis blant kollegaer. Men Torp greier det kunststykket å vere respektert som fagmann både i nordiskmiljøet og ute blant publikum.

– Eg har aldri fått negative kommentarar frå kollegaer på at eg er synleg i media, så det folk måtte ha å seie, seier dei bak min rygg. Eg er sjølvsagt klar over at det avgrensa tidsformatet særleg TV og radio er, ikkje gjev rom for å nyansere noko særleg. Men det gjeld å ta mediet for det det er, og nytte den tida ein har til rådvelde.

Engasjert fagmann

Engasjementet for norsk språk er like glødande som det høyrest ut til hjå Torp. Og slik har det i grunnen alltid vore.

– Eg skjøna nok tidleg at eg ville drive med språk, med ein plan om å jobbe i skulen. Noko av det som vekte interessa i meg for alvor, var den brokete dialektsituasjonen i heimeområdet i Agder, seier Torp, som voks opp i Holt ved Tvedestrand.

– Eg synest framleis det er utruleg fascinerande kor kort ein skal reise i Agder-fylka før dialekten endrar seg radikalt, særleg frå kysten og innover til Setesdal. Der snakkar dei eit talemål andre austegdar nok ikkje forstår om dei møter det i den mest tradisjonelle varianten.

For to år sidan vart Torp pensjonist, men han har på ingen måte slutta å pleie interessa for språk. Oppdraga strøymer stadig inn, anten det er som lærebokforfattar, eksamenssensor eller føredragshaldar, til dømes for ulike lag og foreiningar. Sjølv om Torp set stor pris på det folkelege engasjementet for språk, ristar han av og til på hovudet over korleis det artar seg.

– Folk er så konservative når det gjeld talemålsforandringar, men det rare er at det som regel berre gjeld det sentralaustlandske standardtalemålet. At ungar i Oslo-området byrjar å seie sjino og såleis missar kj-lyden, er visst ille, men at folk i Øvre Telemark kuttar ut ei heil rad med vokalar, som i mange generasjonar har vore ein del av dialekten, det er visst heilt greitt. Nei, folk er rare!

Dialekthierarki

Samanlikna med andre land er Noreg kjent for å ha ein ganske høg toleranse for ulike dialektar og talemål. Torp meiner ein god nordist må ha synspunkt på den norske språksituasjonen, og sjølv nøler han ikkje med å uttrykkje kjærleik til han.

– Eg synest det er ei stor glede å leve i det norske språksamfunnet. Tenk at ein her i stor grad kan snakke dialekten sin utan at folk reagerer på det. Det synest eg er så flott. Likevel er det ingen tvil om at det er eit dialekthierarki i landet, og at det er enklare å bruke somme dialektar offentleg enn andre. Folk som er synlege i media, har difor eit særleg ansvar for å vere gode førebilete og bruke dialekten sin. Det vil igjen gje andre mot til å stå fram med sitt eige talemål.

Torp er ein folkemålstentusiast, ikkje berre i tale, men òg i skrift. Han har vore med og skrive mang ei lærebok, både for vidaregåande skular, universitet og høgskular. Då går det stort sett på nynorsk.

– Ein god grunn til at eg brukar nynorsk, er at me treng folk som skriv lærebøker i den målforma, for det er det ikkje så mange som gjer. Ein annan grunn er at eg ikkje får skrive det bokmålet eg vil, når eg skriv bøker i lag med andre. Eg skriv eit nokså radikalt bokmål og er glad i å utnytte mykje av valfridomen som finst i rettskrivinga. Det blir redigert vekk, fordi forlaget ønskjer at språkformene skal vere einsarta. Når valet står mellom å skrive konservativt bokmål eller nynorsk, skriv eg heller nynorsk, seier han bestemt.

Meistrar fleire språk

Sjølv om Torp har spesialisert seg på nordiske språk, er han breiare skulert enn som så. På universitetet byrja det med tysk, før han som aller fyrstemann studerte nederlandsk i Noreg.

– Eg visste jo at skandinaviske språk har blitt mykje påverka av lågtysk, og dermed var både tysk og nederlandsk nærliggjande val. Dessutan såg eg for meg ein karriere som lektor den gongen, og då var tysk nyttig å ha.

– Men det er jo dei nordiske språka eg kan best, særleg norsk, dansk og svensk. Og islandsk har eg lært meg toleleg bra på eiga hand. Eg budde på Island eitt år på sekstitalet, og då var det berre å hive seg uti det, for islendingane er ikkje så støe i skandinavisk, og eg var jo ikkje der for å snakke engelsk. Færøysk er vel meir så som så, men eg kan no iallfall lese det. Men det er vanskeleg for skandinavar å få trening i færøysk, for færingane er så gode i dansk.

Endra nordiskfag

Torp har vore vitne til ei kraftig dreiing av innhaldet i nordiskfaget gjennom karrieren. Den store forskjellen er at faget har blitt mindre tilbakeskodande enn det ein gong var. Unge forskarar fordjupar seg gjerne i noko heilt anna enn det som var vanleg då han var ung.

– Då eg byrja på nordisk på 1960-talet, var det faglege perspektivet og innhaldet i faget einast historisk, eller diakront, som ein gjerne kallar det. Det vil seie at ein stort sett studerte eldre norske tekstar og trekte linjer frå det som hadde vore.

I dag studerer ein i større grad språket slik det ser ut her og no, utan nødvendigvis å trekkje historiske linjer. Men Torp er ikkje nokon nostalgikar på vegner av sitt eige fag.

– Utviklinga er ein naturleg konsekvens av at det byrjar å bli ei god stund sidan nasjonsbygginga vart avslutta. Me må nok berre slå oss til ro med at det historiske blikket på språkvitskapen vel er litt for spesielt interesserte. Eg har likevel sett at studentar får augo opp for det diakrone når dei byrjar på nordiskstudiet. Mange starta fordi dei interesserte seg for litteratur, men så oppdagar dei at dei tradisjonelle språklege emna var langt meir spennande enn dei hadde trudd.

– Og i skulen ser ein den same utviklinga. Norsk har i stor grad blitt eit reiskapsfag, og særleg får studiet av tekst stadig større plass innanfor faget. For kvar einaste nye lærebok eg har vore med på, har det historiske blitt tona ned. Det diakrone ved norskfaget i vidaregåande opplæring har fått mindre plass, konstaterer han.

Vern om historia

Torp meiner at ein ikkje må gløyme det historiske ved språkvitskapen, og han er sterkt kritisk til måten Universitetet i Oslo har handtert slike saker på i det siste.

– Eg reagerer på at den historiske delen av språkvitskapen blir mindre verdsett ved universiteta. Eit framståande døme er korleis universitetet har behandla storprosjektet Norsk Ordbok 2014 [les meir om saka her, red. merk.]. Der skjemst eg på vegner av den gamle arbeidsgjevaren min. Det å avslutte eit slikt prosjekt rett før det er ferdig, og i tillegg sende mykje innsamla, verdfull kunnskap om språk ut i uvissa ... Nei, der har universitetet svikta.

– Kunnskap om ord og skrivemåten deira er noko av det folk interesserer seg mest for ved språk, og slike oppgåver bør ha ein sjølvsagt plass ved universiteta. Så sjølv om det er spennande å forske på språket med eit moderne blikk, må me ikkje gløyme historia vår.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:14.09.2015 | Oppdatert:27.01.2021