Iskremen som smelta

Der eg voks opp i femtiåra, stod det ISENKRAM på eit butikkskilt, det som i dag heiter jernvarehandel

Eg kjende vel til isen, ei sjeldsynt vare, som me ikkje fekk før 17. mai. Isen kunne også heita iskremen, så isenkram tydde nok ’is’, for kram tydde sikkert ’krem’, tenkte eg da.

Somme som dreiv handel, vart kalla kramkarar. Nokre stod i ei krambu, som viser den opphavlege, lågtyske tydinga av kram: ‘handelsbu’. Dei som åtte ei krambu, var nok ikkje krammarar, men kremmarar, enda dei selde kram og krimskrams. Og det var ofte dårlege varer. Ordet kremmarsjel lærde eg seinare, og det var ein som var for mykje oppteken av pengar.

I kremmarhusa budde korkje kremmarar eller andre, for «huset» var ein krumkakeliknande papirpose som ein fekk kandissukker i, dersom ein hadde pengar til noko så gildt.

Mange år seinare lærde eg at det tyske ordet Eisen tydde ’jarn’. Og da eg enda seinare kom over at isen var det nedertyske ordet for Eisen, gjekk det eit lys opp for meg, og draume-isen smelta brått.

 

-- Av Svein Nestor, cand.philol.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:14.09.2015 | Oppdatert:27.01.2021