Når vi kodevekslar

Setningar som «Alt er awesome i mitt liv» er døme på ei språkblanding som blir kalla kodeveksling. Kvifor blandar nordmenn inn engelske ord og frasar i daglegtalen? Vi burde då heller snakke «rein» norsk?

AV MARIA BOER JOHANNESSEN

Dette var temaet for masteroppgåva mi, der eg intervjua åtte personar frå 20 til 30 år, fire engelskstudentar og fire som ikkje har studert engelsk utover vidaregåande utdanning. Analysane, generaliseringane og døma i denne artikkelen er hovudsakleg basert på desse intervjua.

Kodevekslinga kan skje mellom eller inne i setningar og er svært vanleg overalt der fleire språk møtest. Skiljet mellom lånord og kodeveksling er flytande, så for å gjere det enkelt har eg brukt ordboka for å avgjere om eit ord er akseptert som norsk.

Korleis?        

Alle informantane brukte for det meste enkle engelske ord inne i elles norske setningar, og i somme tilfelle også samansette ord eller korte frasar. Fleire av desse er ganske vanlege å observere hjå nordmenn, som yes, lost, fuck, date og twerke. Men engelskstudentane brukte nesten dobbelt så mykje engelsk som dei i blandingsgruppa, og dei brukte oftare litt meir avanserte engelske ord, som revenue, biased og trade union. Det var veldig sjeldan at nokon brukte heile engelske setningar innimellom norske setningar.

Ofte sa informantane dei engelske orda med ein ekstra påteken aksent, til dømes ein tullete norsk-engelsk. Dei kunne også få dei engelske elementa til å framstå som eit sitat eller ein imitasjon, slik at engelsken blir eit framandelement og ein måte å markere distanse på. Slik kan den som snakkar, vere mindre sårbar, og slik kan ein også leggje til ekstra humor eller andre tydingar, mellom anna ved å bruke ord som sånn og eh: «Altså, sånn, stiff upper lip, posh greie.» «Det er noko, eh, foreign der.» «Blir ofte litt sånn, når du prøver, blir du lett litt sånn redneck innimellom.»

Når?

For å kodeveksle mellom engelsk og norsk må ein openbert ha grunnleggjande kunnskap i begge språka, og mange nordmenn kan engelsk godt. Så kvifor snakkar vi ikkje engelsk og norsk om kvarandre heile tida? Ifølgje mine funn er det viktig kven ein snakkar med. Om det er mange deltakarar i ein samtale, er det større sjanse for at ein ikkje kjenner alle like godt, og då er det lettare å modifisere engelskbruken sin – ein kan ikkje vere sikker på at alle forstår engelsken, eller set like stor pris på at den blir brukt. Men om ein høyrer til i same sosiale nettverk som samtalepartnarane sine, til dømes gjennom studiar, jobb eller familie, kan det vere lettare å vurdere kva som er riktig språkleg åtferd, uavhengig av om ein snakkar med ein eller fem personar. Uansett er det mindre sannsynleg at ein kodevekslar på engelsk i meir formelle situasjonar som eit jobbintervju, eller når ein snakkar med eldre eller yngre personar som ein veit ikkje kan engelsk.

YES

Kvifor?

Ein grunn til at nordmenn kodevekslar med engelsk, kan vere at ein i somme høve kommuniserer betre ved å veksle mellom engelsk og norsk. Av og til kjem ein på det engelske ordet først eller føler at det passar betre enn det norske, og då kjennest det lettast og rettast å berre bruke det. Dette heng til dels saman med kor flink ein person er i engelsk, for høg ferdigheit vil gjere det lettare å bruke språket.

Ein annan grunn kan vere at ein ved kodeveksling vil identifisere seg med og høyre til ulike sosiale eller kulturelle grupper. Nordmenn brukar engelske ord og uttrykk som viser at dei høyrer til ein engelskspråkleg kultur, men ein ser samtidig at dei også avgrensar bruken av engelsk og markerer den på ulike måtar for å vise den norske språkidentiteten.

Dette viser ein kompleks språkidentitet: Nordmenn er generelt gode i engelsk og kunne på språkleg grunnlag ha kodeveksla mykje meir enn dei faktisk gjer. Likevel er kodevekslinga gjerne avgrensa eller markert som framandelement. Nordmenn tilpassar altså sine eigne språkhandlingar til ulike situasjonar, både umedvite og medvite.

 

-- Maria Boer Johannessen er utdanna lektor ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i Trondheim, med ein master i engelsk språkvitskap.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter