Lesarspørsmål


Lesarspørsmål - logoSpørsmål: Hva er opprinnelsen til ordet elveblest?

Svar: Elveblest er ifølge medisinske ordbøker en flyktig, oftest allergisk betinget hudreaksjon med røde vabler og kløe. Elveblest kalles også neslefeber. Det latinske navnet er urticaria (urtica betyr ’brennesle’).

Det er ingen elvevind som er bakgrunnen for det norske navnet på sykdommen. Skal vi tro de allmennspråklige ordbøkene, er det alvene som har vært på ferde. Elveblest betyr egentlig ’alveblåst’. I tidligere tider mente folk at sykdommen kom av at overnaturlige vesen hadde blåst på en. Troen på at overnaturlige vesen kunne påføre folk sykdom, finner vi også spor av i ordet hekseskudd.

Også dyr kunne bli rammet av alvene. Når dyr ble syke, hendte det at folk mente det kom av skudd fra overnaturlige vesen. Det alvene skjøt mot dyr med, var naturligvis en alvpil.

***

Spørsmål: Eg finn ikkje ordet dusjing i Nynorskordboka, korkje i papirutgåva eller på nettet. Er ikkje dette eit ord?

Svar: Ikkje alle ord eller ordformer står i ordbøkene. Det er ingen tvil om at dusjing er eit ord – du bruker det jo sjølv. Grunnen til at dusjing ikkje er teke med, er først og fremst mangel på plass. Av dei aller fleste norske verb kan det dannast eit substantiv på -ing, og substantivet uttrykkjer då ’det å utføre handlinga som verbet nemner’, i dette tilfellet ’det å dusje’. Fordi dette er ein så vanleg orddanningsmåte, har ordbokredaktørane valt å ikkje ta med alle desse verbalsubstantiva. Nokre -ing-ord står likevel i ordbøkene dersom dei har ei spesiell tyding eller ein særskild bruk eller fører til rettskrivingsproblem av noko slag. Dusjing er ikkje spesielt vanskeleg slik. Plassomsyn var viktigare før, då ordbøkene berre eksisterte på papir. På nettet har ein jo uavgrensa plass, så der kunne slike ord gjerne ha stått.

***

Spørsmål: Hva gjør jeg med punktum etter forkortelser når det forkortede ordet kommer til slutt i setningen? Skal jeg sette to punktumer?

Svar: Du skal i slike tilfeller bruke bare ett punktum, for eksempel Timeprisen er kr 1200 inkl. mva.

***

Spørsmål: Korleis skriv vi «skule-noreg» rett?

Svar: Nydanna ord av denne typen skal skrivast med bindestrek og med stor førebokstav i begge ledda. Det riktige er altså for eksempel Skule-Noreg, Sommar-Noreg og Utdannings-Noreg.

***

Spørsmål: Heiter det julekalender eller adventskalender? Eg finn berre adventskalender i ordboka, men eit søk på nettet gjev mange fleire treff på julekalender.

Svar: Det er nok ein korrekt observasjon at julekalender no blir brukt meir enn adventskalender, sjølv om desse kalendrane framleis gjeld for advent og ikkje for jula. I kyrkjeåret kallar ein dei fire siste vekene før jul advent. Då adventskalendrane kom i bruk på 1940-talet, heitte dei nettopp det.

Advent er opphavleg ein kristen tradisjon, ei førebuing før Jesu fødsel. Tidlegare var det berre kyrkjene som markerte advent. På den tida då advent vart innført, i ca. år 400, var det vanleg at dei kristne gjekk inn i ein fasteperiode. Tradisjonen med faste er det framleis ein del kristne som praktiserer.

Det kan vere fleire grunnar til at julekalender no blir brukt meir enn adventskalender. I vår tid tek juleførebuinga til tidlegare og tidlegare, slik at den eigenlege ventetida kan drukne i ståket. Kanskje begynner advent å bli framand for mange, medan handelsstanden veit at alt med jul- i sel godt. Reint språkleg er både adventskalender og julekalender kurante ord.

***

Spørsmål: Skal en bruke punktum for å markere setningsslutt når en avslutter en setning med tre prikker som utelatelsestegn?

Svar: Det skal ikke være mellomrom eller et ekstra punktum når en setning avsluttes med tre punktumer/utelatelsestegn: Den som ler sist ... Hun smilte for seg selv.

Det skal ikke være mellomrom mellom de tre punktumene (prikkene). Når de angir at et ord er avbrutt, er det ikke noe mellomrom foran dem, men det skal være mellomrom etter siste punktum før et nytt ord: Den der idi... Han fullførte ikke setningen.

***

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter