Kjære lesar!

Når vi snakkar om daglegdagse emne, som busstider eller påleggsprisar, har vi vanlegvis dei orda vi treng. Men ofte snakkar vi om meir spesialiserte fagområde. Det kan til dømes vere ei forklaring av heimeleksa i kjemi, ein rådgjevingssamtale i banken eller eit politisk ordskifte om fornybare energikjelder.

Direktør i Språkrådet Arnfinn Muruvik VonenSlike samtalar krev gjerne at vi har lært oss fagtermar som reaksjon, annuitet eller forsyningstryggleik. Her i Noreg ventar vi at vi kan ha slike samtalar på norsk. Men kva skjer med dei norske fagtermane viss fagmiljøa ved universiteta og høgskolane våre sluttar å bruke norsk?

Det finst faktisk allereie mange studietilbod der ikkje berre pensumet, men òg undervisninga er på engelsk. I fleire naturvitskaplege fag er det mest ingen forskingsrapportar som blir publiserte på norsk lenger. Utdanningsinstitusjonane bruker engelsk for å vere med på linje med resten av verda i forskinga og i konkurransen om studentar. Men dette fritek ikkje institusjonane for det lovpålagde ansvaret dei har for å halde ved like og utvikle norsk fagspråk. Den dagen vi må ty til engelsk for å snakke om klimapolitikk i Noreg, har vi mist både eit viktig språkleg domene og ein bit av demokratiet vårt.

Det krev omtanke og medvit å få til ein god parallellspråkleg praksis etter slagordet «norsk når du kan, engelsk når du må». Men den jobben må faktisk universiteta og høgskolane våre gjere. Røynsler frå andre nordiske land bør brukast i dette arbeidet. Vi kan ikkje vere dårlegare enn naboane våre!

Arnfinn Muruvik Vonen

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:02.12.2014 | Oppdatert:27.01.2021