Kolvereid

Kolvereid er eit eid i Nord-Trøndelag. Eit eid er ein stad der ein går for å koma over til den andre sida av ei øy, eit nes eller liknande. Ordet eid må vera svært gamalt, for rota ei- finn ein til dømes att i den litauiske infinitiven ei-ti, som tyder ’å gå’, og i gammalgresk ei-mi, som tyder ’eg går’.

Kolv har opphav i norrønt kolfr, som mellom anna tyder ’stong’ i ei klokke eller ei bjølle. Kolven er den delen av klokka eller bjølla som slår mot bellen, den klokkeforma metallkappa som kolven dinglar i. Ordet bell finst i standardnynorsk og i ein del norske dialektar. På engelsk er bell det vanlege ordet for ’klokke som ein ringjer med’.

PepperkakeDa står berre leddet -er- i Kolvereid att. Ein del norrøne hankjønnsord har endinga -ar i genitiv eintal. Det har til dømes namnet Tengsareid framleis, og -er- i Kolvereid og Spangereid er ei vidareutvikling av -ar. Namnet Kolvereid har nok å gjera med noko i terrenget som liknar ein kolv.

 

-- Av Svein Nestor, cand.philol.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter