Klare kommunar

– Bak breva vi sender ut, skjuler det seg faktisk sympatiske og hyggelege menneske, sa ein kommunetilsett om ei oppdaging han nyleg gjorde i klarspråksarbeidet.

AV TORUNN REKSTEN

«Ein enklare kvardag for folk flest» er eit av måla til regjeringa. Kommunal- og moderniseringsdepartementet jaktar mellom anna på tidstjuvar for å nå målet. Departementet reknar uklart språk i tekstar til publikum som ein openberr tidstjuv. Sidan kommunane er det viktigaste kontaktpunktet for innbyggjarane, har kommunar og fylkeskommunar fått nesten ein million kroner til ei etterlengta klarspråkssatsing i år.

Eit pilotprosjekt

Ti utvalde kommunar og fylkeskommunar deltek i pilotprosjektet «Klarspråk i kommunesektoren». Prosjektet vert leia av kommunane sin organisasjon, KS, og får hjelp av ein ekstern språkkonsulent og prosjektkoordinator.

– Måla med prosjektet er å utvikle metodar for klarspråksarbeid i kommunesektoren og betre standardtekstar som kan delast og brukast av alle. Det er jo den store fordelen med klarspråksarbeid i kommunane. I motsetnad til statlege verksemder tilbyr kommunar og fylkeskommunar stort sett dei same tenestene over heile landet, så resultata vil kunne komme heile kommunesektoren til gode, seier prosjektleiar Anna Holm Vågsland i KS.

– Likevel ser vi sjølvsagt at vi kan dra nytte av klarspråksarbeidet som er gjort i staten. Vi kan bruke mange av ressursane som alt er utvikla, og delingskulturen frå det statlege prosjektet «Klart språk i staten» skal vidareførast. Dessutan deler Språkrådet og Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) kunnskapen sin om klarspråk ved å delta sentralt i prosjektet, legg Vågsland til.

Dei som er med

Mange kommunar har jobba mykje og godt med språket sitt i fleire år, og nettopp desse kommunane var spesielt velkomne til å delta i pilotprosjektet. Kommunane som deltek, skulle samarbeide minst to og to, vise at arbeidet ville få ein viss effekt, forplikte seg til å evaluere og sikre at resultata kan delast med andre.

Prosjektet fekk fire grupper:

  • kommunane Stavanger, Bodø og Tønsberg
  • kommunane Sarpsborg og Fredrikstad
  • Kongsberg kommune og fylkeskommunane Akershus og Vest-Agder
  • fylkeskommunane Nord-Trøndelag og Rogaland

Gruppene har ulik tilnærming til klarspråksarbeidet. Ei gruppe arbeider til dømes med praktiske saksframlegg, ei anna med brev og annonsar.

Hos klarspråksveteranen Rogaland fylkeskommune har klarspråksarbeidet så langt handla mykje om språkkultur og å få medarbeidarane med på laget. Dei meiner at språk skal vere gøy, så dei har brukt positive verkemiddel, halde klarspråkskurs og utforma og implementert språklege retningslinjer. Kvar gong ein medarbeidar kjem til erkjenninga «Har vi faktisk sendt dette brevet til nokon?», er det jubel i klarspråksgruppa.

Brukartesting som metode

Brukartesting er eit anna område pilotprosjektet samlar erfaring om. Skal ein tekst fungere etter formålet, må han jo verte forstått av målgruppa. Det er vanskeleg å vurdere sjølv kor godt vi kommuniserer, så brukartesting er grunnleggande i klarspråksarbeid.

Både Sarpsborg og Fredrikstad har mellom anna brukartesta eit brev. Sarpsborg jobbar med å betre brev på oppvekstområdet, og dei stilte rett og slett opp på eit foreldremøte i ein barnehage og delte ut brevet og seks spørsmål. Fredrikstad har testa eit brev på skulefeltet. Dei har gått grundig gjennom brevet og funne mange betringspunkt.

Bodø har testa ein annonse frå byplanavdelinga, og Tønsberg har testa eit brev på kollegaer som jobbar med andre fagfelt og dermed har andre føresetnader for å forstå teksten.

– Det var NRK Vestfold som valde brevet for oss, smiler prosjektdeltakarane frå Tønsberg ironisk.

Litt motstand er det jo

Det kan vere tidkrevjande å overtyde fagpersonar om at det går an å skrive på ein annan måte enn dei alltid har gjort. Somme er redde for at det skal bli for enkelt og dermed ikkje halde juridisk, andre synest ikkje språkarbeid er noko å bruke tid på. Likevel får dei fleste gjennomslag for ideane sine så lenge alle med eigarskap til teksten får vere med i endringsprosessen, og det kjem fram kva ein faktisk kan tene på å skrive betre.

– Dei fleste forstår at når du sender ut eit brev som er uforståeleg, plagar du først mottakaren, så sørvistorget, som må sluse mottakaren vidare til den overarbeidde fagavdelinga, som prøver å finne deg. Og du sit gjerne i eit møte, seier prosjektleiar Vågsland.

– Når pilotprosjektet er over i mars 2015, håpar vi at vi har samla så gode erfaringar og resultat at vi kan få sett i gang eit hovudprosjekt. For det er vanskeleg å ikkje sjå nytten av å skrive klart og godt.

-- Torunn Reksten er seniorrådgjevar i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter