Lesarspørsmål


Lesarspørsmål - logoSpørsmål: Vi knyter gjerne ferie til noko vi ser fram til og vonleg tenkjer tilbake på med glede i ettertid. Men kvar kjem ordet eigentleg frå, og kva betydde det opphavleg?

Svar: Ordet ferie vart utbreidd på 1900-talet, men er mykje eldre enn som så. Det kjem frå latin, der feriae (eit substantiv i fleirtal) var ei nemning brukt om religiøse festdagar då ein ikkje dreiv handel og næring. Det er i slekt med både fest, feire og feiring. Svært tidleg kom ferie i bruk i skolen, om dei tidsromma då det ikkje vart undervist, og i rettsvesenet, om periodar då det ikkje vart halde rettsmøte. Det nokså sjeldne omgrepet rettsferie vitnar framleis om akkurat den bruken. No for tida bruker vi ordet først og fremst i samband med skolen og arbeidslivet.

I skoleverket var det tidleg ferieordningar for elevar og lærarar, men i arbeidslivet generelt er ferie eit mykje yngre fenomen. I Noreg fekk arbeidstakarar gradvis rett til ferie gjennom avtaler frå slutten av 1800-tallet, til den første lova som regulerte dette, kom i 1936.

Sidan då har vi fått mange nye, samansette ord med ferie, som fortel om gradvis velstandsutvikling og nye vanar. Både feriebesøk, feriedag, feriehus, feriekoloni, ferieliv, feriereise, feriestad, feriestemning, ferietur, haustferie, juleferie, potetferie, påskeferie og sommarferie ser ut til å vere frå før 1940. I perioden 1945–1975 kom så blant anna fellesferie, ferieadresse, ferieavløysar, ferieavvikling, feriebok (der ein limte inn merke for opptente feriepengar), feriefotball, feriegjest, ferieland, ferieordning, ferieparadis, feriepengar, ferieår og sydenferie. Frå seinare år stammar ord som ferieflytting, feriemodus, ferieskatt, gardsferie, opplevingsferie, ryggsekkferie og temaferie.

***

Spørsmål: Om våren kjenner jeg ofte en eim av råtne planter. Har dette fenomenet et navn?

Svar: Da er det nok den såkalte isbrannen som ulmer. I Norsk Ordbok med 1000 illustrasjoner er isbrann definert som «skadevirkning på planter (gressplener) om våren ved at solvarme og frost stadig skifter». Store norske leksikon skriver videre: «Opptrer i søkk på flat mark. Lyset slipper igjennom isen så plantene begynner å ånde, men is og vann hindrer lufttilførselen, så plantene kveles. Isbrann kan gjøre stor skade på eng, høstsæd og plener. Motvirkes ved god planering med avløp for overflatevann.»

***

Spørsmål: Er sankthans og jonsok egentlig det samme?

Svar: Svaret er ja. Sankthans eller Sankt Johannes’ dag, som er det fulle navnet, er en kirkehøytid til minne om døperen Johannes’ fødsel 24. juni. Dette markeres i Norge med bålbrenning kvelden før, på sankthansaften. I en del norske dialekter kalles høytiden jonsok, som var det gamle norske navnet. Både Jon og Hans kommer av Johannes. Endelsen -ok er den samme som vi finner i olsok (Olavsdagen 29. juli, dødsdagen for Olav den hellige). Den kommer av voke, som betyr ’våke, våkenatt’. Jonsok er altså en våkenatt for Johannes døperen.

***

Spørsmål: På svensk seier dei ett glatt svin. Kva heiter det tilsvarande på norsk?

Svar: Det norske motsvaret er ein glad gris. Glad har inga bøyingsending i eintal på norsk (og dansk). Det heiter altså ein glad gris og eit glad svin, eit glad menneske osv. I fleirtal er bøyinga normal, for der heiter det glade. Svensk har hankjønnsforma glad, men inkjekjønnsforma glatt, slik vi for så vidt også skulle ha hatt, bortsett frå at den norske skrivemåten ville ha vore gladt.

Andre einstavingsadjektiv som sluttar på -a, som sta og bra, manglar også ending i inkjekjønn eintal på norsk. Det heiter eit sta barn og eit bra opplegg. Også i fleirtal heiter det bra,mens det kan heite både sta og stae.

***

Spørsmål: Det er to slags brikker i eit puslespel. Den eine har ein tange som stikk ut, og den andre ei vik, og tangen skal då høve inn i vika. Dette veit alle puslarar, men har vi norske ord for tangen og vika?

Svar: Språkrådet har fått framlegg om kva dette kan heite på norsk. Eit framlegg går ut på at ein bør kunne bruke tunge på norsk sidan persarane bruker ordet for tunge, til dømes positiv tunge om utstikkaren og negativ tunge om vika. Eit anna framlegg er rett og slett tunge om utstikkaren og vik om vika.

Er det nokon som har andre framlegg, eller veit kva nemningar folk i faget nyttar? Skriv til oss!

***

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter