Rauva oppi nasen

No image

Rauv har me frå norrønt. Dei skreiv rauf, men uttala det rauv, på same måten som dei skreiv klauf, men uttala det klauv.

Rauva er meir innskrenka nå for tida enn i norrøn tid, for da tydde rauf både ’hol’, ’rift’ og ’opning’ generelt. Norrønt hadde eit sterkt verb at ryfa, som tydde ’å riva’. I preteritum heitte det rauf (som dei uttala rauv). Substantivet rauf og verbet ryfa høyrer heilt klårt saman.

’Nase’ heitte nasi på norrønt, som òg hadde eit samansett ord nasrauf ’nasebor’. Eit anna norrønt ord for det same var nǫs, som i fleirtal heitte nasar eller nasir.

Moderne norsk har substantivet eit bor (som er ein reiskap) og verbet å bora, men ikkje noko usamansett substantiv bor om holet som boret borar. Men det samansette nasebor finst, og norrønt hadde det usamansette hokjønnsordet bora.

’Nase’ heiter nose på engelsk, og ’eit nasebor’, som heiter a nostril, må sjølvsagt vera avleidd av nose. Men kva er tril, som må tyda ’hol’, i nostril for noko? Jo, det er opphavleg gamalengelsk thyrel, som tyder ’hol’. Ordet drill, som tyder ’boreverktøy’, må òg vera det same ordet.

Nynorsk har det sjeldsynte ordet tverel, som i Norrøn ordbok er forklart med ’kinnetvora’. Det er den stonga dei brukte i ei kinne når dei kinna smør. Norrønt hadde ordet þyrill, som opphavleg kan ha tydd ’spiss’ eller ’horn’. Då gjev det meining at Þyrill òg er eit fjellnamn. Fjellet finn du på Island – og her øvst på sida.

 

-- Av Svein Nestor, cand.philol.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:11.03.2014 | Oppdatert:27.01.2021