Ord som finst og ikkje finst

– Du som jobbar i ordbok, sa ein norsklærar til meg. – Kan ein skrive sjølvinnsikt? Det står ikkje i Nynorskordboka, og elevane spør om det er lov.

AV LEIV INGE AA

Nei, det er ikkje lov, det er faktisk straffbart, særleg overfor barn, kunne eg ha sagt, men dessverre sa eg noko anna, trass i denne makta eg var tillagt som ein slags lovbokforfattar. Det som slo meg, var nemleg: Kvifor i all verda står ikkje sjølvinnsikt i Nynorskordboka? Er ikkje det eit heilt vanleg ord?

Eg slår opp i førsteutgåva frå 1986. Ikkje noko oppslag. Eg leitar i lett tilgjengeleg materiale, slik som Nynorskkorpuset, ei digital tekstsamling med over 100 millionar nynorskord frå dei 140 siste åra, frå skjønnlitteratur, fagbøker, dagsaviser og anna. Der ser det ut til at sjølvinnsikt er lite brukt før, men har teke seg opp dei 20 siste åra. Kanskje etablerte det seg for seint for førsteutgåva og har sidan vorte oversett?

Sjølvkjærleik

Om lag der sjølvinnsikt skulle ha stått i Nynorskordboka, der står sjølvkjærleik. Kven seier det? Eg googlar det og får nokre få treff frå ordbøker, eldre og religiøse tekstar. Eg googlar sjølvinnsikt og får opp eit femsifra tal. Google spør likevel: «Mente du selvinnsikt?» Det gir eit sekssifra tal!

Vi har altså eit ord som knapt finst i levande bruk i dag, sjølvkjærleik, men som står trygt planta i ordboka, og vi har eit ord alle synest å bruke, som ikkje finst i ordboka. Kva er så grunnlaget for å ta med den marginale sjølvkjærleiken i ordboka? Jau, det vart skrive på 1800-talet av Henrik Krohn og utover 1900-talet mellom anna av Sigmund Skard.

Sjølvkjærleik har på ei vis vorte innlemma i den nynorske skriftkulturen. Ein har prøvd å normere det inn i det nynorske ordtilfanget som ein avløysar til egoisme. Sjølvinnsikt har til no ikkje kome inn i den same normerande ordbokvarmen, med den følgja at mange trur dei ikkje har lov til å skrive det.

Menneske bak språket

Ei slik miniundersøking demonstrerer noko heilt generelt om ei ordboks avgrensingar og kanskje misoppfatta maktposisjon. Ordbokarbeid er arbeid om menneskespråk, gjort av menneske. Vi er i kjerneområdet for humaniora, der menneske vurderer, tolkarog dokumenterer sider ved, i dette tilfellet, eit skriftspråk. Éin ordbokredaktør kunne vurdert sjølvinnsikt som trykkeverdig, ein annan har vraka det. Dei orda som får oppslag, blir vurderte ut frå eit avgrensa materiale. I trykte ordbøker er det dessutan avgrensa med plass. Nokre ord som openbert finst, blir utelatne fordi dei er marginale.

Ordbøkene som normerer nynorsk og bokmål, er derfor ikkje absolutte, dei er ikkje lovbøker eller heilage skrifter, trass i heilaggjeringa av somme avløysarord.

Faktisk og mogleg norsk

Nynorskordboka er altså ikkjeei ordbok over alle tillatne nynorske ord, slik Bokmålsordboka heller ikkje summerer opp eller dikterer kva ord ein må halde seg til i bokmål. Men oppsummering er eit eigna stikkord for ordbøker. Om vi hadde hatt ei perfekt ordbok, som registrerte og fortløpande presenterte alleord som nokon gong var produserte på nynorsk og bokmål, ville det likevel berre vere ei oppsummering av den skrivne norsken til no – det faktiske språket vårt, sjølve kulturskatten norsk. Men språket vårt er endå meir fantastisk enn ein aldri så verdefull kulturskatt. Språket vårt er laga slik at vi alltid – til ei kvar tid – kan seie noko annaenn det som er sagt til no.

Vi kan setje saman nye ord, slik tabloidane gjer. Og vi kan låne ord utanfrå som grammatisk sett blir norske idet vi set på ei norsk bøying: fans-en.Legg merke til at den norske eintalsendinga overstyrer den engelske fleirtalsendinga. Fansen er eit masseord i norsk.

Vi har med dette ein faktisk norsk, med all norsken som er sagd og skriven til no, og ein moglegnorsk, den norsken som er moglegå produsere gitt dei norske grammatiske rammene våre.

Ordtilfang og grammatikk

Den heimlege grammatikken overstyrer altså det framande ordet ovanfor. Kan vi då seie at det som kjenneteiknar språket vårt, sjølve merkelappen for alle variantane vi har av norsk, er bøyingsendingane og grammatikken vår, form- og lydverket, heller ennorda våre? Det strid jo mot all intuisjon hjå folk flest. Når folk snakkar om dialekten sin, er det ofte det eine spesielle ordet som ingen andre synest å seie, som kjenneteiknar han.

La oss seie at østerdølane meiner at dei er dei einaste i landet om å ha ordet løkkø. Men så viser det seg at dei har det same ordet i Gudbrandsdalen, berre at dei seier låkå. Då har vi to ulike grammatiske realiseringar av det same ordet, nemleg av fiskeslaget lake. Det same ordet flyt mellom dialektgrensene, men det har eigne fonologiske mønster på dei ulike stadene.

Vi har her med to ulike typar variasjon å gjere: For det første finn vi grammatisk dialektvariasjon. Det er mange ord som vandrar over store område, men som folk likevel kan oppfatte som dialektord på heimstaden sin, fordi dei har ei bøying eller ein uttale, altså ein grammatikk, som skil seg frå nabogrendene. Løkkø og låkå er grammatiske dialektvariasjonar (fiskeslaget lake finst elles i ferskvatn nesten over heile landet, og lake er derfor vanskeleg å førestille seg som eit lokalt dialektord). Og for det andre kan vi finne reelle variasjonar i ordtilfanget, også innanfor det som grammatisk sett er det same dialektområdet.

Orda breier seg lett, tradisjonelt gjennom sentralisering og kommunikasjon mellom stader, og seinare òg gjennom diverse medium. Grammatikken (særleg formverket) er meir seigliva og robust og krev normalt språkkontakt over lengre tid for å endre seg radikalt. Vi spør derfor igjen: Kan vi med dette seie at det er grammatikken, bøyingane, form- og lydverket – og ikkje orda – som er merkelappen, sjølve ryggmergen og sjela til språket?

Kanskje vi heller kan sjå det slik: Grammatikken, bøyingane og uttalen av orda er det som reflekterer systemvariasjonane i språket, på språkets eigne premissar. Variasjonane i ordtilfanget speglar i større grad samfunnsvariasjonar. Det er god grunn til å tru at dei har eit rikare maritimt ordtilfang på Hitra enn i Tydalen, sjølv om grammatikkane til dei to dialektområda begge er attkjennande som trønderske.

Kulturell kvardagsnorsk

Norsk Ordbok dokumenterer det nynorske skriftmålet i si fulle lengd og breidd, og nynorsk talemål, i perioden etter mellomnorsk. Ordboka er eit tolvbindsverk på til saman nesten 10 000 sider og er såleis òg ein kulturell dokumentasjon av det norske samfunnet, sett gjennom ordtilfanget.

Det seier litt om det norske samfunnet bakover i tid at vi finn over 100 ord i Norsk Ordbok som byrjar på kvardag. Kvardagsfolket trivst i kvardagsbunad, kvardagsskjorte, kvardagshuve og kvardagssokkar. Kvardagsbonden kan dra ei kvardagssoge medan han slit seg gjennom det evige kvardagsstrevet. Kvardagsgjesten set til livs kvardagsmaten med kvardagskniv og kvardagsskei – men ikkje«kvardagsgaffel». Kvifor det? Slår vi opp på kvardag i Norsk Ordbok, finn vi dette dømet: «Det var neppe før i 1920–30-åra gaffelen vart brukt til kvardags i dei fleste heimar i bygda.»

Gaflar var rett og slett luksus, og ikkje noko ein briska seg med i det kvardagslege. «Kvardagsgaffel» vart derfor aldri etablert i det norske ordtilfanget. Snarare symboliserer ordet potensialet med språket vårt. Det er mogleg norsk, men ikkje faktisk norsk – grammatisk heilt uproblematisk, men ikkje del av den norske kulturhistoria. I alle fall om vi skal tru det ordboka seier.

 

-- Leiv Inge Aa er stipendiat ved NTNU og redaktør i Norsk Ordbok 2014.

Teksten er ein forkorta versjon av eit føredrag frå Språkdagen 2013.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter