Nynorsk skuleløft

No image

Kva er god nynorskundervising, og korleis gjer ein nynorskopplæringa betre? Svaret på spørsmåla avheng av målgruppene. Ei enkel løysing finst ikkje, men i jakta på betre nynorsk er bevisstgjering, skrivetrening og lærarkompetanse gode utgangspunkt. Og hugs at norsk er både bokmål og nynorsk.

AV TORGEIR DIMMEN

Dette er den tabloide oppsummeringa etter Nynorsksenteret sin tiltaksplan for nynorskopplæring. Med den som utgangspunkt vart det i perioden 2009–2013 gjennomført prosjekt i sju barnehagar og 32 skular. Målet var å vise fram gode døme på moderne nynorskopplæring og peike på kva typar tiltak som bør prioriterast.

Formidling og rettleiing

Tiltaksplanen hadde mange målgrupper med litt ulike mål. For dei yngste vart det satsa på utprøvande språkleik og formidling av nynorske tekstar. Målet var at born i barnehage- og småskulealder skulle møte nynorsk språk og tekstkultur så tidleg som råd. Det gir eit godt grunnlag for overgangen til den meir formelle språkopplæringa på høgare klassetrinn. Tidleg bevisstgjering om det lokale språket er dessutan viktig for å skape ein trygg språkleg og kulturell identitet.

Å prøve ut skriving i mange sjangrar sto sentralt i prosjekta for dei litt eldre elevane. Bokmål dominerer stort på dei aller fleste arenaer utanom skulen, også i område der nynorsk er opplæringsmål. Difor er det ekstra viktig at elevar med nynorsk som hovudmål har gode språklege førebilete og får systematisk øving i å skrive fagtekstar. I tillegg må lærarane vite korleis dei skal rettleie.

Viktige tiltak

For elevar med nynorsk som sidemål på ungdomstrinn og på vidaregåande trinn vart det gjennomført undervisningsopplegg med bruk av lærebøker på nynorsk i andre fag enn norsk. Det gav elevane verdfull mengdetrening i å lese og skrive sidemålet. Målet var også å vise at nynorsk ikkje er eit framandspråk, men eit bruksspråk som kan nyttast på alle fagområde.

«Tidleg start» vart prøvd ut i småskulen i nokre område med bokmål som opplæringsmål. Her brukte elevar heilt frå tredje og fjerde klasse nynorske tekstar i undervisinga. Dei eksperimenterte med skriving og samtalte om skilnadar mellom dei to målformene. Målet var at desse elevane skulle få eit utvida grunnlag i lese- og skriveopplæringa. I tillegg er «tidleg start» etter alt å døme ein god vaksine mot seinare fordommar og motvilje mot den meir formelle sidemålsundervisninga dei møter på høgare klassetrinn.

Elevar med minoritetsspråkleg bakgrunn er ei svært samansett gruppe. Nokre av dei med svake norskkunnskapar treng tilpassa opplæring i nynorsk. Det gjeld både i hovudmåls- og sidemålsopplæringa. Nynorsksenteret samarbeidde med andre kompetansemiljø om å utvikle og formidle materiell spesielt for denne målgruppa.

Vidare satsing

Det finst i dag lite kvalitetssikra dokumentasjon om kva slag nynorskundervising som går føre seg i klasseromma, og kor god ho er. Dette gjeld både sidemåls- og hovudmålsundervising, og det gjeld på alle nivå, frå småskule til lærarutdanning. Eit mål i tiltaksplanen var å drive utviklingsarbeid på dette området, i samarbeid med lærarutdanningane og universitets- og høgskulesektoren.

Konklusjonane etter arbeidet med tiltaksplanen samsvarer godt med erfaringane frå tidlegare utprøving av ulike typar nynorskundervising. Mange av prosjekta har dessutan vore tufta på prinsipp i Kunnskapsløftet og blitt forsterka i den siste revisjonen av læreplanen for norskfaget. Planen gir grunnlag for moderne nynorskundervisning for elevar med både nynorsk og bokmål som opplæringsmål.

 

-- Torgeir Dimmen er leiar ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa.

Nynorsksenteret
  • Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa er eitt av ti nasjonale senter underlagt Utdanningsdirektoratet.
  • Senteret utviklar og formidlar ressursar på og om nynorsk og arbeider med nynorsk i grunnopplæringa og barnehagen.
  • Senteret vart etablert i 2005, held til ved Høgskulen i Volda og har ti tilsette.

Råd frå tiltaksplanen for nynorskopplæring

  • Norsk = nynorsk + bokmål
    Framtidas nynorskundervising må ta utgangspunkt i eit fleirspråksperspektiv. Nynorsk er ein sentral del av den fleirspråklege kulturen i Noreg og er ein sjølvsagd del av skulefaget norsk. Nynorsk er formelt likestilt med bokmål, bruken er regulert i lover og forskrifter, og det er førstespråket til mange hundre tusen nordmenn. Alle som har ein eller annan variant av norsk som morsmål, forstår skriftleg nynorsk og nynorsknær tale. Nynorsk må difor ikkje skiljast ut som eit eige fag og undervisast i som eit framandspråk, slik det blir gjort i nokre bokmålsområde.
  • Skriv meir
    Det er eit problem for mindretalsspråket nynorsk at bokmålet dominerer så totalt på dei fleste offentlege arenaer. Dette gjeld både i nynorsk- og bokmålsområde. Difor må det leggast til rette for at born og ungdom får sjå og høyre mest mogleg nynorsk tekst og tale så tidleg som råd i så mange ulike samanhengar som råd. Nynorske fagtekstar og nynorske læringsressursar bør brukast bevisst heilt frå småskulen. For elevar med bokmål som opplæringsmål kan det også gjerast ved å bruke lærebøker på nynorsk i eitt eller fleire fag. Det gir elevane gode førebilete og naudsynt mengdetrening. Det er også med på å vise at nynorsk er eit funksjonelt bruksspråk.
  • Ver bevisste
    I skulen og barnehagen må det skapast rom for språkleg refleksjon, der den norske språksituasjonen med mange dialektar og to offisielle variantar av norsk skriftspråk blir tematisert og diskutert. Lærarar og elevar i nynorskområde må kjenne til dei spesielle utfordringane dei møter som ein (skrift)språkleg minoritet. Dette krev bevisstheit og ein eigen nynorsktilpassa metodikk i arbeidet med tekstar i alle sjangrar. Lærarar og barnehagetilsette må også vere kritiske i val av bøker og andre læremiddel. For den som veit kvar ein skal leite, finst det gode nynorske alternativ for alle målgrupper. Men utvalet er totalt sett for lite og for vanskeleg tilgjengeleg. Det bør difor vere eit mål å få til ordningar som stimulerer til eit større utval av nynorskbøker i alle sjangrar.
  • Start tidleg og skriv sjølv
    Det er smart å starte tidleg. Det gjeld mange emne i skulen, ikkje minst språk. Dei yngste er nysgjerrige og fordomsfrie, og dei har stor språkkompetanse. Mange born har til dømes foreldre, slektningar, klassekameratar eller grannar som snakkar ulike dialektar eller andre språk. Tidleg start med nynorsk i bokmålsområde gir kunnskap og bevisstheit om eige språk, og det gir godt grunnlag for seinare formell sidemålsundervisning. Erfaringane frå «tidleg start»-prosjekta i tiltaksplanen støttar tidlegare forsking om språklæring: For å få effektiv læring må elevane skrive sjølve. Berre munnleg tilnærming er ikkje nok.
  • Vi treng kompetente lærarar
    Ein naudsynt føresetnad for å få til god nynorskundervisning er sjølvsagt kompetente lærarar. Mange av dagens lærarar i Noreg – på alle nivå – har ikkje god nok kompetanse verken i å skrive nynorsk sjølve eller i å gi moderne og motiverande undervising. Vi veit for lite om kva slag nynorskundervising som blir praktisert rundt om i norske klasserom. Det verserer mange påstandar og mytar, men seriøse, landsdekkande oversyn manglar. Vi veit også lite om nynorskperspektiva i dagens norske lærarutdanning, både for etter- og vidareutdanningstilboda og i grunnutdanningane. Status for dei om lag 25 utdanningsinstitusjonane er ikkje kartlagt, men det er etter alt å døme store skilnader mellom lærestadane. Også eit slikt oversyn bør lagast som grunnlag for eit systematisk, landsdekkande løft.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter