Kva styrer språkleg kjønn – biologi, grammatikk eller begge delar?

No image

Når me seier at stol er hankjønn, bok er hokjønn og hus er inkjekjønn, handlar det ikkje om fysiske eigenskapar ved orda. Verken desse orda eller dei livlause tinga dei viser til, har biologisk kjønn. Slik sett er dei kjønnslause.

AV ARNE TORP, pensjonert professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo

Likevel veit me at det heiter ein stol og ei bok og eit hus på nynorsk, og me seier han om stolen, ho om boka og det om huset, endå tildelinga av kjønn verkar heilt tilfeldig når me tenkjer etter. Det kunne i og for seg like godt heitt t.d. *stola, *boket og *husen.

Alle norske substantiv høyrer til ein av tre klasser som me kallar hankjønns-, hokjønns- og inkjekjønnsord. I dei fleste tilfelle har klassetilhøyrsla ikkje noko å gjere med biologisk kjønn, det som på latin heiter sexus. Det som gjer at det heiter ein stol, ei bok og eit hus, er genus, eller grammatisk kjønn. Genus er altså eit reint språkleg omgrep, mens sexus er biologisk (jf. engelsk gender og sex, som viser til den same distinksjonen).

Det som gjer at det heiter ein stol, ei bok og eit hus, er genus, eller grammatisk kjønn. Genus er eit reint språkleg omgrep.

Likevel er det ikkje tilfeldig at me bruker det norske ordet kjønn om denne inndelinga av substantiv i klasser. Det er ingen som undrar seg over at det heiter ein mann og ei kvinne eller ein stut og ei ku. Mange dyr og planter finst i han- og hokjønnsutgåver. På det biologiske området er det mykje samanfall mellom genus og sexus. Når vi snakkar om at ord for livlause ting har hankjønn og hokjønn, er det fordi desse har dei same grammatiske eigenskapane som ord for levande vesen av hankjønn og hokjønn.

Dei fleste levande skapningar har hankjønn eller hokjønn, men ikkje alle ord for levande skapningar har det. Sjølve ordet menneske er eit inkjekjønnsord, og det same er det standardspråklege allmennordet for avkom av menneske, nemleg barn. Ordet barn har inkjekjønn i alle nordiske mål. Det kan verke både logisk og rettferdig sett i eit jamstillingsperspektiv.

Kan genus overstyre sexus, eller omvendt?

Genus overstyrer ofte sexus. Til dømes kan ordet unge brukast om avkom av alle slags dyr utan omsyn til biologisk kjønn, endå unge grammatisk er hankjønn – ein unge – ungen.

Mange meiner at ein i standardmålet bør bruke barn om menneske og unge berre om avkom av dyr.

Likevel ville det verke rart å spørje «Kva heiter det?» når ein ser eit lite barn; eit slikt spørsmål kan ein berre stille om ting. Når vi snakkar om personar, må me velje han eller ho. Og pronomenval ved personar vil alltid vere bestemt av det biologiske kjønnet – ingen vil finne på å seie han om ein jentunge. Her overstyrer sexus genus.

Grammatisk sett er både jentunge og gutunge hankjønnsord, trass i at det heiter ei jente og ein gut. I samansette ord er det sisteleddet som bestemmer dei grammatiske eigenskapane. Det heiter ein unge utan omsyn til biologi. Likevel er det ikkje vanleg å seie «Kva heiter han?» om ein veit at eit nyfødd barn er ei jente. Då spør ein heller «Kva heiter ho?». Når ein kjenner det biologiske kjønnet, overstyrer sexus genus.

Det at innhaldet vinn over grammatikken, heiter med ein latinsk fagterm constructio ad sensum, altså ‘konstruksjon etter meininga’. Det same fenomenet finn vi i samband med tal: Om ein skal fortelje at politiet kjem, er det naturleg å seie at dei kjem, og ikkje det, jamvel om politiet er inkjekjønn eintal.

Genus i 3. person eintal, om personar

Når me skal omtale ein enkelt person på norsk, me altså velje han eller ho/hun. Dersom me ikkje kjenner kjønnet, kan vi rett nok bruke peikande pronomen og spørje «Kva heiter den som står der borte?». Det kan vi òg gjere på dei andre moderne skandinaviske språka. Men på gammalnorsk og islandsk kan vi ikkje stille eit slikt kjønnsnøytralt spørsmål, for der heiter den (i kasus nominativ) i hankjønn og i hokjønn. I språk med mange bøyingsformer ligg det ofte «plagsamt» mykje meir grammatisk informasjon lagra i både substantiv og pronomen.

Det finst mange språk som ikkje har grammatisk genus. Nokre skil likevel mellom hankjønn og hokjønn i 3. person, som engelsk, med he og she. Eit språk som ikkje gjer det, er finsk. Det finske pronomenet hän er kjønnsnøytralt, og det er inspirasjonskjelda for dei som i dag brukar det nylaga pronomenet hen for «han/ho» og «han eller ho» på norsk.

Genusskilnader mellom skandinaviske standardspråk

Ein kan stundom kome i tvil om både det grammatiske og det biologiske kjønnet til ein plante eller eit dyr, og dessutan kan ein bli usikker på om genus eller sexus skal styre. Kan t.d. ei and av hankjønn (ein stegg) vere ho?

Ei heilt anna problemstilling er korleis ein på bokmål skal omtale anda i Henrik Ibsens drama Vildanden. I sjølve verket er anda av og til omtala som hun og andre gonger som den, alt etter kven som fører ordet (jf. Bjarne Berulfsen: «Vildanden: Hun eller den?» i Maal og Minne (1963), s. 47–59).

Dette er ikkje eit spørsmål om grammatisk genus, for noko hokjønn fanst ikkje i Ibsens norsk-danske skriftspråk, det heitte berre en andanden, akkurat som en fuglfuglen. Der hun er brukt i Vildanden, er det ikkje ein referanse til noko hokjønnsord, men eit uttrykk for at anda blir sett på som ein person.

Hos Ibsen, som i dei moderne skandinaviske standardmåla dansk og svensk, er det nemleg berre to grammatiske genus – inkjekjønn og felleskjønn. I kategorien felleskjønn har hankjønn og hokjønn i eldre mål smelta saman til noko som er grammatisk identisk med hankjønn. I svensk grammatikk (og internasjonalt) blir felleskjønn gjerne kalla utrum, som betyr «anten det eine eller andre», dvs. anten hankjønn eller hokjønn, i motsetnad til neutrum, som verken er hankjønn eller hokjønn.

Kor mange kjønn har norsk bokmål i dag? Har det i grunnen grammatisk hokjønn? Det ein kallar hokjønn i bokmål, går først og fremst ut på at ein del ord skal eller kan få -a-ending i bestemt form eintal, for eksempel kua og boka eller boken, mens den ubestemte artikkelen er valfritt en eller ei ku/bok. Men den levande og den livlause tingen skil lag når vi skal vise til dei med pronomen. Når vi viser til kua, kan vi bruke den eller hun (jf. villanden), men det blir ikkje godtatt om vi skriv om boka at «hun ligger på bordet», her er den det einaste moglege alternativet. Like påfallande ville det vere å skrive han om pennen.

Det er nok derfor rettast å seie at norsk bokmål har to grammatiske genus, akkurat som dansk og svensk. Det bokmålet har som dansk og svensk manglar, er berre valfrie artiklar i ein del felleskjønnsord (føresett en eller ei og etterhengt -en eller -a). Hokjønn er ikkje obligatorisk i bokmål og utgjer ikkje noko system. Valet av a-ending har nesten ingen konsekvensar for bøyinga elles (bortsett frå eigedomsorda min – mi, din – di, sin – si og adjektivet liten – lita).

«A-former» som språkpolitisk stridsemne i norsk

Dei som kjenner norsk språkhistorie, veit at såkalla a-former har vore eit stridsemne på bokmålssida heilt sidan tidleg på 1900-talet, då spørsmålet om tilnærming mellom riksmål/bokmål og landsmål/nynorsk blei aktuelt. Det gjeld både a-endinga i «hokjønn» og fortidsformer av verb, som kasta i staden for kastet.

Såkalla a-former har vore eit stridsemne på bokmålssida heilt sidan tidleg på 1900-talet, då spørsmålet om tilnærming mellom riksmål/bokmål og landsmål/nynorsk blei aktuelt.

I Noreg har me berre ein by med eit lokalt talemål som skil seg markant frå talemålet i omlandet, og det er den einaste gamle storbyen her i landet, altså Bergen. I bergensmålet blir pronomenet han brukt ikkje berre om personar, men også om alle ting som ikkje er inkjekjønn, som i desse døma: «Han (stolen) står på golvet» eller «han (boken) ligger på bordet». Her ser vi tydeleg at hokjønn blir «slukt» av hankjønn.

I dansk og svensk rikstalemål er pronomenet han med tilvising til felleskjønnsord skifta ut. Som i bokmål er det det «kjønnsnøytrale» den som rår.

Ein framtidsvisjon: Hokjønnskategorien i norsk språk i 2050

I boka Framtidsnorsk – norsk språk i 2050 står det ein artikkel med tittelen «Outopia, eutopia, dystopia? Ei reise til Noreg i 2050». Forfattaren er Rolf Theil, pensjonert professor i allmenn og afrikansk lingvistikk. På den tenkte reisa si opplever han mykje rart. Stort sett er den ihuga folkemålsvennen positivt overraska over den opne haldninga til språkleg variasjon i framtida, som han ser som frigjering, ikkje forfall.

Men han gjer eit unntak for lagnaden til det grammatiske hokjønnet i norsk i 2050: «Det har kome så langt at Språkpolitiet har byrja å tillate ein jente og jenta er liten ikkje berre på dansknorsk, men òg på norsk. Slik har det blitt over heile landet i 2050» (sjå s. 138–139).

Dette blir Rolf Theil berre trist av. Dei av oss som lever om 30 år, får sjå om han hadde grunn til å ta sorgene på forskot.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:11.01.2022 | Oppdatert:24.01.2022