Eg elskar språkpolitikk!

No image

Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap) proklamerte kjærleiken sin til både språk, språkpolitikk og Språkrådet i talen ho heldt på Språkdagen den 9. november. Kva er eigentleg grunnen til dette engasjementet?

AV SIGRID SØRUMGÅRD BOTHEIM

– Ja, kva er grunnen til det eigentleg? spør kulturministeren seg sjølv. Ho treng ikkje å tenkje seg lenge om før ho svarar.

– Eg synest det er eit svært viktig politikkområde. Eg er oppteken av utviklinga og vernet av det norske språket. Både bokmål, nynorsk, minoritetsspråka og norsk teiknspråk. I likskap med andre språk merkar vi presset frå engelsk på stadig nye område av samfunnet, og vi må jobbe for å stå imot denne stadig sterkare påverknaden frå engelsk i til dømes akademia og næringsliv.

Vi må stå imot den stadig sterkare påverknaden frå engelsk.

Trettebergstuen nemner fleire område ho brenn spesielt for: at barn og unge skal lesa meir, at vi skal ha god språkundervisning i skulen, at vi skal bruke norsk meir i akademia, og at det offentlege i større grad skal respektere Språkrådets meiningar i namneval.

Blir matt

Dessverre er det nokså vanleg at Språkrådet ikkje blir lytta til i namnespørsmål. Seinast i desember 2021 raste debatten om det nye innovasjonsområdet som Universitetet i Oslo kallar Oslo Science City. I planane for dette området er det også føreslått at T-banestasjonen Forskningsparken skal byte namn til Oslo Science City stasjon. Slike forslag fell ikkje i god jord hjå kulturministeren.

– Eg blir heilt matt. Det må da vel kunne finnast noko på norsk?

Språkministeren, som ho også kallar seg, er tydeleg engasjert. Men det er ikkje berre gjennom arbeidet at ho bryr seg om språket. I fritida fordjupar ho seg gjerne i språklege finessar saman med venn og huslingvist i Morgenbladet, Paal Uvaag.

Det er interessant å følgje med på korleis det norske språket blir forvalta og endra.

– Nokre av dei morosamaste stundene eg har hatt, har vore når Paal og eg har lasta ned Språkrådet sine møtereferat og gått gjennom normeringsdebattar.

Det er litt nerdete?

– Ja. Men det er ganske interessant å følgje med på korleis det norske språket blir forvalta og endra.


Vil vurdere språklova

Kulturministeren har akkurat fått eit heilt nytt verktøy i forvaltninga av språket. Den 1. januar 2022 tok nemleg den nye språklova til å gjelde. Men Trettebergstuen har ikkje sett sitt eige stempel på språklova ennå. Da lova vart lagd fram for Stortinget, var det Abid Raja som sat i kulturministerstolen. Arbeidarpartiet hadde ei rekkje forslag til endringar i lova, og Trettebergstuen var ei av dei som kjempa for at lova skulle gå lenger på fleire område.

– Det er ingen løyndom at Ap i opposisjon hadde ei rekkje forslag til styrkingar av språklova, for eksempel når det gjeld stillinga til nynorsken. Vi har ikkje gløymt desse forslaga, men vi skal følgje med og ha dialog med språkorganisasjonane om kva for endringar som kan trengast. Uansett er det Stortinget som vedtek eventuelle endringar.

Når vil de vurdere å endre lova?

– Det har vi ikkje sett nokon dato for.

Korleis kan ein få språkpolitikken til å verke?

– Ein må begynne med å ha ei regjering som er levande oppteken av språkpolitikk – det har vi nå. I Hurdalsplattforma slår regjeringspartia fast at språkpolitikk er viktig. Allereie nå, etter nokre veker som kulturminister, kan eg seia at dette er noko som regjeringskollegiet er samstemde i.

– For eksempel har statsrådkollega Ola Borten Moe allereie varsla at han vil ta opp kampen mot engelsken, som spreier seg i akademia, noko eg meiner er ekstremt viktig. Eg er trygg på at alle i denne regjeringa kjem til å opptre som gode språkministrar, sjølv om det er eg som har hovudansvaret. Når næringsministeren skal døype nye verksemder, eller kunnskapsministeren skal laga ein ny rammeplan, er dette viktig for oss alle.

Hoppar rett i arbeid med boklov

Frå ei lov til ei anna: Hausten 2021 varsla kulturministeren oppstart for arbeidet med ei boklov. Trettebergstuen seier at boklova kjem til å vera i tråd med språklova.

– Eit poeng med boklova er at vi skal ha eit mangfald av litteratur tilgjengeleg for folk, i biblioteka og boksjappene der folk bur. Det treng vi ei regulering for å få til. Dei smalare litteratursjangrane eller bøker på nynorsk vil ofte selja mindre enn krimbøker på bokmål. Men det skal løne seg å gje ut ulik type litteratur, og forfattarane skal få betalt uansett. Det er bra språkpolitikk med ei boklov, og lova understøttar formåla i språklova.

Vil det til dømes koma fleire kvenske bøker med ei boklov?

– Lova vil iallfall leggje til rette for at det er like vilkår anten ein vil gje ut ei bok på kvensk eller ei bok på bokmål.

Kryssing mellom kultur og kunnskap

Mykje av språkpolitikken blir utøvd gjennom barnehage, skule og utdanning. Det er her barna skal lære seg å bli trygge språkbrukarar, og barna har òg ei rekkje språklege rettar både gjennom språklova og opplæringslova. Samstundes veit vi at det kjem ut svært lite litteratur for barn på nynorsk og minoritetsspråka.

Trettebergstuen seier det er viktig at særleg dei minste barna blir eksponerte for språkmangfaldet.

– Alle har rett til å få bruke språket sitt i barnehagen. Alle barn skal få god språkstimulering og høve til å delta i aktivitetar i barnehagen som fremjar språkutvikling og kommunikasjon. Dette er noko av grunnlaget i rammeplanen. Når det gjeld læring, er det inga omtale av nynorsk i rammeplanen. Det står berre at barn skal møte ulike språk, språkformer og dialektar gjennom rim, reglar, song, litteratur og tekstar frå samtid og fortid. Dei fleste barnehagar er nok flinke til å lesa nynorske bøker høgt for barna. Eg har inntrykk av at barnehagane arbeider godt med det.

Frå perm til skjerm

Eit prinsipp for språkpolitikken er at han skal gjelde alle sektorar. Det vil seia at kvart departement har eit sjølvstendig ansvar for å utvikle og styrkje norsk språk på sine eigne område. Eitt av områda kulturministeren forvaltar, er mediepolitikken. Vi veit at barn og unge brukar mykje tid på flater med engelskspråkleg innhald, som dataspel, YouTube og sosiale medium.

Kva kan du gjera for at barn og unge skal møte meir norsk der dei brukar tida si?

– Kulturrådet forvaltar kulturstøttepengane, og Norsk filminstitutt har støtteordningar og verkemiddel som er retta mot dataspelbransjen. Dei stimulerer til at det skal bli laga dataspel av høg kvalitet på bokmål, nynorsk og samisk. Det er eit mål dei har.

Vi må gjera meir for å få norsk på skjermen.

Trettebergstuen seier at den statlege kulturpolitikken skal leggje til rette for utvikling av medium og kulturtilbod som gjer at folk kan møte språket sitt, både på digitale flater og i røynda.

– Vi veit at bruken av kultur blant barn og unge har gått over frå perm til skjerm. Gjennom tidene har vi ført ein aktiv språkpolitikk ved hjelp av litteraturverkemiddel. Nå må vi sjå på korleis vi kan gjera meir for å få norsk på skjermen.

Den gjeldande kulturpolitikken har mange verkemiddel for dei tradisjonelle media som bøker og film, men greier han å fange opp nye medium godt nok?

– Dette er vi opptekne av, mellom anna i den nye barne- og ungdomskulturmeldinga. Kulturrådet arbeider godt med nye medium, sidan vi jo veit at kulturbruken til barn og unge har vorte digital. Det må vi berre innsjå. Vi må sjå på moglegheitene og ikkje avgrensingane.

Tek kampen mot gigantane

Nokre stader er teknologien ei avgrensing for språka i Noreg. For eksempel har verksemder bytta språk frå nynorsk til bokmål for å bli synlege i søk på Google, og programvare som finst i skulen, er ikkje tilgjengeleg på båe skriftspråka.

Korleis kan vi få utanlandske selskap til å interessere seg for den norske språkpolitikken?

– Det er ein lang veg å gå for å nå fram her. Teknologigigantane er fyrst og fremst opptekne av å tene pengar, ikkje av å etterleve den norske språkpolitikken. Men eg har sagt at eg vil ta kampen mot desse selskapa. For eksempel vil eg ha ein slutt på at plattformer som Facebook sensurerer norske, redaktørstyrte medium. Teknologiverksemdene bør ikkje kunne regulere og sensurere redaksjonelt innhald. Eg vil gjerne ha ein dialog med mediebransjen og skapa ein møteplass mellom mediebransjen og plattformene. Der vil språk vera ein naturleg ting å ta opp.

Trur du at teknologigigantane vil koma deg i møte?

– Vel, eg er kanskje ikkje superoptimistisk, men eg må jo prøve!

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:11.01.2022 | Oppdatert:13.01.2022