Årets ord

I desember kvart år kårar Språkrådet årets ord. Orda speglar hendingar som har prega nyheitene det året, og fortel slik noko viktig om tida vi lever i. Orda viser at norsk er eit rikt og kreativt språk som fungerer godt.

Her er vinnarane dei siste ti åra:

År Ord Forklaring
2021 å sportsvaske det at styresmakter i autoritære statar brukar sportsarrangement eller kjøper opp populære sportsklubbar for å setje seg sjølve i eit betre ljos
2020 koronaen koronapandemien, både viruset, sjukdommen, krisa og sjølve tida vi er inne i
2019 klimabrøl styrken i klimaengasjementet til dei unge
2018 skjebnelandsmøte KrF-landsmøtet som skulle avgjere kva for eit regjeringsalternativ KrF ville forhandle om
2017 falske nyhende feilaktig framstilling av fakta i den offentlege debatten
2016 kvardagsintegrering innsatsen vanlege folk gjer for å integrere flyktningar og innvandrarar
2015 det grøne skiftet omstillinga til eit meir miljømedvite verdssamfunn
2014 framandkrigarar nordmenn som har reist til krigsområde som Syria og Irak for å kjempe
2013 sakte-tv tv-sendingar som «Hurtigruten minutt for minutt», ein reaksjon på kvardagsstresset
2012 å nave (naving) det at skuleungdom tek seg eit friår som er dekt av stønad frå Nav

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:12.01.2022 | Oppdatert:12.01.2022