Frå engelsk til bokmål – og nynorsk?

Verktøy for automatisk omsetjing frå engelsk til norsk har hittil berre funnest for bokmål. Nå står nynorsk for tur.

Når ein i dag legg inn ein engelsk tekst i Google translate og ber om omsetjing til norsk, skjer omsetjinga automatisk til bokmål. Ein kan ikkje velje nynorsk:

 

Illustrasjon fra Google

 

Frå engelsk til norsk

Automatisk omsetjing frå engelsk til nynorsk har til nå berre vore mogleg å få til gjennom bokmål. Det gjer kvaliteten dårlegare.

Det første verktøyet for direkteomsetjing frå engelsk til nynorsk er nå under utvikling. Selskapet Iconic står bak produksjonen, i samband med EU-prosjektet PRINCIPLE (Providing Resources in Irish, Norwegian, Croatian and Icelandic for the Purposes of Language Engineering). Målet med prosjektet har vore å samle inn språkressursar frå fire mindre språk.

Språkbanken ved Nasjonalbiblioteket, som Språkrådet samarbeider tett med, har stått for det norske bidraget til prosjektet.

Frå norsk til engelsk

Google translate skil ikkje mellom bokmål og nynorsk. Sidan bokmål er meir brukt enn nynorsk på internett, verkar algoritmane betre på bokmål. Til dømes blir nynorsk «omsetjing» til «sales», medan bokmål «oversettelse» blir «translation»:

Illustrasjon fra Google

Illustrasjon fra Google

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:11.01.2022 | Oppdatert:13.01.2022