Korleis påverkar fagfelt og sjølvtillit studentane sine haldningar?

No image

Studentane etterlyser ein meir medviten språkbruk i utdanninga og meiner at dei lærer mest effektivt på fyrstespråket sitt. Det viser doktoravhandlinga til Trude Bukve.

AV TRUDE BUKVE

Aukande internasjonalisering i UH-sektoren har ført til at fleire nordiske universitet og høgskular har utvikla eigne språkpolitiske dokument for å handtere den stadig aukande bruken av engelsk i forsking og undervisning.

Det er stor variasjon i kor omfattande desse dokumenta er, kva tema dei tek opp, og kor mykje ein vektlegg språklæring som ein del av utdanninga. Med dette som eit bakteppe har eg i doktorgradsprosjektet mitt undersøkt korleis studentar opplever språka dei møter, spesielt engelsk og nasjonalspråka, og i kva grad desse synspunkta kan og bør påverke utviklinga av språkpolitiske retningslinjer.

Til saman deltok 1250 studentar frå sju nordiske universitet i undersøkinga, fordelt på tre utdanningar: rettsvitskap, naturvitskap og filosofi. Forskinga mi har i stor grad basert seg på kvantitative undersøkingar der studentane har fått tilbod om å svare på eit spørjeskjema med lukka kategoriar samt eit ope kommentarfelt der dei kunne utdjupe aktuelle tema.

Dei tre fagfelta utgjer eit lite utval av dei faga ein finn på universiteta i dei fem nordiske landa, men dei representerer ganske ulike vitskaplege tradisjonar som også påverkar språkval. Medan naturvitskapane ofte har utstrekt bruk av engelsk på alle nivå i utdanningsløpet, er engelsk naturleg nok mindre i bruk innanfor rettsvitskap, der ein i større grad baserer seg på dei rettslege dokumenta som er skrivne på nasjonalspråka. Filosofi nyttar derimot like mykje engelsk som naturvitskapane, men likevel har filosofi ein fagtradisjon der fleire språk har spela ei viktig rolle i utviklinga av faget.

Fyrstespråket mest effektivt

Majoriteten av studentane som deltok i undersøkinga, rapporterte at dei lærte mest effektivt på fyrstespråket sitt. Vidare synte det seg at det ikkje er slik at studentane anten er positive til engelsk eller positive til dei nordiske språka. Felles for fleirtalet var nemleg at dei var einige i at engelsk har ein sentral plass i høgare utdanning, og at det er ein verdi i seg sjølv å bli ein kompetent engelskbrukar. Samstundes var det slik at eit fleirtal av studentane også meinte det er viktig å bruke nasjonalspråket i utdanninga.

Det var nokre forskjellar mellom fagfelta. Sjølv om eit fleirtal av studentane innan alle fagfelt såg verdien av engelsk, var naturvitskapsstudentane noko meir positive til engelsk enn dei andre studentane. Det var også skilnader mellom fagfelta når studentane fekk spørsmål om kor viktig nasjonalspråket er. Her såg studentar innan rettsvitskap og filosofi tydelege fordelar ved å bruke dei nasjonale språka, medan studentar innan naturvitskapane uttrykte noko negative haldningar til bruken av til dømes norsk i utdanninga.

Studentar og førelesarar burde auke kompetansen sin i målspråket. Trude Bukve, fyrsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet

Ei mogeleg forklaring på forskjellane i haldningar til engelsk mellom ulike fagfelt kunne vere at studentane som møter engelsk, ofte vert meir positive til engelsk. Ei slik forklaring kunne hjelpt oss med å forstå kvifor naturvitskapsstudentane var meir positive til engelsk i utdanninga enn jusstudentane. Men denne forklaringa verkar likevel å kome til kort når me ser på filosofistudentane, som til trass for at dei har ein stor del engelsk pensum, både var positive til nasjonalspråket og noko mindre positive til engelsk enn naturvitskapsstudentane.

Det verkar difor som at det ikkje nødvendigvis er kor mykje eller ofte du møter språket som er avgjerande, men at ein vert sosialisert inn i eit sett av haldningar som knyter seg til ulike typar språkideologiar. Frå dette perspektivet kan me forklare haldningar ved at ein innanfor naturvitskap har ein tydeleg engelskspråkleg påverknad der så å seie all forsking vert publisert på engelsk, medan ein innan filosofi i større grad legg vekt på det fleirspråklege og verdsett det å kunne lese tekstar på originalspråket.

Språkleg sjølvtillit

Språkleg sjølvtillit i engelsk ser også ut til å kunne forklare haldningar til bruken av engelsk i undervisinga. Studentane som rapporterte at dei var trygge på sin eigen språkkompetanse når det gjeld å snakke, skrive, lese, høyre på og forstå engelsk, var meir positive til engelsk enn studentane med lågare språkleg sjølvtillit.

Språket i seg sjølv må ikkje hindre studentane i å reise ut. Trude Bukve, fyrsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet

I den norske konteksten synte det seg også at studentane med låg språkleg sjølvtillit i engelsk sjeldnare planla å reise på utveksling. I denne samanhengen kan ein spørje seg kva målet med utveksling eigentleg er. Er ikkje eit av måla språklæring? Er svaret ja på dette, og det trur eg at me med ganske stor sikkerheit kan seie at det er, bør me ikkje då spørje korleis me kan leggje til rette for at ikkje språket i seg sjølv vert det som hindrar studentane i å reise ut?

Meir språklæring

I den kvalitative undersøkinga reflekterte studentane over tema knytt til språket dei møter i undervisninga. Med utgangspunkt i om lag 110 kommentarar fann eg at fleire av tilbakemeldingane kunne samlast i dei følgjande temaa: opplevd språkkompetanse og behov for språkstøtte, førelesar sin kompetanse i målspråket samt parallellspråkbruk og læring.

Her fann eg at studentar etterlyser meir vekt på språklæring, og at både studentar og førelesarar burde auke kompetansen sin i målspråket. Ein student innan naturvitskap kommenterte:

Jeg har hatt noen fag der forelesningene har vært på engelsk, men foreleser ikke har snakket bra engelsk. Jeg sluttet å gå på forelesningene siden jeg ikke fikk utbytte av det.

Men studentane reagerer ikkje berre når undervisningsspråket er engelsk. Ein student ved rettsvitskap la vekt på utfordringane som kan oppstå når førelesarane ikkje er trygge på det aktuelle nasjonalspråket, norsk i dette tilfellet:

På […] et introkurs til juridisk metode, det første vi hadde på studiet, hadde vi en utenlandsk (europeisk) doktorgradsstipendiat (…). [Hen] forstod ikke hva noen av studentene svarte på spørsmålene [hen] stilte til klassen, selv om alle snakka mest mulig tydelig og klart på bokmål.

Dei fyrste åra i utdanninga dannar eit viktig grunnlag for den seinare læringa, og det er klart det vert utfordrande om ein opplever at språket i seg sjølv vert ei hindring for forståinga i denne perioden. Like viktig er det å sjå på dette som eit ansvar for utdanningsinstitusjonen og ikkje for den einskilde førelesaren. Språklæring krev tid og ikkje minst tilrettelegging. Studentane etterlyste også meir språkhjelp for sin eigen del. Ein student kommenterte følgjande:

Det tas som en selvfølge at alle kan engelsk, det er ikke tilfellet. Det som dessuten går igjen, er at professorer ikke tar høyde for at det er mer krevende å lese vitenskapelige tekster på et annet språk enn norsk. Hvorfor får vi aldri tilbud om et kurs, eller f.eks. et hefte med faguttrykk, men blir bare kastet ut i det?

Meir medviten språkbruk

Til tross for at majoriteten av studentane er positive til engelsk, etterlyser studentane ein meir medviten språkbruk i utdanninga. Det språkpolitiske omgrepet parallellspråk har i utgangspunktet hatt som mål å skape meir medvit om språkbruken i akademia, men spørsmålet er korleis dette vert løyst i praksis. Eit forslag har vore at engelsk pensum vert følgt av førelesingar på nasjonalspråket. Men studentane i undersøkinga er ikkje udelt positive til ein slik praksis:

Synes det er problematisk når pensum og til dels undervisning i et emne er på engelsk, mens eksamen eller semesteroppgave er på norsk og vi selv må oversette viktige uttrykk og definisjoner.

Med andre ord: Det å bruke begge språk er i seg sjølv ikkje nok. Studentane etterlyser den medvitne språkbruken, slik at dei på sikt vert både trygge språkbrukarar og kompetente fagutøvarar.

 

-- Trude Bukve er fyrsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:04.03.2020 | Oppdatert:25.01.2021