Med SKAM å melde

No image

Norsk språk har vorte dritkult i Danmark. Men kan ein tv-serie for ungdom redde den dansk-norske språkfellesskapen?

TEKST: LARS IVAR NORDAL | FOTO: KRISTINE KIILERICH

– Kva tyder eigentleg nach?  Er det eit toalett?

Det er dansktime i åttande klasse på Skovgårdsskolen i Charlottenlund utanfor København. Gruppearbeid står på timeplanen. Men i dag er det ikkje H.C. Andersen eller Karen Blixen elevane fordjupar seg i. Det er tid for å analysere NRK-serien SKAM.

Den same ungdomsserien som NRK hadde problem med å selje til utlandet fordi innhaldet var for kontroversielt, har teke steget inn i klasserommet – og vorte heidra med Nordens språkpris 2016.

Endra syn på Noreg

Lærar Marianne Sørensen er så stor fan av serien at ho har tinga kaffikoppar med påskrifta «Isak+Even» frå USA.

– Eg såg ein episode og vart trollbunden. Så tok eg serien inn i undervisninga. Tidlegare har det vore vanskeleg å finne norske tekster, ofte har eg brukt Karens jul av Amalie Skram. Men med SKAM er det lett å motivere elevane. Og så er det så mykje å jobbe med, seier Sørensen.

I klassen har dei trekt liner frå SKAM til moderne ungdomslitteratur. Fråværet av vaksne er eit fellestrekk, meiner Sørensen. Elevane har laga skriftlege oversyn over uvande, norske ord, og dei har studert referansane til andre kulturovringar som dukkar opp i serien. Endåtil popartisten Gabrielles hitlåt «Fem fine frøkner»har dei lært utanåt.

– SKAM er ikkje relevant berre fordi serien er på norsk. Det er først og fremst innhaldet vi arbeider med. Det at elevane får inn norsk, er ein ekstragevinst.

Kva har det å seie for deg som lærar?

– Det har endra synet mitt på Noreg. Eg har alltid syntest det var lettare å finne svenske tekster til undervisninga. Eg har tenkt at vi er tettare knytte til Sverige enn til Noreg. Men etter å ha studert SKAM innser eg at vi har ein større åndsfellesskap med Noreg. Og så har vi felles humor. Svenskane har ikkje særleg til humor, ler Sørensen.

Ungdomsskulelærar Marianne Sørensen underviser elevane i dansk – og ungdomsnorsk.

Hekta

– Eg har sett ein del på SKAM og merkar at det har vorte mykje lettare å skjøne språket etter kvart. Dessutan er dei norske undertekstene til god hjelp, seier Sofia Krarup, som sit saman med tre andre elevar ved ei gruppe pultar i eit hjørne av klasserommet.

I midten står ein mac, der ein episode frå andre sesong av SKAM rullar over skjermen. Elevane har fått i oppgåve å finne ord frå serien og fylle dei inn i eit skjema. Éi rute for ord som er identiske med dansk, éi rute for ord dei ikkje forstår, ei rute for ord som har ei anna meining på norsk, og éi rute for ord som kjem frå engelsk.

– Etter kvart har eg begynt å følgje serien på p3.no. Der kjem det korte klipp og oppdateringar frå sosiale medium. Sjølv om klippa ikkje er teksta, forstår eg som oftast likevel, seier Sofia.

Ho har vorte hekta, til liks med mange av dei andre i klassen. Der andre ungdomsseriar kan vere overflatiske og urealistiske, er SKAM ein serie ein kan relatere seg til SKAM på ein annan måte, meiner Sofia. Serien har også gitt henne eit nytt bilde av norske ungdommar.

– Eg hadde fordommar om at det skulle vere meir chill i Noreg, at det kanskje ikkje var så mykje kult som skjedde. Men så ser eg jo at det er ganske likt.

Klassevenene Tereja Andersen og Elias Chenoufi kastar seg på:

– Eg har alltid trudd at danske ungdommar var dei som drakk mest alkohol. Men det verkar som om norsk ungdom drikk minst like mykje, meiner Tereja.

– Eg trudde at norske ungdommar skulle vere litt finare på det. Og så har eg alltid trudd at Noreg var eit kjedeleg land. Men eigentleg trur eg dei har det slik som oss, meiner Elias.

Utan spesiell promotering har SKAM vorte den største suksessen på NRKs nett-tv nokon gong, og sommaren 2016 begynte serien å spreie seg med virusfart til Danmark. Svenskane har vore meir motstandsdyktige, men i januar i år kunne NRK melde at serien er strøyma over 20 millionar gonger i SVTs nett-tv-app. Med det er alle rekordar knuste, også der.

Hypermoderne norsk

– Førsteinntrykket mitt var at SKAM representerte noko nytt. Det var noko autentisk ved det, og det trur eg i stor grad heng saman med språket.

Det seier Pia Quist, lingvist og lektor ved Nordisk Forskningsinstitut, Københavns Universitet.

Eg har flytta meg frå forstaden Charlottenlund til sentrum av København, der eg møter Quist på Café Norden. Ho oppdaga SKAM då ein journalist ringde og ville vite meir om kebabnorsken i serien.

– Det var sjølvsagt ein svært problematisk merkelapp. Språket i SKAM er definitivt ikkje kebabnorsk. Det interessante for meg var at desse ungdommane snakka eit hypermoderne norsk, som eg hadde vanskeleg for å skjøne. Eg reiser mykje i Noreg og har vanlegvis ikkje vanskar med språket. Men med SKAM var det annleis. Det var mange nye ord for meg, og dessutan snakka dei svært raskt.

Med dei norske undertekstene på NRK.no vart det lettare å forstå.

– Det var fascinerande. Eg lærte mange nye ord. Slik som hooke. Det er jo enormt interessant at hooke eller hooke up betyr to ulike ting på norsk og dansk. Hjå oss tyder det berre å møte nokon. På norsk har eg skjønt at det tyder noko heilt anna, ler Quist.

Ho har sjølv forska på ungdomsspråk i Danmark og ser mange likskapar mellom SKAM-språket og funna i eigne undersøkingar.

– Eit fellestrekk er den omfattande bruken av engelske ord. Mange nordmenn trur at danskar bruker mykje meir engelsk enn dei sjølve, men det er faktisk motbevist av andre forskarar. Og då eg såg SKAM, tenkte eg, yes, no har vi nok eit bevis!

Vi har høyrt rykte om at danske ungdommar har begynt å bruke ord frå serien. Stemmer det?

– Det eg har sett, er at somme har begynt å bruke ord som kødde og dritsekk på Facebook. Det er sjølvsagt ei bølgje nett no, men det er likevel eit teikn på at danskar har fått augo opp for norsk og vorte fascinerte.

– Kan det bli varig?

Eg trur at SKAM kan løyse ut ei større interesse for Noreg og norsk. Det er uvisst kor lenge det varar, men eg trur fleire har lyst til å sjå andre seriar frå Noreg og lese norske forfattarar som Per Petterson og Karl Ove Knausgård. Gjennom SKAM har mange erfart at det faktisk ikkje er så vanskeleg å skjøne norsk.

Dialektane avgjer

Norsk språk og kultur spreier seg til Danmark, og husmannsånda gravleggjast. Det lyder vel for godt til å vere sant? Eller er alt fryd og gaman for nabospråkforståinga?

Den siste store undersøkinga som vart gjort av kor godt me skjøner kvarandre, kom i 2005. Ho viste at det særleg er danskane som slit med å forstå grannane. Og ikkje nok med det – sidan førre undersøkinga, som kom på syttitalet, hadde danskane si evne til å skjøne norsk falle dramatisk.

Kan ein norsk ungdomsserie snu ei slik utvikling? Eg kontaktar Tore Kristiansen, professor ved same institutt som Quist. Han er sjølv ein tospråkleg skandinav: Han er fødd i Noreg, men har levd og arbeidd mesteparten av livet i den danske hovudstaden. Han meiner føresetnadene for å forstå kvarandre er ulike i dei to landa.

– I Noreg lever dialektane, og folk er vande med å høyre og dekode mange variantar av norsk. I Danmark snakkar ein dansk på berre éin måte, riksdansk, det vil seie københavnsk. Situasjonen i Noreg gjer nordmenn meir tolerante overfor variasjon, noko dei kan dra nytte av når dei høyrer dansk. I tillegg er dansk lettare å skjøne for ein nordmann sidan det er lite variasjon i det danske språket – riksdansken dominerer.

Kristiansen meiner nettopp dette gjer at nordmenn i større grad forstår språkslektningane på andre sida av Skagerrak, slik undersøkinga viser.

– På den motsette sida har du danskane sitt utgangspunkt. Dei er ikkje vande med variasjon i språket og «går i svart» når dei skal prøve å forstå dei store variasjonane i norsk.

– Nordmenn veit at veit/vet er det same, men det veit ikkje danskar. Og slik er det heile/hele veien/vegen. For ikkje å snakke om korleis/åssen/hvordan det blir om me dreg inn den språklege variasjonen som lever i beste velgåande i talemålet, utan at den er ein del av noka rettskriving.

Kristiansen meiner at uvande bøyingar og måtar å danne ord på byr på særlege vanskar for danskane.

– Eksempel er former som kone–kona, kasta – har kasta, kona sine barn og så vidare. Eg er ganske trygg på at desse skilnadene skaper større problem enn meiningsskilnader i ord som rar og grine.

Hindringane er altså der. Men tilbake til det vi lurte på: Kan SKAM gjere oss i stand til å forstå naboen betre?

– Vi må gå ut ifrå at den store interessa som unge danskar viser for SKAM, også bidreg til at dei skjøner norsk betre, men eg kjenner ikkje til undersøkingar som gir grunnlag for å seie noko om det, seier Kristiansen.

Me kan altså ikkje vite noko sikkert, men det er grunnar til å tru at det er slik. Samstundes peikar Kristiansen på andre faktorar som gjer at vi kan sjå meir optimistisk på framtida til den nordiske språkfellesskapen:

– Kontakt er det som gjer oss i stand til å forstå kvarandre. Eg er ikkje i tvil om at det har vorte meir av det i Skandinavia dei siste åra, i form av turisme, utdanningsopphald og ikkje minst arbeidsinnvandring. Det er gjort undersøkingar som viser at nordmenn, svenskar og danskar snakkar sitt eige språk, og ikkje engelsk, når dei har såkalla oppgåveorienterte møte med kvarandre. Slik har det alltid vore, og når desse møta blir fleire og fleire, vil også nabospråkforståinga i Skandinavia bli betre og betre,  trur Kristiansen.

Serr

Tilbake på Skovgårdsskolen har dei danske elevane vorte varme i trøya. Etter ein halvtime har dei ikkje lenger vanskar med journalistens kvasidansk med vestlandsk klangbotn, og spørsmåla i mi retning er mange. Har du ein oljebrunn i hagen? Har du sett ein elg? Kjenner du Sissel Kyrkjebø? Har du smakt fårikål? Eg må skuffe på tre av fire spørsmål.

– Vi merkar at ungdommane blir overraska over kor mykje dei har til felles med ungdommane i SKAM. At livet kan vere så likt i Oslo og i København. Når dei har fått augo opp for dette hopehavet, har vi eit ansvar for å ta vare på det og vedlikehalde det, seier lærar Sørensen.

– Vi er tett på kvarandre, og på eitt eller anna tidspunkt kjem vi jo til å møte ein nordmann. Og så er det jo sjovt å kunne norsk, seier elev Sofia Krarup.

Men kva slags norsk er det Sofia siktar til? Det kan synest som det er den såkalla hypermoderne norsken som har sett seg hjå danske teenagers.

– Hadde det ikkje vore for SKAM, hadde eg ikkje forstått noko norsk. No skriv eg serr og helsar med halla. Og ein gut kan eg kalle for dritsekk eller føkkboy, «griner» Sofia.

Kan hende er skuleelevane i Charlottenlund likare norsk ungdommar enn dei først trudde?

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:03.03.2017 | Oppdatert:27.01.2021