Blurb

Om du ikkje veit kva ein blurb er, så har du nok lese ein likevel. På norsk kallar vi det ofte vaskesetel, men setelen fortel fint lite om korleis klede skal vaskast.

AV JOHN ERIK BØE LINDGREN

Den aller første blurben i verda | Foto: Library of Congress

Ordet blurb kjem frå engelsk, og i engelsk-norsk ordbok blir det forklart med ‘reklametekst’ eller ‘baksidetekst på bokomslag’. Ordet kan sporast attende til byrjinga av 1900-talet, da ordet blei brukt som ein hånleg omtale av overdrive forlagsskryt på bokomslag. Ordet er altså konstruert og har ein viss lydmålande kvalitet.

Sjølve teksten står vanlegvis på baksida av boka og kan vere omtalen frå forlaget eller forfattaren, eller det kan bli trykt utdrag frå positive bokmeldingar. Det er altså ikkje snakk om ei kritisk framstilling, men ein tekst som skal gi potensielle lesarar eit puff til å kjøpe boka.

På norsk er ordet vaskesetel hyppig brukt, truleg fordi ein slik tekst fungerer som ein følgesetel eller ei rettleiing. Mange koplar nok ordet med vasketilvisinga på klede, men opphavleg var vaskesetel lista over plagg som blei sende til vaskeriet. Det meir sjølvforklarande ordet baksidetekst er også i bruk.

Forlaga opererer av og til med eit skilje mellom blurb og vaskesetel, der det førstnemnde gjeld sitat og det sistnemnde omtalen til forlaget.

I tråd med mottoet «Norsk når du kan, engelsk når du må» tilrår vi vaskesetel eller baksidetekst.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter