Språknytt 40 år (1973–2013)

Temanummer var det nye på 90-talet. Både Ivar Aasen, språkteknologi, bokmål og engelsk i norsk fekk særskild merksemd i eigne hefte. Elles handla det om store saker som stadnamn, talemål og språkmangfald og om mindre saker som dansk bolle-å, menyspråk og sje-/kje-lydane.

Språknytt 4/98

Språknytt innleidde 90-talet med ein haldningskampanje mot overdrive bruk av engelsk i norsk i spesialnummeret «Aksjonen for språklig miljøvern» og avslutta det med artiklar om språkleg toleranse, lærebokspråk, pressespråk, namnemotar og kjønn, språk og ideologi.

I tida imellom kunne ein lese om alt frå mållov, ordtilfang, bibelomsetjing og nyord i vid forstand til mislikte ord, namn på tær, talkshow og pins i snevrare forstand. I tillegg blei det mellom mykje anna retta sporadiske blikk mot fransk, tysk, nederlandsk, frisisk, rumensk og færøysk.

Upopulære ord

Det vekte misnøye blant lesarane at enkelte konvoluttar blei trykte med ord som «Ved ubesørgelighet», så Språknytt tok opp saka: «Postdirektoratet […] er overrasket over reaksjonene som Språkrådet har fått. Likevel vil det fjerne det omstridte ordet […]. Det er vi i Språkrådet godt fornøyd med.»

Språkrådet fekk òg høyre det då det lét folk bøye nålene sine pinspinsenpins(ar)pinsane. I Språknytt kom det så ei påminning frå ein lesar: «Det vi da har glemt, er at ekte sportsfolk bruker både nikkers og longs, og kanskje caps. I mildvær venter de på et godt smøretips, og kulekjørerne trikser i bakken.»

Gufs frå fortida

Også såkalla krigsord blei omtalte i 90-åra, i artikkelen «Villagris og krisekrem i okkupasjonstida». Der dreidde det seg om administrative ord som borgarvakt og bauleitung, ideologiske ord som einsretting og livsrom, naziord som quisling og frontkjempar, jøssingord som grenselos og sabotasje, kvardagsord som matauk og kålrabibiff og fangeleirord som orge og haft.


Nyord frå 90-talet

eggdonasjon| fasttelefon | høgdehus | innvandrarrekneskap | klikkefinger | klimaflyktning | matsminke | nettavis | valdagsmåling | zapping

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter