Pedipedipedi

«Pedipedipedi» er eit konstruert ord som kunne ha tydd ’barnefotlære’. Vi har laga det for å vise at det er fleire pedar i omløp blant ortopedar, pedagogar og pedikyristar.

AV ERLEND LØNNUM

Det er nærliggjande å tru at ortopedi har med føter og barn å gjere, sidan ortopedar rettar opp mellom anna skeive barneføter. Men den forklaringa haltar, for ordrett tyder ortopedi ’rett opplæring’.

Ikkje akkurat barnelærdom

Ifølgje ordbøkene er ortopedien ei «grein av lækjevitskapen som behandlar lyte og mislagingar i bein og ledd», altså i heile kroppen på både barn og vaksne. Etterleddet -pedi stammar frå gresk paideia, som tyder ’opplæring’, jamfør logopedi ’taleopplæring’. Ordet er avleidd av pais, som er det greske ordet for barn (og gut). Pais finn vi igjen i ord som pediater (iatros ’lege’), pedagog (agogos ’førar’) og pederast (erastes ’elskar’).

Forleddet orto- kjem av gresk orthos, som tyder ’riktig, rett’, slik vi kjenner det frå ortofoni ’lydrett’ (attgjeving av orda i skriftspråket) og ortografi ’rettskriving’. Ortopedi har altså med riktig opplæring å gjere. Sjølv om både barn og føter kjem inn i bildet i (ortopedens) praksis, utgjer dei ikkje nokon del av ordet. Barn ligg riktig nok til grunn etymologisk.

Tydelege fotspor

Føter finn vi derimot i ord som pedal, moped (svensk kortform av motorvelociped) og pedikyr (cura ’pleie’). Ped- er ei form av det latinske ordet pes ’fot’. Ein avart finn vi i den italienske regionen Piemonte, som på italiensk tyder ’fjellfoten’ (piede ’fot’, monte ’fjell’), og som ligg nettopp ved foten av Alpane.

Det er med andre ord lett å trå feil når vi skal følgje ordas gang.

 

-- Erlend Lønnum er rådgjevar i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:25.09.2013 | Oppdatert:25.02.2021