Kort


Unge språkforskarar fekk Nysgjerrigpers språkpris

Nysgjerrigpers språkpris gjekk i år til 5. klasse på Hedemarken friskole, ein framifrå gjeng språkforskarar som har granska dialektendringar i Løten-dialekta.

5. klasse på Hedmarken friskole 5. klasse på Hedmarken friskole

Løten-dialekta har eit særleg kjenneteikn som gjer at ho skil seg frå ein del av dei andre Hedmarks-dialektane: monoftongering i ord der fleire dialektar ikkje har det. Det er bruken av monoftongering i Løten-dialekta elevane har konsentrert forskinga si om. For eksempel heiter det i Løten-dialekta «røskatt» og «mør» for «røyskatt» og «maur».

Dei unge forskarane arbeidde ut frå ein hypotese om at ikkje alle Løten-innbyggjarane bruker monoftongering like mykje. For å finne ut om det stemte, undersøkte dei talemålet til unge og gamle som bur i Løten. Blant funna ser vi at yngre Løten-buarar ikkje bruker monoftongering like mykje som dei eldre, og at gutar bruker meir monoftongering enn jenter.

Årets Nysgjerrigper er ein forskingskonkurranse for barn, arrangert av Noregs Forskingsråd. Nysgjerrigpers språkpris er ein spesialpris i konkurransen og blir delt ut av Språkrådet.


Islandsk på nett

ISLEX er ei gratis nettordbok frå moderne islandsk til dansk, norsk (bokmål og nynorsk) og svensk. Ordboka har rundt 50 000 oppslagsord.

Ein kan søkje på eit av språka og få opp det islandske ordet med bøying og uttale frå ei lydfil. Ein får til dømes treff om ein søkjer frå norsk på ord som redningsvest og hjelm. Omvendt kan ein søkje på islandske ord. Visse ord er heilt like i norsk og islandsk, til dømes foss og fugl. Det er illustrasjonar til mange av orda.

Islex er eit samarbeidsprosjekt mellom nordiske institusjonar. Den norske delen av ISLEX vart opna i mai 2013. Færøysk skal inn i ordboka saman med dei skandinaviske språka, og det er arbeid i gang med islandsk-finsk. Du finn ordboka her: islex.no.


Språkdagen 2013: ord og ordtilfang

Språkrådet inviterer til den årlege språkkonferansen Språkdagen 12. november i Oslo Konserthus. Det er fagrådet for normering og språkobservasjon som er ansvarleg for programmet.

Sider ved ordtilfanget er emne for dagen: Kor mange ord kan vi, og kor mykje må ein lære for å klare seg i livet? Går det like bra om ein snakkar fleire språk? Den framståande danske språkvitaren, språkpolitikaren og språkmannen Jørn Lund er hovudtalar.

Ord kan fornærme, og dei kan såre. Språkrådet gjer hausten 2013 ei undersøking av kva oppfatningar folk har av ord som kan verke støytande i ulike samanhengar. Resultata skal leggjast fram på Språkdagen. Du vil òg få høyre om nye ord i norsk og om kvifor småord blir dei største i ordbøker.

Dagen blir avslutta med utdeling av Språkprisen 2013. Sjå nettsidene til Språkrådet for nærare omtale og påmelding.


Kart over Finnmark

Kvensk ordbok på nett

For første gang kan du søke i en kvensk ordbok på nett. Den digitale ordboken er forsynt med et grammatisk analyseprogram og vil være et viktig bidrag i revitaliseringen av kvensk språk.

Nettordboken er et språkteknologiprosjekt i regi av Kainun institutti – Kvensk institutt, UiT – Norges arktiske universitet og Halti kvenkultursenter. Et kvensk språkting underlagt Kainun institutti – Kvensk institutt arbeider med standardiseringen av kvensk, basert på Eira Söderholms kvenske grammatikk. Grammatikken skal utgis i bokform i løpet av året.

På den nordiske leksikografikonferansen i Oslo i august i år fremførte professor Leena Niiranen fra UiT – Norges arktiske universitet plakatpresentasjonen «Kvensk ordbok på nett – hvem har nytte av den?»

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:25.09.2013 | Oppdatert:28.05.2021