Kjære lesar!

Mange av orda våre handlar om oss menneske. Ikkje rart det, for dei fleste av oss bruker nok meir tid og krefter på å snakke og skrive om menneske enn om andre tema.

Direktør i Språkrådet Arnfinn Muruvik VonenMange av orda våre handlar om oss menneske. Ikkje rart det, for dei fleste av oss bruker nok meir tid og krefter på å snakke og skrive om menneske enn om andre tema. Slektskapstermar som bror og syster er døme på ord vi då kan kome til å trenge. Somme ord blir jamleg brukte til å seie noko nedsetjande om menneske, som tosk og blære. Då må vi vere førebudde på at dei vi bruker orda til eller om, blir krenkte og kanskje sinte.

Men så er det ei heil rekkje ord om menneske der språkbrukarane ikkje er samde om orda er nedsetjande eller ikkje. Dette kan vere eit utslag av at språket endrar seg etter kvart som samfunnet endrar seg. Enno finst det somme som bruker ordet døvstum om folk som høyrer dårleg og bruker teiknspråk, utan å meine noko gale med det. Men dei aller fleste som sjølve høyrer dårleg og bruker teiknspråk, misliker ordet og føretrekkjer ordet døv. Enno finst det somme som ikkje ser på neger som noko anna enn eit skildrande, nøytralt ord, medan mange andre ser det som eit gufs frå ei tid då hudfargen vart brukt som grunnlag for politisk forskjellsbehandling. Det finst òg andre haldningar enn desse to.

Rett som det er, blir vi i Språkrådet spurde om vi ikkje kan lage ei liste over ord og uttrykk som ein bør unngå for ikkje å støyte folk. Då svarer vi at vi korkje kan eller vil gjere noko slikt. For det første er det snautt mogleg å få det til. For det andre trur vi at det kan føre til meiningspress og hykleri og til at orda lever vidare med eit tvitydig, uoffisielt «forbods»-stempel. Nei, bruk heller vanleg folkeskikk, og gjer deg kjend med korleis mottakaren opplever ordet, slik er rådet vårt. Les meir på nettsidene våre under overskrifta «Sensitive ord». På Språkdagen i november er dette eit av emna.

I dette nummeret serverer vi eit knippe artiklar om sopp, scenespråk og alskens andre tema. God lesnad!

Arnfinn Muruvik Vonen

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:25.09.2013 | Oppdatert:25.02.2021