SERP I MOLOT, STALJ I PUSJKA 

СЕРП И МОЛОТ, СТАЛЬ И ПУШКА

Det russiske ordet serp tyder ’sigd’, og molot tyder ’hammar’. Ein sigd og ein hammar lagde i kross var emblemet til kommunistane og Sovjetunionen.

Molot + suffikset -ov var etternamnet til Vjatsjeslav Molotov, ein framståande kommunistisk leiar i fleire tiår. Også serp er namnet på ein reiskap, og etternamnet Serpov finst.

Stalj tyder ’stål’, og stalj + suffikset -in var det offisielle etternamnet til diktatoren Josef Stalin. Han var georgiar og heitte Dzjugasjvili til etternamn. Nesten alle georgiske etternamn endar på -sjvili eller -dze. Båe orda tyder ’son’.

Både molot og stalj i desse to etternamna skulle nok også symbolisera makta til det sovjetiske kommunistpartiet.

Hokjønnsordet pusjka tyder ’kanon’, og pusjka + -in vart til Pusjkin. Aleksandr Pusjkin var den største russiske diktaren på 1800-talet.

Namna Stalin og Molotov har sett far etter seg i vestlege språk, for både stalinorgel og molotovcocktail er frykta våpen.

Hammer

 

-- Av Svein Nestor, cand.philol.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter