Ivar Aasen og norsk målføregransking

Mange hugsar nok at målførekunnskap var eit emne i norskfaget i vidaregåande skule. I lærebøkene finn ein oversyn over korleis norske målføre kan delast inn på språkleg grunnlag. Like eins har dialektologi vore ein av kjernedisiplinane i studiefaget nordisk språk og litteratur.

AV KJETIL AASEN

Nordstoga og BratlandDen som ynskjer å setja seg inn i norske målføre, har ein rikhaldig faglitteratur å henta lærdom frå. Det finst litteratur om tradisjonelle målføre, og det finst litteratur som tek føre seg talemålsendring og språkleg variasjon i nyare tid. Det finst lærebøker for den som ynskjer eit heilskapleg oversyn over det norske målførelandskapet, og det finst studiar som tek føre seg einskildmålføre.

Denne kunnskapen tek me for gjeven i dag, og det har me gjort lenge. Men ein stad har han kome frå. Og om me fylgjer faghistoria til norsk målføregransking bakover, endar me hjå Ivar Aasen.

Målpolitisk program med følgjer

I 1836 skreiv Ivar Aasen den målpolitiske programerklæringa «Om vort Skriftsprog». Ettersom Noreg ikkje lenger låg under Danmark politisk, burde Noreg òg lausriva seg frå Danmark språkleg og få sitt eige skriftmål, meinte Aasen, og i so fall måtte nokon skriftfesta det. Han avviste den tilsynelatande enklaste løysinga, å skriftfesta eitt målføre: 

Det er ikke min Hensigt hermed at fremhæve nogen enkelt av vore Dialekter; nei, ingen saadan bør være Hovedsprog, men dette skulde være en Sammenligning af, et Grundlag for dem Alle. Til et saadant at fuldføre, skulde der gjøres Ordsamlinger for enhver af Landets større Provindser, med grammatikalske Oplysninger og bestemte Ordforklaringer. Til at forfatte disse, skulde Mænd, som ei blot troede at kunne, men og virkelig kunde Almuesproget, opmuntres. Disse Ordsamlinger skulde indsendes til et Selskab, oprettet af sprogkyndige Mænd, som skulde anstille Sammenligninger og gjøre Udvalg, og efterat saaledes Hovedsproget var bestemt, skulde dette Selskab udarbeide en fuldstændig norske [sic] Ordbog, med tilsvarende Grammatik.

Men når eit nytt norsk skriftmål skulle lagast på grunnlag av dei norske målføra, måtte Ivar Aasen handtera det problemet han sjølv peika på: Det fanst ikkje systematisk kunnskap om norske målføre. Aasen var likevel ikkje snauare enn at han med tida gjorde alt sjølv, som han føreslo skulle gjerast av eit korps av feltarbeidarar og eit selskap av lærde menn. Det einaste som fanst på denne tida, var ein del lausrivne ordsamlingar av ymsande kvalitet. Kunnskap om grammatikk, ljodverk og ordtilfang i norske målføre måtte samlast inn, og det innsamla tilfanget måtte analyserast og systematiserast, slik at han fekk fram eit grunnlag for eit nytt, standardisert skriftmål. Ivar Aasens eigenlege ærend var ikkje å samla inn målføre, men det var likevel ingen veg utanom. 

Meir enn ein reiseglad samlar

Mange trur at Ivar Aasen reiste rundt omkring i Noreg og samla dialektord. Det er langt ifrå heile sanninga. 

I 1842 mottok Aasen for fyrste gong eit stipend frå Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim for å reisa i Noreg og samla inn målføretilfang. Ivar Aasen var nesten samanhengande på granskingsferd frå september 1842 til desember 1846. I løpet av desse fire åra dekte han store delar av Vestlandet, Sørlandet, Austlandet (særleg fjellbygdene) og Trøndelag. Dessutan fór han til Nordland i 1846. Seinare i livet heldt han fram med granskingsferder om sumrane.

Etter langferda slo han seg ned i Kristiania, og so fylgde ein intensiv arbeidsperiode fram til 1850. Det var i denne perioden han skreiv ferdig og fekk gjeve ut Det norske Folkesprogs Grammatik (1848) og Ordbog over det norske Folkesprog (1851) (sjå Bokhylla.no). Då han gav ut grammatikken og ordboka, hadde det skriftmålet som seinare skal verta kjent som landsmål og nynorsk, enno ikkje fått noka endeleg form. Aasen var enno på førebuingsstadiet.

I grammatikken har me å gjera med ein ny fagdisiplin i Noreg, nemleg målføregranskinga. I «Anden Afdeling. Om Overgangsformerne» gjer Aasen greie for systematiske formskilnader i ljodverket mellom målføre i dei same orda. Dømet Aasen vel i innleiinga til kapittelet for å syna dette, er at saum og straum i eitt målføre systematisk svarar til søm og strøm i eit anna. Han jamfører ljodverket i dei ulike målføra, og han avsluttar kapittelet med å jamføra norske målføre med andre germanske mål. I «Sjette Afdeling (Tillæg til Grammatiken). Om Sprogarternes indbyrdes Forhold» gjev Aasen ei systematisk inndeling av målføra i over- og undergrupper på tre nivå. Han hadde vist at dei norske målføra ikkje var degenererte variantar av det danske skriftmålet, men at det innbyrdes tilhøvet mellom dei var slik at variasjonen kunne avleiast av ei og same rot, nemleg gamalnorsk. Og skilnadene mellom målføra var slik at ein kunne gruppera dei.

Ivar Aasens målføreinndeling

Aasen grupperer målføra på tre nivå: «Rækker», som er inndelte i «Forgreninger», som i sin tur er inndelte i «Sprogarter». Aasens inndeling av norske målføre ser slik ut: 

Den nordenfjeldske Række

a) den nordlandske Forgrening («Denne Forgrening omfatter (som de fleste andre) adskillige Underarter eller Dialekter, men disse ere ikke tilstrækkelig undersøgte, og deres Forskjel skal heller ikke være meget betydelig.»)

b) den indre trondhjemske Forgrening: 1) Namdalsk, 2) Inderøisk eller Værdalsk, 3) Ørkedalsk [Orkdal]

c) den yttre trondhjemske Forgrening: 1) Fosensk, 2) Nordmørsk, 3) Romsdalsk

Den vestenfjeldske Række

a) den nordre bergenske Forgrening: 1) Søndmørsk, 2) Fjordefylkisk eller Fjordemaalet [Nordfjord og Sunnfjord]

b) den søndre bergenske Forgrening: 1) Sognsk, 2) Nordhordlehnsk, 3) Vossisk og Hardangersk

c) den stavangerske Forgrening: 1) Søndhordlehnsk, 2) Ryfylkisk, 3) Jædersk

Den østenfjeldske Række

a) Sprogarterne i Raabygdelaget [Agder] og Tellemarken: 1) Sætersdalsk, 2) Østre Raabygdelagets Sprogart, 3) Tellemarken («Tellemarkens Dialekt deler sig i flere Arter ...»)

b) den vestre oplandske Forgrening: 1) Hallingdalsk og Valdersk, 2) Guldbrandsdalsk

c) den østre oplandske Forgrening: 1) Hedemarkisk, 2) Østerdalsk

Om austlandsmåla elles skriv han: «De øvrige Sprogarter i det Søndelfjeldske synes i det Hele at nærme sig langt mere til det moderne Talesprog, der bruges i Byerne og kan betragtes som et Mellemled imellem det egentlige Folkesprog og Skriftsproget.»

Ivar Aasen var pioneren

Aasen var ikkje fyrst og fremst målføregranskar. Målføregranskinga var ein naudsynt del av førebuinga til hovudprosjektet hans, skriftfestinga av det norske målet. Når det nye, norske skriftmålet var lansert, skreiv han dikt og skodespel på det for å syna at det var dugande som litteraturmål. Men han var heller ikkje fyrst og fremst diktar. 

Aasens inndeling av målføra, særleg på «Række»-nivå, har ikkje vorte ståande ved lag i ettertid. Men Aasen var den fyrste som gjorde noko slikt. Seinare på 1800-talet skulle særleg Hans Ross og Amund B. Larsen arbeida vidare med å kartleggja dei norske målføra. Aasen er slett ikkje den fremste målføregranskaren me har hatt i Noreg, men han var pioneren som gav andre eit grunnlag å byggja vidare på.

 

-- Kjetil Aasen er rådgjevar i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:27.05.2013 | Oppdatert:25.02.2021