Ivar Aasen – ein politisk diktar?

Landsmålet måtte synast fram i skjønnlitteraturen for å vise at det dugde, meinte Ivar Aasen. Og dikta til Aasen var meir enn underhaldning – dei skulle både byggje nasjonen og lyfte bonden. På sett og vis kan ein seie at nynorskens far var ein politisk diktar.

AV ASTRID MARIE GROV

Aasen etterlét seg noko over hundre dikt – eller visor,for dikt skulle syngjast, meinte han. Den skjønnlitterære forfattarskapen er med andre ord ikkje stor, men Aasen har likevel eit ettermæle som ein svært respektert diktar, og fleire av dikta hans er ein del av den levande kulturarven. Men kva tema var det som opptok han som forfattar? Kva var det Aasen ville formidle i dikta sine?

Forlenging av landsmålsprosjektet

For å konkludere fyrst: På mange måtar er innhaldet i skjønnlitteraturen til Ivar Aasen ei forlenging av landsmålsprosjektet, slik han la det fram i dagbøker og offentlege publikasjonar. Berebjelken i livsverket til Aasen var å lyfte statusen til allmenta, og diktinga var eit bidrag til det. Han kan såleis kallast ein politisk diktar. Vigdis Ystad skildra det slik i Språknytt 1/1996: «Siktemålet for Aasen var å skrive folkeleg nyttepoesi som kunne verke frigjerande og sanningsskapande.» «Nordmannen» frå diktsamlinga Symra er eit illustrerande døme på det:

Millom Bakkar og Berg ut med Havet
heve Nordmannen fenget sin Heim,
der han sjølv heve Tufterna gravet
og sett sjølv sine Hus uppaa deim.

Han saag ut paa dei steinutte Strender;
det var ingen, som der hadde bygt.
«Lat oss rydja og byggja oss Grender,
og so eiga me Rudningen trygt.»

Han saag ut paa det baarutte Havet;
der var ruskutt aa leggja ut paa;
men der leikade Fisk ned i Kavet,
og den Leiken den vilde han sjaa.

Fram paa Vetteren stundom han tenkte:
Giv eg var i eit varmare Land!
Men naar Vaarsol i Bakkarne blenkte,
fekk han Hug til si heimlege Strand.

Og naar Liderna grønka som Hagar,
naar det laver av Blomar paa Straa,
og naar Næter er ljosa som Dagar,
kann han ingenstad vænare sjaa.

Diktet er utvilsamt eit bidrag til nasjonsbygginga, men har samtidig ein sterk sosial bodskap. Gudleiv Bø sa i eit føredrag om Aasen: «[…] i den verden der «Nordmannen» lever, hører vi bare om én samfunnsklasse; her er det ingen prest og fut, ingen konge, ingen over- og underordning; overklassen synes i hvert fall ikke, den gjør ikke noe av seg, den må være uvesentlig. Det er det egalitære Norge Aasen hyller.»

Normanden

Ein enkel diktar?

Endå om Aasen sjølv etter kvart vart bymann både geografisk og materielt, var han trufast mot oppveksten sin i diktinga – både i innhald og form. Dikta kan skildrast som nøkterne og enkle, men slett ikkje i negativ forstand. Mykje av føremålet med diktinga var jo å syne fram landsmålet i skjønnlitteraturen, og då måtte ideala frå det folkelege språket òg bli med over i poesien. Språket og kanskje særleg ordstillinga Aasen brukte i dikta, er såleis svært munnleg, akkurat slik han meinte landsmålet skulle vere. Gudleiv Bø skildrar det slik: «Setningene til Aasen har vanlig og endefram norsk ordstilling hele veien, og setningene er gjerne korte, oftest hovedsetninger. De har nesten alltid samme ordfølge som talemålet. Aasen oppnår å skape vakker poesi gjennom en muntlig stil – en stil som ligger svært langt fra dansk skriftspråkstradisjon på 1850-tallet.»

Nasjonsbyggjaren Aasen

Som nasjonsbyggjar var Aasen både typisk og utypisk for si samtid. På midten av 1800-talet skulle den norske identiteten skapast – og det går som ein raud tråd gjennom forfattarskapen. Men ulikt ein del andre trekkjer ikkje Aasen liner til storstilte historiske hendingar frå den gongen Noreg var ei stormakt, og han brukar ikkje likningar frå naturen for å finne fram til «den norske folkesjela». Derimot snakkar han både til og for folket (den gongen bøndene), anten som ein kveik eller som forsvar for livssituasjonen deira. Eit døme er «Uvitingskap» frå Symra:

Ein Etar med Svipa si smeller
og kjøyrer um Land og um Strand;
paa Bønderne jamnan han skjeller,
at inkje dei dyrka sitt Land.

Jau, fekk han ein Gard til si Føda
og inkje til Løn, som du veit,
eg tenkjer, han bøygdest av Møda,
han vardt ikkje vidare feit.

Aasens engasjement for vilkåra til bøndene passa som hand i hanske med den rådande nasjonsbygginga, og det bidrog til at landsmålsprosjektet vart ein realitet. Nasjonsbygginga innebar med andre ord ei styrking av statusen til bonden, men haldninga til det «ekte norske» kunne ofte vere dobbeltmoralsk, meinte Aasen, som her i «Fals og Fusk» frå Symra:

Um Landsens gamle Sed og Viis
dei tala tidt med myken Priis,
men naar det kjemer nærre,
naar sjølv dei gamall Sed faa sjaa,
so kvekka dei og røma fraa,
som ingen Ting var verre.

Stemningsskaparen Aasen

Sjølv om dikta til Ivar Aasen kan innehalde stemningsfulle bilete, dikta han aldri «for moro skuld». Det ligg alltid noko meir bak, anten det er nasjonsbygging, livsvisdom eller begge delar. Ein av dei viktigaste bodskapane Aasen hadde til folket, var at ein skulle sjå det gode i det ein har, sjølv om det ikkje alltid er så lett. Eit døme på noko han veit kan verke tyngjande, som han omtalar i fleire av dikta sine, er det norske klimaet. I «Midsumarkveld» kombinerer han tematikken med stemningsfulle bilete:

Det vert ikkje lenge so lystugt som no:
ljoset vil dimmast og dovna,
det grøne vil graana, og ingen Ting vil gro,
livet i Markom vil sovna.
Lat oss no då vel nøyta paa
og taka Goddagarne, medan me deim faa!

Personlege Aasen

Aasen held seg som regel «på avstand» frå det han skildrar, i dagbøkene så vel som i diktinga. Gudleiv Bø nemner til dømes at han nesten ikkje brukar pronomenet eg i dikta sine. Berre svært sjeldan byr Aasen på personlege tankar og kjensler. Eit sjeldan døme finn me i diktet «Saknad». Der avslører han at det var tungt å ofre kjærleiken for den store livsoppgåva (Aasen vart aldri gift):

Eg veit so vel, det finst ein Barm
med same Kjensla inne,
med same Hug og same Harm
og same Von og Minne.
Og fann eg den, vardt allting rett,
og Livet skulde skrida lett.
Men det er verst aa minnast:
me skulo aldri finnast.

 

-- Astrid Marie Grov er rådgjevar i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter