Kveite og kveite kan også heita kveite og hvete

Fiskenemninga ei kveite er den same på bokmål og nynorsk. Den norrøne forma må ha vori hveitiKveite er avleidd av det norrøne adjektivet hvítr, for kveitekjøtet er jo kvitt.

Kveite heiter halibut, flunder og fluke på engelsk og Heilbutt og Halibutt på tysk (Butt tyder ’flyndre’). Heil- og hali- har å gjera med det som er heilagt. Det har òg vårt ord hellefisk,islandsk heilagfiski og norrønt heilagr fiskr, ’heilag fisk’.

Norrønt hadde også eit inkjekjønsord hveiti,kornslaget ’kveite’, som på moderne norsk er eit hankjønsord, ein kveite. Andre norrøne ord som hveiti-akr, hveiti-ax, hveiti-brau, hveiti-korn og hveiti-mjǫl fanst òg.

Ogsåsubstantivet hveiti er avleidd av adjektivet kvit, som på norrønt heitte hvítr, for kveitemjøl er jo kvitt. På bokmål kan både kornslaget og mjølet heite hvete. Den danske forma hvede kan ha spela ei rolle her, for svært mykje brødkorn kom til Noreg frå Danmark.

 

-- Av Svein Nestor, cand.philol.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:28.05.2013 | Oppdatert:25.02.2021