Aasens målbunad

Ivar Aasens Norsk Maalbunad blir rekna som den første norske tesaurus, ei ordbok som ikkje er organisert etter alfabetet, men etter tyding, gruppert i ein struktur av overordna og underordna omgrep.

AV LARS VIKØR

Aasen hadde Norsk Maalbunad (heretter NMB) ferdig i manuskript i 1876, tre år etter at Norsk Ordbog med dansk Forklaring kom ut. Manuset var berre førebels; Aasen vurderte å bearbeide det for trykking, men kom aldri så langt. NMB vart derfor liggande i papira hans, og først gitt ut etter Aasens etterlatne manuskript av Sigurd Kolsrud i 1925. Pionerverket og den internasjonale klassikaren på dette feltet er Peter Mark Roget sin Thesaurus of English Words and Phrases frå 1852, eit verk Aasen kjente til og brukte i arbeidet sitt.

Fire klasser

NMB omfattar knapt 40 000 ord. Den er hierarkisk oppbygd; termane for dei ulike nivåa er mine. På det høgaste nivået har vi fire klasser. Dei er delt inn i seksjonar, til saman 30. Seksjonane er gruppert i artiklar, til saman 315, og der finn vi da enkeltorda lista opp, av og til under enda finare grupperingar.

Først kjem klasse A, Frumverket, det vil seie det opphavlege skaparverket. Her finn vi seksjonane Land (topografi, landskap), Vatn, Luft (vêr), Jordfang (geologiske forhold), Vokster (planter), Dyr, Mann (menneske), Likam (anatomi) og Ande (religion og overtru), altså ni seksjonar. Så kjem klasse B, Emne, altså stoff, materie, som også omfattar kvalitetar (likskapar og skilnader), kvantitetar, former og eigenskapar, inklusiv sanseinntrykk. Klasse C, Umstøda, betyr omstendigheiter, som omfattar tid, stad, situasjon, rørsler, hendingar og tilstandar. Til slutt kjem klasse D, Mannsfora, som må bety menneskeleg åtferd, og som mellom anna omfattar vit, tanke og tru, vilje, kommunikasjon, arbeid og kunst, bygging, hus, reiskapar, eigedomar og samkvem og samfunn. Som ein ser, er dette ein ganske gjennomtenkt systematikk, med ei hovudline i retning frå det konkrete til det abstrakte og frå natur til menneske og samfunn.

NMB blir avslutta med to forholdsvis korte alfabetiske register, eitt med norske oppslag, altså på Aasens landsmålsnormal, og eitt større med danske oppslag, med tilvisingar til hovuddelen. Det var med tanke på at eit meir moderne omgrepsapparat og ordtilfang måtte ha eit utgangspunkt i dansk, som var det språket folk i Aasens samtid var utdanna på. Norsk, altså dialektane, var lite brukt utanom primærnæringane, og det prega naturleg nok ordtilfanget i dei, både dei sterke sidene og manglane. Mykje tyder på at NMB ikkje minst var sett opp med tanke på ei planlagt dansk-norsk ordbok, som eit hjelpemiddel i arbeidet med å finne (og ofte lage) gode synonym til det moderne ordtilfanget i dansk. Denne ordboka laga Aasen eit førsteutkast til, men lenger enn det kom han ikkje. Det er sett fram fleire forklaringar på at det ikkje vart noko meir av desse prosjekta, men eg vil nok halde på den enklaste: at kapasiteten og kreftene minka så mykje i syttiårsalderen at han sjølv innsåg at han ikkje makta slike svære prosjekt lenger.

Ord om land

For å vise meir konkret korleis NMB er bygd opp, gir eg her eit døme på ein artikkel, og da vel eg den aller første i verket, Land. Her kan det forvirre at Aasen kunne bruke same tittel på seksjonar og tilhøyrande artiklar. Eg nemnde over at klassa Frumverket vart innleidd av seksjonen Land, og den blir innleidd av ein artikkel som også heiter Land. Deretter kjem artiklane Landsbolk (geografiske einingar), Grunn (typar av jordsmonn o.l.), Leite (visuelle profilar i landskap), Høgder, Dypter osv. Her tar eg da berre med den aller første artikkelen: 

1. Land.

a) samfengt. – Berg. Bygd. Dal. Fastland. Fjell. Grunn. Heim. Holm. Jord. Land. Landjord. Lende. Mark. Nes. Rike. Skage. Strand. Uppland. Vidaatta. Øy. Øyland. – Verd(i).

b) serlege. – Austland. Nordland. Vestland etc. – Utland. Norig. Sverike. Danmark. Holland. Engelland.

c) etter Bunad. – Buland. Bygdarlag. Fødebygd, Fødeland. Grannbygd, -lag, -land. Grend. Grendarlag. Heimbygd, -land. Nybygd. Storbygd. Umkverv. Øydeland, -mark.

d) etter Tillægje. – Avbygd. Avdal. Bergland. Fjellbygd. Fjordbygd. Havland. Høgland. Innland. Jadar. Laagland. Midland. Sjoland, -bygd. Tverdal, -fjord. Utbygd.

e) etter Lag. – Aldeland. Baleland. Berrsnøyda. Farlende. Fiskeland. Forland. Frostland. Grasland. Grjonbygd. Høyland. Kornbygd, -land. Markland. Matland. Myrlende. Skogbygd, -land. Uland. Vaalende.

Aasen deler altså artikkelen i fem undergrupper:

a) samfengt betyr ’felles’, det er dei grunnleggande termane som også er overbegrep, ordna alfabetisk, som vi ser. Dei fleste orda er fellesskandinaviske. Ordet Heim betyr her ’verda, jorda’, som i norrønt. Han nemner òg Verd(i) særskilt til slutt.

b) serlege går ut på at det her er snakk om proprium, namn på spesielle område i motsetnad til andre. Her grupperer han ikkje alfabetisk, men etter innhaldskriterium.

c) etter Bunad: Bunad betyr i dag folkedrakt, men hadde for Aasen ei langt vidare tyding, knytt til verbet bu, som både betydde ’bu’ og ’bygge’; vi ville i dag skrive busetjing for Aasens Bunad her.

d) etter Tillægje betyr om lag ’etter plassering i landskapet’. I Norsk Ordbog (1873) står ikkje ordet Tillægje, så det har Aasen laga. (Norsk Ordbog består av ord Aasen fann i dialektane, men i NMB finst det mange ord Aasen laga for å supplere språket med nye omgrep.)

e) etter Lag: Lag er eit svært mangtydig ord, men kan her truleg tolkast som ’etter eigenskapar’, sett ifrå gardbrukarens synspunkt. Enkeltorda her gir anten opp type produkt som landet eignar seg til: Alde tyder ’frukt’, og Fiskeland, Grasland, Høyland, Kornbygd, Kornland forklarer seg sjølv. Eller han gir opp naturtype: Berrsnøyda ’skoglaus mark’, Farlende truleg ’lende som det ikkje er for vanskeleg å reise i’, Myrlende, Skogbygd, Skogland. Somme av orda har ikkje danske ekvivalentar, så Aasen må forklare dei omstendeleg i Norsk Ordbog: Baleland, til verbet bala ’streve, slite’, er «en Kyst som er vanskelig at komme til i Stormveir», Forland er «en Strand hvor det er vanskeligt at lande; en Havkyst uden Indløb eller Bugter», Matland er «et Land eller Sted med hensyn til Fødemidler: Eit godt Matland», og Uland, som er noko anna enn u-land i dag, er «et uheldigt Land for Ferdsel og Ophold; en farlig Kyst, en Strand uden Landingssteder o.s.v.».

Manglar moderne tesaurus

Slik er NMB oppbygd på detaljplanet, og det er ikkje råd å gå meir inn på det her, for det er eit kjempeverk som ikkje er særleg lett tilgjengeleg for ein moderne lesar. Dei som ønskjer å grave djupare i dette, viser eg til ein artikkel eg hadde i årsskriftet LexicoNordica 18 (2011), der eg går inn på fleire aspekt og gir fleire døme og meir utførlege forklaringar og drøftingar enn det er høve til her.

Ein dekkande tesaurus for moderne norsk, med ei god og gjennomtenkt organisering av ordmaterialet, manglar vi framleis. Det finst rett nok ein tesaurus for bokmål: Ord og begreper. Norsk tesaurus av Johan Hammond Rosbach (2001), men den har ikkje ein systematikk som kan måle seg med Aasens. Det kunne såleis vere ein god idé å ta fram att Norsk Maalbunad, ikkje for å gjenutgi eller kopiere denne boka, men for å vurdere om ein ut frå den systematiske grunnstrukturen Aasen laga, kunne bygge opp ein modernisert omgrepsstruktur som ein kunne sette det noverande ordtilfanget i bokmål, nynorsk eller begge inn i.

Jordkloden

I ordbokskapitlet om Frumverket [skaparverket] tok Ivar Aasen med Heim i tydinga 'verda, jorda'. Foto: NASA

-- Lars S. Vikør er professor i norsk språkvitskap ved Universitetet i Oslo og ein av hovudredaktørane for Norsk Ordbok 2014.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:27.05.2013 | Oppdatert:25.02.2021