Terminologitoppmøte i Noreg

Terminologar frå heile Europa samla seg 11. og 12. oktober til eit toppmøte om terminologi i Oslo. Der diskuterte dei korleis ein skal ta ansvar for terminologiarbeid og gjere folk bevisste på kor viktig dette arbeidet er.

AV OLE VÅGE OG MARIANNE AASGAARD

Slike toppmøte vert arrangerte av Den europeiske terminologiforeininga (EAFT) annakvart år. Møtet i år var det sjette i rekkja og var lagt til Noreg, sidan Jan Hoel i Språkrådet sit som president i for­eininga. Språkrådets direktør, Arnfinn Muruvik Vonen, opna møtet, som samla rundt 70 deltakarar frå meir enn 15 land til diskusjon og inspirasjon.

Ansvar og bevisstheit

Det overordna temaet for toppmøtet var ansvar og bevisstheit, og føredraga var delte inn i fleire økter der temaet vart presentert frå fleire synsvinklar. Eit av måla til EAFT er å fremje fleirspråklegheit gjennom terminologi, og blant innleggshaldarar og deltakarar var fleire mino­ritetsspråk representerte, mellom anna samisk, irsk og baskisk, i tillegg til større språk som fransk, spansk og norsk.

Terminologiarbeid er tidkrevjande, og nytta vert ikkje alltid verdsett, især i tider med økonomiske problem. Men det er også mange lyspunkt og gode føregangsdøme som kan inspirere. Deltakarane fekk høyre om prosjekt og andre aktivitetar på terminologiområdet som syner at nokon har teke ansvar for terminologien og såleis har skapt auka bevisstheit.

Hovudinnlegget vart halde av dagleg leiar av Terminologicentrum TNC i Sverige, Anna-Lena Bucher. Ho reflekterte mellom anna over kva som kan fremje terminologisk ansvar i samfunnet. Sverige har til dømes fått ei språklov der det står at det offentlege har eit særskilt ansvar for å utvikle og nytte svensk terminologi innanfor fagområda sine. Likevel tvilte ho på om dette har hatt monaleg innverknad på terminologiarbeidet i landet. Bucher tok også opp spørsmålet om til dømes nasjonale termbankar kan styrkje bevisstheita om terminologi.

Ulike perspektiv

Ansvar på ulike plan danna den faglege ramma rundt toppmøtet. Den første seksjonen tok for seg det offentlege sitt ansvar for terminologi. Her fekk deltakarane høyre om bakgrunnen for utviklinga av den nasjonale termbanken Struna i Kroatia og Standard Norges termbank SNORRE. Deltakarane fekk òg høyre om Noregs Handelshøgskoles (NHH) prosjekt Terminor, som har som formål å utvikle ein nasjonal terminologisk infrastruktur. Desse prosjekta gjenspeglar bevisstheit og ansvar på eit sektorovergripande nivå.

Institusjonane sitt ansvar for terminologi var tema for den andre seksjonen. Ulike institusjonar la fram aktuelle termprosjekt, som den finske termbanken for universitet og høgskolar i Finland (BFT) og Sametingets arbeid med å utvikle samisk terminologi. Vidare fekk deltakarane høyre korleis det danske senteret for tekstilforsking CTR ved Københavns Universitet inkluderer terminologi som ein del av forskingsaktiviteten. Det siste innlegget under seksjonen viste korleis det europeiske kjemikaliebyrået ECHA har gjort tilgjengeleg terminologien sin i ein nettbasert termbank.

Den tredje seksjonen tok for seg yrkesutøvarane sitt ansvar for terminologi. Deltakarane fekk høyre korleis terminologar i Spania har utvikla ein termbank for baskisk, og korleis ein i Romania tenkjer at terminologisk kompetanse og kunnskap kan knytast til fagfelt som finans og marknadsføring. Seksjonen vart avslutta med eit innlegg om korleis terminologisk bevisstheit er naudsynt i omsetjingsarbeid i det fleirspråklege Sveits.

Den siste seksjonen tok opp ansvaret til institusjonar innanfor høgare utdanning. Her understreka nederlendaren Jan Roukens ansvaret for å utvikle og nytte terminologi på alle europeiske språk i sektoren. Marita Kristiansen frå NHH tok mellom anna for seg korleis internasjonaliseringa av høgare utdan­ning fører til eit press mot norsk som fagspråk til fordel for engelsk. Ho synte også til forsking på språkhaldningar og undervisingsutbyte ved bruk av engelsk i høgare utdanning. Både denne og tidlegare seksjonar vart avslutta med paneldebatt med dei som heldt innlegg.

Prisutdeling

Toppmøtet vart avslutta med prisutdeling til unge forskarar i terminologi. Úna Bhreathnach frå Irland, Natalia Seghezzi frå Spania og Marie Calberg-Challot frå Frankrike vart heidra for framifrå forsking på ulike terminologifelt.

-- Ole Våge og Marianne Aasgaard er rådgjevarar i terminologitenesta i Språkrådet.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter