Das Loch og dasslokk

At orda i overskrifta liknar kvarandre, er ikkje utan grunn. Det høgtyske inkjekjønnsordet das Loch og det norske inkjekjønnsordet dasslokk tyder høvesvis ’holet’ (som er bunden form eintal) og ’lokk på ein dass’ (som er ubunden form eintal). Men eit lokk er på ein måte det motsette av eit hol, for lokket dekkjer til holet.

Opphavet til det norske substantivet ein dass er det tyske ordet das Häuschen. Det tyder opphavleg det same som ’veslehuset’, eit velkjent norsk ord for ’dass’. Overgangen frå den noko kryptiske nemninga das Häuschen, som opphavleg berre tyder ’det vesle huset’, utan å nemna noko om kva slags hus det er, kjem nok av at ein var for blyg til å gå inn på aktiviteten der. Til slutt vart das Häuschen skore ned til berre dass, som er ein norsk måte å skriva den tyske bundne artikkelen på.

Das Loch er eit hol som er grave ut av noko, og eit lokk er jo det som dekkjer til eit hol. Derfor er det ikkje utan grunn at eit slags lokk kan heita deksel.

Er likskapen mellom das Loch og dasslokk tilfeldig, eller er opphavet det same? I das Loch er das den bestemte artikkelen. Både Loch, som altså tyder ’hol’, og lokk, som tyder mesta det motsette, kjem av ei samgermansk rot *luk. Jamfør at det norrøne verbet at luka kan tyda både ’lata opp’ og ’lata att’. Å seia både «Lukk opp døra!» og «Lukk att døra!» er heilt vanleg i moderne norsk.

Det norske ordet ein dass er altså laga på ein sjeldsynt måte. Det er rett og slett ein opphavleg høgtysk bunden artikkel som har vorte til eit substantiv i norsk.

 

-- Av Svein Nestor, cand.philol. 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter